Skilnad mellom versjonar av «Diskusjon:Innføring i høgnorsk»
(→Do: new section) |
s (→Do) |
||
(4 mellomliggjande versjonar av 4 brukarar er ikkje viste) | |||
Line 48: | Line 48: | ||
# Korleids nyttar ein ordet; i kva samanhengar? Nynorskbordboka gjev ingen brukdsøme. | # Korleids nyttar ein ordet; i kva samanhengar? Nynorskbordboka gjev ingen brukdsøme. | ||
# Kva er uttala? Dò eller dó? | # Kva er uttala? Dò eller dó? | ||
[[User:CS|CS]] 11:09, 29 August 2012 (UTC) | |||
: Det stend tidt litt meir i [http://www.edd.uio.no/perl/search/search.cgi?appid=59&tabid=993 Grunnmanuskriptet] en i Nynorskordboki. Eg hev allveg trutt at adverbet vert tala ut dò, medan dó er fyrrtid av å døy. Men når du spyrr kann eg ikkje segja at eg er viss i saki. Um du vil ha bruksdøme er det fulla lettast å slå upp i Norsk ordbok 2014. | |||
--[[User:OKG|OKG]] 18:21, 30 August 2012 (UTC) | |||
:: Alle utlydande endevokalar i einstavingsord i gamalnorsk er lange. Det inneber at 'o' i 'do' må vera lang, og difor må uttalast med trong 'o' (som i (ute)do). 'då' er elles vanlegare enn 'do' i tydingi 'endå', jamvel i høgnorsk (endå Indrebø skreiv 'do'). Kann henda nokon annan kann svara på denne samanblandingi (evt. alternative ljodframvoksteren). --[[User:SAM|SAM]] 19:53, 31 August 2012 (UTC) | |||
::: 1) I utyngd form nyttar ein ordet slik det stend uppført under siste tydingi av '''daa''' hjå Aasen og tilsvarande under '''då''' i nyare ordbøker. For tyngd form stend det ingi døme i desse ordbøkene, og det er kje mange som hev nytta ordet soleis i skrift. Kann hende Jan Prahl? Det lyt då ev. nyttast som ''likevel'' eller ''endå'' (''enn dó''): «Do vil eg nytta det soleis.» «Eg vil do nytta det soleis.» I slikt bruk lyt ein tala det ut ''dó'', jf. pt. 2. Uttala ''dó'' er nedervd i målføri lengst i sudaust: Austfold og Romerike, so kann hende det finst noko tilfang å byggje på dedan. | |||
::: 2) Formi er ''dó'', men til liks med ''no'' og ''so'' kann me rekne med eit utyngt avbrigde ''dò''. Merk at denne tolkingi er synkron, og at den sogelege uppkoma av formi «då» for dette ordet kann vera ei onnor. T.d. finn me i gamalsvensk formi ''þā'' attåt ''þō'', som sume meiner er ei lengd form av ei gamal utyngd form *''þa'' < frumnord. *''þauh'' > tyngd form ''þó''. [[User:TH|TH]] 12:21, 2 September 2012 (UTC) |
Siste versjonen frå 2. september 2012 kl. 12:21
Eg er samd i det med henne og honom, men ein torde skriva at henne og honom oftare vert nytta i høgnorsk (til liks med målføri). Ein kann òg nemna at ein i høgnorsk kann nytta a-mål, men det kann me laga ein bolk til sist um. -SAM 17. juli 2007 kl. 01:52 (CEST)
- Ja, slike ting, dryftingar av bruksmåte og avbrigde, høver best sist i ei innføring. TH 17. juli 2007 kl. 12:52 (CEST)
-nn
Kvi hev ein tvo n-ar i kann medan han og den hev ein eismal n? Er ikkje detta eit symmetribrot? Eg sér at i norrøne tekster vert hannkynsordi merkte med tvo n-ar, medan hokynsordi einast hev éin. Ligg svaret her for han? CS 17. desember 2010 kl. 21:04 (CET)
- Det heiter kunna : kann : kunde (norrønt kunni) : (hev) kunne, mao. er nn ein lekk av roti, medan den siste n-en i norrønt hann er kasusending, d.e. hanr > hann (med nr > nn - jf. nom. sg. m. *grœnR > grœnn 'grøn'. Mao. like lite som me lyt skriva grønn og vænn ~ venn lyt me skriva hann SAM 18. desember 2010 kl. 09:40 (CET)
- Kva vert uttala for ord som grøn, då? Syner du åt utviklingi frå frumnordisk med yvergangane nr > nn?
- Dessutan: kvar kjem d-en i kunde frå, um upphavet ikkje er norrønt? CS 19. desember 2010 kl. 00:01 (CET)
- Uttala for grøn bør jamt vera /grø:n/, d.e. med lang vokal, avdi vokalen i norrønt var lang. Uttala /grønn/, d.e. med stutt ø, må vera dansk (kvifor stutt ø i dansk kann ein ikkje svara på, truleg analogisk). grøn fylgjer soleîs t.d. brun /bru:n/ el. /brù:n/ (norr. brúnn), ful /fu:l/ (norr. fúll) osb. Uttala av lek (norr. lekr) derimot, kann anten vera /lè:k/ el. /lèkk/, alt etter målføret, avdi vokalen (og konsonanten etter) var stutt i norrønt. No er det òg soleîs at n-en i han i mitt målføre er palatal, noko me ikkje skulde venta etter skrivemåten -n, berre etter -nn. Stavnaden hann torde vera like greid som han, men no er det heller ikkje mange (um nokre andre enn varaord?) einstava ord som ender på -nn < -nR og der rotvokalen er stutt, so det er vanskeleg å jamføra. Retting: van (norr. vanr) må vita!
- Yvergangen nr (eller rettare nR) > nn kjem fyrst i vikingtidi. Mange runeskrifter viser -nR.
- d-en i kunde er analogisk etter sende, dømde osb. SAM 19. desember 2010 kl. 01:26 (CET)
- Systemregelen for kann andsynes han og den er at dei tvo siste er «grammatiske ord» (i dette tilfellet varaord), medan kann er ei form av eit segnord, ei opi ordklassa, og -nn- syner seg i roti andre stader (so nær som der tvifeld nn vert stytt fyre anna medljod). TH 19. desember 2010 kl. 12:30 (CET)
a i utljod
I høgnorsk sér ein gjerna a-målet nytta (ei gjenta, å skjota). Samstundes sér adverbi ut til å enda på -e (gjerne, heime), mot norrøn -a (gjarna, heima). Sameleids endar hokynsordi på -e i bundne mangtalsformer, til skilnad frå aasensk tiderna og gjentorna. Adverbet detta sér òg ut til å ymsa ein del når det gjeld utljod. Kva er tankegangen her? CS 10:20, 28 February 2011 (CET)
- Ein kann godt nytte -a i medord, men det gjeld ikkje alle ordi, jf. t.d. gn. lengi. I gn. hadde au sume linne hokynsord endingi -i, t.d. gleði – denne klassa kann i dag ha jamlaga -a: gleda. I mangstava endingar vert siste sjølvljodet avveikt til -e, det er berre gjengs bruk som hev gjort det av soleis. Denne/denna/dette/detta er ei soga for seg, med ymis vokster og tydingsskilnader i målføri. TH 13:21, 28 February 2011 (CET)
- Eg er med på alt detta. Spursmålet var eigentlegt kvar kløyvingi kjem inn i bilætet - at ein nyttar -e sume stadene (ofte, gjentone) medan ein nyttar -a andre stader (ei lista, å lista). Det normerte landsmålet hadde vel nettupp ei slik kløyving? Men kvifor? Aasen hadde -a alle stadene her, tek eg ikkje i miss. CS 17:26, 28 February 2011 (CET)
- Då lyt me gisse. -a yver heile fjøli i nemneform og lint hokyn er eit einfelt og etter måten utbreidt mynster, men -a i sume medord (illa mot lenge) og sume utljod i mangtalsendingar av namnord (liderna mot kvisterne) og lagord (grøna lider mot svarte kvister) er eit meir innfløkt og etter måten lite utbreidt mynster. Der ligg fulla løysingi, attåt ei viss janking andsynes «e-måli». TH 17:59, 28 February 2011 (CET)
Nummerering
Um ein nyttar a-mål, slik som ei gruppa, korleids nummerer ein då? gruppe 3 eller gruppa 3? Um det er nemneformi eller ei onnor form som ein nyttar då. CS 18:50, 19 May 2011 (CEST)
- Det må vera gruppa 3 --SAM 19:47, 21 May 2011 (CEST)
Verdskrigane
Finst det noko som er rettast av ande verdskrigen og den andre verdskrigen? CS 15:44, 13 February 2012 (UTC)
- Dei kjende verdskrigane (verdsufredane, heimsufredane) heiter fyrste og andre verdskrigen. TH 20:32, 13 February 2012 (UTC)
Do
I Nynorskordboka finn ein ordet «do» (frå gamalnorsk þó), som skal tyda 'likavel, endå'. Eg lurar på um eg hev detta ordet i målføret mitt, men det kann lika gjerna vera samanblanding med «då». So, tvo spursmål, då:
- Korleids nyttar ein ordet; i kva samanhengar? Nynorskbordboka gjev ingen brukdsøme.
- Kva er uttala? Dò eller dó?
CS 11:09, 29 August 2012 (UTC)
- Det stend tidt litt meir i Grunnmanuskriptet en i Nynorskordboki. Eg hev allveg trutt at adverbet vert tala ut dò, medan dó er fyrrtid av å døy. Men når du spyrr kann eg ikkje segja at eg er viss i saki. Um du vil ha bruksdøme er det fulla lettast å slå upp i Norsk ordbok 2014.
--OKG 18:21, 30 August 2012 (UTC)
- Alle utlydande endevokalar i einstavingsord i gamalnorsk er lange. Det inneber at 'o' i 'do' må vera lang, og difor må uttalast med trong 'o' (som i (ute)do). 'då' er elles vanlegare enn 'do' i tydingi 'endå', jamvel i høgnorsk (endå Indrebø skreiv 'do'). Kann henda nokon annan kann svara på denne samanblandingi (evt. alternative ljodframvoksteren). --SAM 19:53, 31 August 2012 (UTC)
- 1) I utyngd form nyttar ein ordet slik det stend uppført under siste tydingi av daa hjå Aasen og tilsvarande under då i nyare ordbøker. For tyngd form stend det ingi døme i desse ordbøkene, og det er kje mange som hev nytta ordet soleis i skrift. Kann hende Jan Prahl? Det lyt då ev. nyttast som likevel eller endå (enn dó): «Do vil eg nytta det soleis.» «Eg vil do nytta det soleis.» I slikt bruk lyt ein tala det ut dó, jf. pt. 2. Uttala dó er nedervd i målføri lengst i sudaust: Austfold og Romerike, so kann hende det finst noko tilfang å byggje på dedan.
- 2) Formi er dó, men til liks med no og so kann me rekne med eit utyngt avbrigde dò. Merk at denne tolkingi er synkron, og at den sogelege uppkoma av formi «då» for dette ordet kann vera ei onnor. T.d. finn me i gamalsvensk formi þā attåt þō, som sume meiner er ei lengd form av ei gamal utyngd form *þa < frumnord. *þauh > tyngd form þó. TH 12:21, 2 September 2012 (UTC)