Ivar Aasen-sambandet.

framsida | stjorn | kontakt | medverskap | høgnorsk | peikarar | bokstova

Byt til tekst

Målmann byter burt stridsøks mot røktargreidor

Av
Ole Jakob Totland

Målfolk og mangslag motmenne hev framgjenom åri øydt upp mykje tid og krafter på målstrid, me kallar. Det striddest fyrstundes um skriftmålet i Noreg anten skulde hava dei norske målføri til grunnlag elder stydja seg åt det målet det danske koloniveldet lagde etter seg, seinaremeir òg um måli som desse tvæ grunnsetningane leidde fram til, skulde renna innåt kvartanna gjenom målmedviti statleg fløyting, og no sidstpå um det botnarnorske målet framleides skal tryggjast liv ved at det vert lært i skulen. Det kann vera mangt verdt å segja um kvart av desse stridsemni, og det er venteleg ikkje so vandt å gissa seg til kvar eg stend her, men eg totte det snarare kunde vera frumut å leiva denne målstriden eit tak, og sjå etter um der finst betre saker for målmenneskje å trøyta tidi med.

Me som uner å kalla oss målfolk, hev vonleg sams med motmenni våre ein meir ålmenn umsut for mål og målbruk. Det synest meg vera reint fåfengt å gjeva seg i kast med målstrid, minder ein meiner målet sjølvt er viktugt. Då kunde ein like godt berre gapa upp og lata tunga krulla seg etter eige tykkje, utan at ein hyggjer kva det vert til. Men ei sovordi medvitsløysa kring mål og mæle er det helst fåe som nøgjer seg med, med di der er eitt elder anna med målet som gjerer det verdfullt å bala med. Sume segjer det so at det er målet som serar menneski ut frå hine kvikjendi. Eg vil gjerne peika på ei onnor sida, og sidan gruppa Black Debbath alt hev kvede det so råkande, tarv ikkje eg ordleggja meg onnorleides: «Språket er tankens trompet». Målet er det tólet me menneskje hev til å skipa tankane våre med, og skal me tru honom Sokrates, er det einast gjenom målet det er råd å nå fram til sammenneskjelege sannkjenningar um livet, tilvera og alt som bid og ber. Når so målet er ei slik ageleg greida, burde det vera kunt og klårt at det lyt gjevast stor gaum og stellast med umhugsamt og med mykje medvit. Like vel er fyreseggjort målbruk sjeldsynt, jamvel millom dei som styrer med målstrid.

So, det held ikkje at folk veit kva dei meiner um målstoda og sovorde? Nei, det gjerer i grunnen ikkje det, for so snøgt nokon fær sett seg i skallen at eine målet er svært og gildt og hitt berre er fælslegt, misser dei tidom gongesyni og greider ikkje skilja godt mål frå vondt. Då er og vert alt som kann kallast nynorsk anten svært og gildt elder berre fælslegt, og all norskdansk berre fælsleg elder heilt vanleg, alt etter kva for ei sida dei held med i den store målstriden. Det er helder ikkje so at folk som likar å strida um mål, er like forvitne etter å stulla og stella med mål for di. Mange, i ser på nynorsksida, hev det med å sjå på målsak som ei underdeild av ei og onnor andre saki, og segjer som so at målsaki er uløyseleg knytt til desse hine sakene. Det som ligg i botnen for dette, mun vel vera eit ynskje um å setja målsaki i samanheng med større spursmål som ein kann henda reknar for viktugare, radt som ein vil orsaka at ein tek seg tid til å driva med denne fillesaki, elder òg at sume verkeleg er vortne målmenner for skuld synene sine på andre saker, for alt det eg veit. Saker målsaki ofte vert sett i samanheng med på den visi, er spursmål um by og bygd, bondestand mot embætsstand, arbeidarar mot utbytarar, dei folkelege mot dei snobbute, og sidst men ikkje minst allslag strid um nasjonalt sjølvstende og framandvelde verdi rundt. Eg segjer ikkje at ingi av desse spursmåli kann vera sætande i høve målstriden, men dei er alle ulempelege å draga inn når der er tala um mål og målbruk ser um lag. Det er di at målet då vert halde for ei merkjesak for éi meinings- og fyrestellingsverd med ei mesta allfemnande vidd, og det er ikkje lenger so forvitneleg korvorde mål ein fører, so lengje det ber namnet nynorsk. Det forvitnelege er helder kvaslag meiningar ein hev slege fast at målet skal syna til og mæla for. Men eit mål kann ikkje mæla for nokre serlege meiningar. Målet skal duga til å leggja fram synsmåtar av alle kynder, tilmed toskute og nautne, og då er det til stor skade for skifterikdomen i målvegen å stengja ute alle som munde tenkja litlo onnorleides. Annameir er tankerekkjor, meinings- og fyrestellingsverder makelause for kvar den som djervast til å grunda i eigne banor, fritt og ubunde, so dimed kann flest alle tenkjande menneskje koma i fåre for å verta tjora i bås med meiningar dei ikkje hev, berre for skuld målformi dei støyper tankane sine i.

Di er det altso at eg fyrebìls ynskjer å leggja målstriden lite til sides. Ein altfor sterk stridshuge er nemleg meir til stelp en til hjelp, er me ute etter eit so godt og rikt mål og målbruk som råd er her i landet. Og det er nettupp dét eg vil hava. I staden for målstrid, skulde eg, og alle andre målhuga nordmenner med, trøyta tidi med målrøkt. Me skulde taka fat i alt målbruk, både munnlegt og skriftlegt og i alle utgåvor av mål som bid grendemillom, anten dei so høyrer til den nynorske elder norskdanske skrivegjerdi, elder ikkje er knytte til nokor serskild gjerd allfares. Det munde nog verka vanskeleg, men dette her krev at me ser burt frå det sogelege baktæpet åt målstoda vår for nett dette fyremålet, og helder ser på skriftmåli som ulike måtar å freista gjeva att notidsnorsken på. Det ber kanskje til dersom me semjast um dét at det hovudsakleg er form- og ljodlæra som er fastslegi i dei skilde måli, og at ordfang og ordfelling er ope for kvar einstaka skrivar å nøyta som han tykkjer. Med det som utgangsstøde munde målfolk og motmenne saman onna på og dyrka norskt mål i ålmenn tyding.

Orsaki til at eg vil råma alt mål med målrøkti, er at det allra meste eg støyter på av lester, er ført i pennen på nokoslag norskdansk. Me kjem difor syrgjeleg stutt, um me berre bryr oss um nynorsken. Tidsskrifter, blad og bokavl, vevsidor, fjerrsjåteksting, tekst-tv-teigar og kunngjeringar på stræte og torg - det er ikkje mykje som er på nynorsk, og mindre er det som er ordlagt på ein spræk og livall måte der skrivaren hev våga nytta ut rikdomen ordskatten vår hev tilgjengeleg. Det er snålt det der, alle dei som jøyar seg yver kor fåtøkt norskt mål visstnog skal vera; det er i røyndi deira eige målbruk dei mismæter. For det er mykje rett i det dei segjer, dei lærde, at det er uråd å telja ordi i eit mål, og soso avgjera um det eine målet er rikare en hitt. Men det som gjeng, er å einast nøyta eit minstemål av ordi målet eig, og attpå til nøyta framandord so sant det lèt seg gjera. Då fær me eit målbruk som i sanningi er fåtøkt, og erso at dét er den einaste leidi folk nøyter eit mål etter, vert ogso målet sjølvt med kvart fåtøkt, alt medan rikdomen dess tryt og gløymest av. Det er langsmed den vegen me vavrar med norsken vår no, og det er den kosen eg meir en gjerne vil venda.

Kor skal me so få til dette, må tru? Jau, målrøkti lyt leggja vinn på å sveipa ei stemning um alt landet, ei stemning, elder eit huglynde um de vil, som gjerer at folket finn at det er ærefullt å føra eit rikt og vidsveimt mål. Eit mål der me hævdar ord og segjemåtar som skapande bokskrivarar og andre ordhage karar og kvende hev gjeve oss gjenom tidene - allusjonar, fyndord og slikt noko. Dessutan òg ikkje minst eit mål der alle målføreord og hoggrame segjemåtar me kjenner frå fjell til fjøra, frå utøyar, dalar og flyer, flatbygder og tjukke skogar og like til dei stille vågane og dei masne kaupstadene, sjeldspurde som tidhøyrde, kjem til heiders og fær sine rettkomne rom i det verksame ordfanget. For der lìver mykje hævt målto i den daglege drøsen rundt umkring, som ikkje finn vegen til bokstavar og prentesverta. Etter mine heimlege strender finst der til dømes mangt og mykje som er «løgje», men med det same det skal skrivast um, vert det brådt anten «rart» elder «môrosamt». Sameleides er det med ordi «gut» og «gjenta». Dei råder so å segja grunnen åleine i skrift, medan talemåli hev eit mangfald av ord som tekkjer for kynsnemningi på born, um sume vel dregst med nokre sidetydingar og konnotasjonar ein bør vera var. Attåt gut hev me med anna glunt, gorre, gosse, knikt, pjokk, pøyk, plytt, dreng, strik og svein, og attåt gjenta hev me vækja, kei, dròk, drós, fesja, fyrkja, møy, taus og tytta med mange fleire.

So hev me då dei ordi og ordelagi som gjeng mykje att når me skriv, og som mi sann skulde trenga til avløysing. Eit slikt ordelag er «av og til» som allvisst er eit umsetjingslån frå tysk «ab und zu». Dét vert nøytt til yvermål, og fær mest berre avløysing av «stundom», som tidt vert kòse når skrivaren skal freista vera liteso nynorsk av seg. Men ogso ordet «stundom» vert ofsa, tykkjer eg. Norskt mål hev då so uhorveleg mange brukføre ord og ordelag som tyder nett dette, so det skulde no vera rakleg å få skift «av og til» og «stundom» med andre samtydingar ibland. éin flokk er fulla ein mun bruka, med ordelagi «til tider», «innimillom», «frå tid til onnor» og «no og då». Dei hine ser me knapt snurten av. Men kva er gale med sumtid, takomtil, ridomtil, bìlomtil, tak um tak, tak og anna, gong og annan, ender og då, ender og gong, då og då, i ny og nedar, attimillom, bìlemillom, annarsimillom, millomåt og mange, mange dilike? Dei er då nogsame ord, dei med, og skulde brukast mykje oftare og i di rika målføringi vår.

Soleides kunde eg halde fram ord for ord, saksryfte for saksryfte, og det er dét eg meiner må vera uppgåva åt målrøkti - å gjera kjende og kveikja livsgneisten åt dei gode norske ordi og ordelagi som no for tidi ligg som i sljoe dvala, i alle fall når det gjeld skriftmåli, og det på grunn av slurv og målsleg likesæla millom skrivande folk her til lands. Alle målrørslor skulde hava sovordi målrøkt som si fremste fyreloga, på båe sidor av målstridsskilet, og alt skrivande folk skulde skyna at eit skifterikt, vidsveimt målbruk er til det beste for tekstene dei skriv og for sjølve modermålet. Då hadde me nått fram til ein smule av den stemningi, det huglyndet eg trur trengst for vokster og uppsving for det kjære målet vårt.

No det er gjenge eit tak, er eg stygt rædd eg ikkje lenger evler stiltra meg heilt undan målstriden lel, etter di eg meiner desse spursmåli um godt norskt mål sting rake inn i mergen åt målet. Det her handlar um meir en nokre småe krusingar på yta, og då er det ikkje so endetil å sjå burt frå reisverket dei norske ordi og ordelagi skal festa seg åt. Meinhøvet i dette stykkjet er at det norske ordfanget ikkje høver so vél i hop med dåmen i norskdansken. Sernorske ord og ordelag hev det med å verta som lånord i norskdansken og det vert snåpt til stilbrot når ein tvingar heimlege ord og segjemåtar inn i den tame form- og ljodlæra åt det målet. Dertil hev norskdansken eit leidt lag med å triva til norske målføreord når han skal syna at stilen ligg på ei helder låg skòra, og dét er so visst ikkje det eg er ute etter. Eg vil til eit målbruk der me nyttar ut det norske ordfanget i sin fulle og heile stordom, og dega kjem me oss ikkje nårsom at me svinebind dei heimlege ordi til lågstilen. Det norske ordfanget hev livt med sitt folk gjenom både sykn og helg, sorg og høgtid, i armod som i velstand i tusund på tusund av år, og hev difor nøgdi å bjoda på av høgstil og lågstil likso vél som ein meir måteleg utgreidingsstil. Dersom det er so at norskdansken berre hev opning for sernorske ord og ordskap når han skal merkja lågstil, er han ikkje mykje verd dragsa på. So med umsyn til slike leidende hjå norskdansken, lyt eg samvitsfullt sanna at eg meiner norskt mål best kjem til sin rett innanfyre den råma Ivaren sette upp. Men det var kanskje ikkje nokor skakande tidend?

.