Skilnad mellom versjonar av «Eigefall»
s (→Former) |
s (Attra brigde gjort av 93.50.142.95 til tidlegare utgåva brigd av TH) |
||
(3 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste) | |||
Line 5: | Line 5: | ||
Eigefall vert no mest nytta i faste ordlag, i skaldskap, ved [[sernamn]], og dessutan i [[ordsamansetjing]]. | Eigefall vert no mest nytta i faste ordlag, i skaldskap, ved [[sernamn]], og dessutan i [[ordsamansetjing]]. | ||
''Tidleg dags. Livs livande. Mannsens lukka. Husens folk. Sova til solanne. Til skogs. Hjartans takk. Ei fredar kona. Taka til fotanne. Senda husa millom'' – eller: ''husemillom''. | ''Tidleg dags. Livs livande. Mannsens lukka. Husens folk. Sova til solanne. Til skogs. Til vara. Hjartans takk. Ei fredar kona. Taka til fotanne. Senda husa millom'' – eller: ''husemillom''. | ||
== Former == | == Former == | ||
Line 34: | Line 34: | ||
Døme med (1) eigefall, (2) samansetjing, (3) umskriving med ''åt'' og (4) umskriving med setning: | Døme med (1) eigefall, (2) samansetjing, (3) umskriving med ''åt'' og (4) umskriving med setning: | ||
''han livde av venanne pengar'' — ''han livde av venepengar'' — ''han livde av pengane åt venene'' — ''han livde av pengane (som) venene åtte'' | ''han livde av venanne pengar'' — ''han livde av venepengar'' — ''han livde av pengane åt/frå venene'' — ''han livde av pengane (som) venene åtte/gav'' | ||
''no ved sumars(ens) koma'' — ''no ved sumarkoma'' — ''no ved koma åt sumaren'' — ''no som sumaren kjem'' | ''no ved sumars(ens) koma'' — ''no ved sumarkoma'' — ''no ved koma åt sumaren'' — ''no som sumaren kjem'' |
Siste versjonen frå 12. februar 2011 kl. 13:10
Eigefall (genitiv) er eit grammatiskt fall som vanleg syner tilhøyrsla millom namnelekker (namnord, lagord, varaord) i ei setning.
Bruk
Eigefall vert no mest nytta i faste ordlag, i skaldskap, ved sernamn, og dessutan i ordsamansetjing.
Tidleg dags. Livs livande. Mannsens lukka. Husens folk. Sova til solanne. Til skogs. Til vara. Hjartans takk. Ei fredar kona. Taka til fotanne. Senda husa millom – eller: husemillom.
Former
Sjå bøygjing av namnord, lagord og varaord.
Umskriving
For gamalt eigefall kjem no ofte ymse umskrivingar i staden.
Umskriving med styreord
Dei vanlegaste styreordi å skriva um med er åt og til, men ein kann nytta alle styreord etter som det høver best til å greida ut tilhøvet. Mor åt/til barnet. Helvti av maten. Seden hjå andre folk. Fuglane i fjellet.
Umskriving med hans/hennar
Denne umskrivingi vert berre nytta ved personnamn og ætteord (far, mor osb.). Sengi hans Ola. Målet hennar mor.
Umskriving med samansetjing
Samansette ord er ofte beine ættingar av eigefall: gno. vina ráð > veneråd
Umskriving med setning
Døme på eigefall og umskrivingar
Døme med (1) eigefall, (2) samansetjing, (3) umskriving med åt og (4) umskriving med setning:
han livde av venanne pengar — han livde av venepengar — han livde av pengane åt/frå venene — han livde av pengane (som) venene åtte/gav
no ved sumars(ens) koma — no ved sumarkoma — no ved koma åt sumaren — no som sumaren kjem
Kva læt best? Det kann skilja etter umstendi, det.
Uvanlege «genitivar»
Eigefallsendingi -s hev gjeve upphav til ein partikkel som vert slengd attpå namnelekker og nytta med eigefalls-verkan i norskdansk, dansk og svensk. Denne formi vert myki nytta i målføri i Telemark, men eig sers lite rom i høgnorskt normalmål. Døme: Bygdis folk.
Garpegenitiv kallar dei bruket av sin (si, sitt, sine) til å merkja tilhøyrsla. Mange hev talt frå bruket av desse formene i høgnorsk. Døme: Astrid sitt hus.