Skilnad mellom versjonar av «Millomnorsk»
s (→Høgning) |
|||
(6 mellomliggjande versjonar av 4 brukarar er ikkje viste) | |||
Line 19: | Line 19: | ||
== Utjamning av stavingslengd == | == Utjamning av stavingslengd == | ||
Gamalnorsk skilde millom stutte, lange og ovlange [[staving]]ar | Gamalnorsk skilde millom stutte, lange og ovlange tyngde [[staving]]ar – t.d. (''h'')''not'' {{IPA|/(h)not/}} ‘nòt’, ''nót'' {{IPA|/noːt/}} ‘nót’ og ''nátt'' el. ''nótt'' {{IPA|/noːtː/}} ‘nótt’. I millomnorsk vart desse utjamna til lange stavingar – t.d. *''nòt'' {{IPA|/noːt/}} el. {{IPA|/notː/}}, *''nót'' {{IPA|/nuːt/}} og *''nótt'' {{IPA|/nutː/}}. | ||
Sjå nøgnare under [[stavingslengdutjamning]]. | |||
== Sjølvljodverket == | == Sjølvljodverket == | ||
Line 27: | Line 29: | ||
Frå mange germanske mål kjenner me til at sjølvljodi er skifte i det dei stundom kallar ''sterke'' og ''veike'' sjølvljod. Eit veikt sjølvljod vert då uttala med veikare tungerørsla, d.e. med tunga meir midt i munnen – veik tungelega. T.d. hev engelsk ''beat'' sterkt sjølvljod, og ''bit'' veikt. | Frå mange germanske mål kjenner me til at sjølvljodi er skifte i det dei stundom kallar ''sterke'' og ''veike'' sjølvljod. Eit veikt sjølvljod vert då uttala med veikare tungerørsla, d.e. med tunga meir midt i munnen – veik tungelega. T.d. hev engelsk ''beat'' sterkt sjølvljod, og ''bit'' veikt. | ||
Same skipnaden fanst au allvissa i sein gamalnorsk, er det likt til, soleis at ''vísa'' vart uttala med sterk sjølvljodshått – [wiːsa] – og ''vita'' og ''fisk'' med veikt – [wɪta] og [fɪsk]. Denne skilnaden var berre avbrigde av same [[skilljod]]et, soleis at t.d. sjølvljod som vart stytte eller lengde på denne tidi gjekk beint frå eine håtten til hin – døme: ''gótt'' > ''gott'' ([[nynorsk|nn]]. ''godt''), ''orð'' > ''órð'' (nn. ''ord'') | Same skipnaden fanst au allvissa i sein gamalnorsk, er det likt til, soleis at ''vísa'' vart uttala med sterk sjølvljodshått – {{IPA|[wiːsa]}} – og ''vita'' og ''fisk'' med veikt – {{IPA|[wɪta]}} og {{IPA|[fɪsk]}}. Denne skilnaden var berre avbrigde av same [[skilljod]]et, soleis at t.d. sjølvljod som vart stytte eller lengde på denne tidi gjekk beint frå eine håtten til hin – døme: ''gótt'' > ''gott'' ([[nynorsk|nn]]. ''godt''), ''orð'' > ''órð'' (nn. ''ord'') | ||
=== Sterkning === | === Sterkning === | ||
Med utjamningi av stavingslengdene i millomnorsk fekk dei veikhåtta sjølvljodi i stutt staving ny «styrke» lagd i seg. Det førde ikkje til at dei gjekk i hop med dei sterkhåtta; denne sterkningi gjekk fyre seg i same håttlægjet, men gav t.d. lengjing: sein gn. [wɪta] > mn. [wɪːta]. Skilnaden sterk/veik vart dimed avløyst av ein ny skilnad trong/open. | Med utjamningi av stavingslengdene i millomnorsk fekk dei veikhåtta sjølvljodi i stutt staving ny «styrke» lagd i seg. Det førde ikkje til at dei gjekk i hop med dei sterkhåtta; denne sterkningi gjekk fyre seg i same håttlægjet, men gav t.d. lengjing: sein gn. {{IPA|[wɪta]}} > mn. {{IPA|[wɪːta]}}. Skilnaden sterk/veik vart dimed avløyst av ein ny skilnad trong/open. | ||
Det kom no upp [[målføre]]skilnader på grunnlag av korleis sterkningi vart handsama. I [[austnorsk]] var det alt uppkome ein skipnad med [[jamvektsmål|jamvekt]] i stuttstavingsord. Denne skipnaden bægde sterkningi i nokon mun, eller leidde 'na um i eit anna spor. Soleis gjekk gn. [wɪta] > mn. [wɪˑtaˑ] i austnorsk. I dag finn me att denne formi nærast i målføret i Nord-Gudbrandsdalen; elles i austnorsk vart denne stavingsskipnaden utmåta til t.d. [²ʋeːta] eller [²ʋɒt.tɒ]. | Det kom no upp [[målføre]]skilnader på grunnlag av korleis sterkningi vart handsama. I [[austnorsk]] var det alt uppkome ein skipnad med [[jamvektsmål|jamvekt]] i stuttstavingsord. Denne skipnaden bægde sterkningi i nokon mun, eller leidde 'na um i eit anna spor. Soleis gjekk gn. {{IPA|[wɪta]}} > mn. {{IPA|[wɪˑtaˑ]}} i austnorsk. I dag finn me att denne formi nærast i målføret i Nord-Gudbrandsdalen; elles i austnorsk vart denne stavingsskipnaden utmåta til t.d. {{IPA|[²ʋeːta]}} eller {{IPA|[²ʋɒt.tɒ]}}. | ||
Det sams underlaget for dei norske målføri i dag med umsyn til sjølvljodverket finn me soleis i denne tidi, og me kann skriva den underliggjande formi av dømet ovan som //vɪˑta//, der //ˑ// stend for sterkningi som ovra seg ulikt. | Det sams underlaget for dei norske målføri i dag med umsyn til sjølvljodverket finn me soleis i denne tidi, og me kann skriva den underliggjande formi av dømet ovan som {{IPA|//vɪˑta//}}, der {{IPA|//ˑ//}} stend for sterkningi som ovra seg ulikt. | ||
=== Høgning === | === Høgning === | ||
Line 41: | Line 43: | ||
Alt i klassisk gamalnorsk tid reknar ein med at det lange sjølvljodet ''á'' var runda og høgt (trongare vorte), nær ''å'' i dag. I millomnorsk set dette i gang ei høgningsbylgja av dei lange bakre sjølvljodi, soleis at: | Alt i klassisk gamalnorsk tid reknar ein med at det lange sjølvljodet ''á'' var runda og høgt (trongare vorte), nær ''å'' i dag. I millomnorsk set dette i gang ei høgningsbylgja av dei lange bakre sjølvljodi, soleis at: | ||
: ''á'' [aː] > [ɒː] > [ɔː] eller [au] | : ''á'' {{IPA|[aː]}} > {{IPA|[ɒː]}} > {{IPA|[ɔː]}} eller {{IPA|[au]}} | ||
: ''ó'' [oː] > [ | : ''ó'' {{IPA|[oː]}} > {{IPA|[u̞ː]}} (me skriv vanleg berre {{IPA|[uː]}}) | ||
: ''ú'' [uː] > [ʉː] | : ''ú'' {{IPA|[uː]}} > {{IPA|[ʉː]}} | ||
Det finst enno sume [[målføre]] som held på den gamle, «européiske» ljodhåtten av ''ó'' og ''ú''. Der ''ú'' hadde naseuttala [ũː], er ljodhåtten halden i mest all [[austnorsk]], soleis i t.d. ''brún'', ''krúna'' og ''nú'' ([[nynorsk|nn]]. ''no''). | Det finst enno sume [[målføre]] som held på den gamle, «européiske» ljodhåtten av ''ó'' og ''ú''. Der ''ú'' hadde naseuttala {{IPA|[ũː]}}, er ljodhåtten halden i mest all [[austnorsk]], soleis i t.d. ''brún'', ''krúna'' og ''nú'' ([[nynorsk|nn]]. ''no'' < [[gamalnorsk|gn]]. ''núna''). | ||
=== Naseuttala === | === Naseuttala === | ||
I gamalnorsk hadde sume sjølvljod naseuttala, t.d. ''brún'' [brũːn], ''brunn'' [brũnː]. I millomnorsk fell einstaka ''n'' (og mange stader ''m'') burt i endingar og lìtar sjølvljodet fyre, soleis at det kjem upp ei rad endingssjølvljod med naseuttala. Soleis: | I gamalnorsk hadde sume sjølvljod naseuttala, t.d. ''brún'' {{IPA|[brũːn]}}, ''brunn'' {{IPA|[brũnː]}}. I millomnorsk fell einstaka ''n'' (og mange stader ''m'') burt i endingar og lìtar sjølvljodet fyre, soleis at det kjem upp ei rad endingssjølvljod med naseuttala. Soleis: | ||
: [[gamalnorsk|gn]]. ''sólen'' > mn. /suːlẽ/ («soli») | : [[gamalnorsk|gn]]. ''sólen'' > mn. {{IPA|/suːlẽ/}} («soli») | ||
: gn. ''gentan'' > mn. /ʝɛntã/ («gjenta») | : gn. ''gentan'' > mn. {{IPA|/ʝɛntã/}} («gjenta») | ||
: gn. ''húsin'' > mn. /hʉːsĩ/ («husi») | : gn. ''húsin'' > mn. {{IPA|/hʉːsĩ/}} («husi») | ||
: gn. ''hestenom'' > mn. /hɛstẽǝ̃m/ > /hɛstẽ(m)/ («hesten», [[sidefall]]) | : gn. ''hestenom'' > mn. {{IPA|/hɛstẽǝ̃m/}} > {{IPA|/hɛstẽ(m)/}} («hesten», [[sidefall]]) | ||
: gn. ''erom'' > mn. / | : gn. ''erom'' > mn. {{IPA|/ɛˑrõ(m)/}} («me er») | ||
: gn. ''vikuna'' > mn. /vɪˑkũə/ > /vɪˑkũ/ («vìka», [[underfall]]) | : gn. ''vikuna'' > mn. {{IPA|/vɪˑkũə/}} > {{IPA|/vɪˑkũ/}} («vìka», [[underfall]]) | ||
Når ''n'' fall burt, kom mange sjølvljod innåt einannan, og dei avveikte endingssjølvljodi fall jamt burt i den stoda. | Når ''n'' fall burt, kom mange sjølvljod innåt einannan, og dei avveikte endingssjølvljodi fall jamt burt i den stoda. | ||
Målføret i Sælbu hev enno naseuttala av sjølvljod. | Målføret i Sælbu hev enno naseuttala av sjølvljod. |
Siste versjonen frå 8. februar 2023 kl. 01:07
Millomnorsk er namnet på det målstìget av norsk som ligg millom gamalnorsk og nynorsk i tid. Dette er i mykje ei yvergangstid der mange umskifte kjem upp i målet og breider seg i ulike lùter av landet. Byrjingi vert gjerne sett til kring 1370 då verknaden av mannefallet i svartedauden tér att i skriftmålet. Enden vert gjerne sett til ut på 1500-talet (1550/1600) då dei siste leivdene av den gamalnorske skriftmålstradisjonen ovrar seg.
Dei viktugaste umskifti i målet i millomnorsk er:
- utjamning av stavingslengdene: stutte, lange og ovlange stavingar vert avløyste av jamt lange stavingar
- umleggjing av sjølvljodverket: sjølvljodi klovnar i eit trongt og eit ope skilljod; lange bakre sjølvljod vert høgde
- veikjing av sjølvljod i endingar
- n i endingar gjeng upp i sjølvljodet fyre: nye nasesjølvljod
- mykje av endingsverket fell saman: person- og talbøygjing av segnord, fallbøygjing av namnord og lagord
- þ > t (eller d), ð fell mykje attåt burt
Flest alle desse umskifti hekk i hop. Til dømes drog utjamningi av stavingslengdene med seg klovningi av sjølvljodi i nye skilljod, og veikjingi av sjølvljod og n i endingane – som vel hekk i hop med tyngdeumleggjing i samband med stavingslengdutjamningi – drog med seg samanfall i endingsverket.
Utjamning av stavingslengd
Gamalnorsk skilde millom stutte, lange og ovlange tyngde stavingar – t.d. (h)not /(h)not/ ‘nòt’, nót /noːt/ ‘nót’ og nátt el. nótt /noːtː/ ‘nótt’. I millomnorsk vart desse utjamna til lange stavingar – t.d. *nòt /noːt/ el. /notː/, *nót /nuːt/ og *nótt /nutː/.
Sjå nøgnare under stavingslengdutjamning.
Sjølvljodverket
Sterk og veik hått
Frå mange germanske mål kjenner me til at sjølvljodi er skifte i det dei stundom kallar sterke og veike sjølvljod. Eit veikt sjølvljod vert då uttala med veikare tungerørsla, d.e. med tunga meir midt i munnen – veik tungelega. T.d. hev engelsk beat sterkt sjølvljod, og bit veikt.
Same skipnaden fanst au allvissa i sein gamalnorsk, er det likt til, soleis at vísa vart uttala med sterk sjølvljodshått – [wiːsa] – og vita og fisk med veikt – [wɪta] og [fɪsk]. Denne skilnaden var berre avbrigde av same skilljodet, soleis at t.d. sjølvljod som vart stytte eller lengde på denne tidi gjekk beint frå eine håtten til hin – døme: gótt > gott (nn. godt), orð > órð (nn. ord)
Sterkning
Med utjamningi av stavingslengdene i millomnorsk fekk dei veikhåtta sjølvljodi i stutt staving ny «styrke» lagd i seg. Det førde ikkje til at dei gjekk i hop med dei sterkhåtta; denne sterkningi gjekk fyre seg i same håttlægjet, men gav t.d. lengjing: sein gn. [wɪta] > mn. [wɪːta]. Skilnaden sterk/veik vart dimed avløyst av ein ny skilnad trong/open.
Det kom no upp målføreskilnader på grunnlag av korleis sterkningi vart handsama. I austnorsk var det alt uppkome ein skipnad med jamvekt i stuttstavingsord. Denne skipnaden bægde sterkningi i nokon mun, eller leidde 'na um i eit anna spor. Soleis gjekk gn. [wɪta] > mn. [wɪˑtaˑ] i austnorsk. I dag finn me att denne formi nærast i målføret i Nord-Gudbrandsdalen; elles i austnorsk vart denne stavingsskipnaden utmåta til t.d. [²ʋeːta] eller [²ʋɒt.tɒ].
Det sams underlaget for dei norske målføri i dag med umsyn til sjølvljodverket finn me soleis i denne tidi, og me kann skriva den underliggjande formi av dømet ovan som //vɪˑta//, der //ˑ// stend for sterkningi som ovra seg ulikt.
Høgning
Alt i klassisk gamalnorsk tid reknar ein med at det lange sjølvljodet á var runda og høgt (trongare vorte), nær å i dag. I millomnorsk set dette i gang ei høgningsbylgja av dei lange bakre sjølvljodi, soleis at:
- á [aː] > [ɒː] > [ɔː] eller [au]
- ó [oː] > [u̞ː] (me skriv vanleg berre [uː])
- ú [uː] > [ʉː]
Det finst enno sume målføre som held på den gamle, «européiske» ljodhåtten av ó og ú. Der ú hadde naseuttala [ũː], er ljodhåtten halden i mest all austnorsk, soleis i t.d. brún, krúna og nú (nn. no < gn. núna).
Naseuttala
I gamalnorsk hadde sume sjølvljod naseuttala, t.d. brún [brũːn], brunn [brũnː]. I millomnorsk fell einstaka n (og mange stader m) burt i endingar og lìtar sjølvljodet fyre, soleis at det kjem upp ei rad endingssjølvljod med naseuttala. Soleis:
- gn. sólen > mn. /suːlẽ/ («soli»)
- gn. gentan > mn. /ʝɛntã/ («gjenta»)
- gn. húsin > mn. /hʉːsĩ/ («husi»)
- gn. hestenom > mn. /hɛstẽǝ̃m/ > /hɛstẽ(m)/ («hesten», sidefall)
- gn. erom > mn. /ɛˑrõ(m)/ («me er»)
- gn. vikuna > mn. /vɪˑkũə/ > /vɪˑkũ/ («vìka», underfall)
Når n fall burt, kom mange sjølvljod innåt einannan, og dei avveikte endingssjølvljodi fall jamt burt i den stoda.
Målføret i Sælbu hev enno naseuttala av sjølvljod.