Skilnad mellom versjonar av «Ljodbrigde»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
(meir sidan)
 
sInkje endringssamandrag
 
(5 mellomliggjande versjonar av 3 brukarar er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
'''Ljodbrigde''' kallar ein eit sjølvljodskifte som ein gong i tidi er kome frå ein ''i'' (''j'') eller ''u'' (''v'') i stavingi etter. Me skil millom ''lint ljodbrigde'' (eller ''i-ljodbrigde'') og ''hardt ljodbrigde''.
'''Ljodbrigde''' kallar ein eit sjølvljodskifte som ein gong i tidi er kome frå ein ''i'' (''j'') eller ''u'' (''v'') i stavingi etter. Me skil millom ''lint ljodbrigde'' (eller ''i-ljodbrigde'') og ''hardt ljodbrigde''.
== Lint ljodbrigde ==
Lint ljodbrigde fær ein når ein sjølvljod gjeng yver til ein linn sjølvljod, av di ''i'' eller ''j'' hev stade i stavingi etter.
=== Yversyn på i-ljodbrigde ===
*''a'' til ''e'': val, velja; mann, menn; kald; kjelda
*''å'' — ''æ'': lås, læsa; våt, væta; få, fær
*''ó'' — ''ø'': tom, tøma; bok, bøker; stor, større
*''ò'' — ''ỳ'': loft, lyfta; sorg, syrgja; dott, dytta
*''ú'' — ''ý'': sut, syta; sur, syra; mus, myser
*''ù'' — ''ỳ'': stutt, stytta; ung, yngre; tunn, tynna
*''au'' — ''øy'': draum, drøyma; saud, søyda; dauv, døyva
*''jó'' — ''ý'': ljos, lysa; tjon, tyna; skjota, skyt
*''jú'' — ''ý'': ljuga, lyg; mjuk, mykja; sjuk, sykja
=== J-ljodbrigde ===
J-ljodbrigde ovrar seg der anten ''a'', ''o'' (''ó'', ''ǫ'') eller ''u'' stend etter ''j''. Sjølvljodi vert brigde nett som i-ljodbrigde.
*''ja'' → ''jè'': gjalda > gjelda, hjalmr > hjelm
*''jǫ'' → ''jø'': bjǫllu > bjølla, fjǫl > fjøl
I talemål:
*''jó'' → ''jø'': ljós > ljøs, snjór > snjø, sjór > sjø
*''jó'' → ''jý'': snjór > snjy, sjór > sjy
*''jú'' → ''jý'': hjúpa > (k)jypa, þjúfr (þjófr) > tjyv
Elles former som ''fljøge'' frå samanfall med hine ordi i fjorde ljodsprangrekkja, snarare en ''*fljóga''.
=== (i)ʀ-ljodbrigde ===
Nærskylt med i-ljodbrigde er (i)ʀ-ljodbrigde, som verkar heilt likt. Verknadene kann me sjå i ord som norsk ''dyr'' for svensk ''djur'' (ʀ) og den målførelege notidsformi ''kjøm'' av ''koma'' (iʀ).
== Hardt ljodbrigde ==
Hardt ljodbrigde fær ein når stomnsjølvljoden ''a'' gjeng yver til ''ò'', av di ''u'' eller ''v'' hev stade i stavingi etter. Me kallar òg dette brigdet ''u-ljodbrigde''.
Døme:
* ''barn — born (< fn. *barna — < *bornu < *barnu)
* ''gamal'' – ''gomol'' (målførelegt el. eldre mål)
I (austleg) gamalnorsk vart dette brigdet gjort um dersom sjølvljoden som sette det i gang ikkje hadde kvorve. Soleis vart ''ǫllum'' til ''allum'', medan ''ǫll'' heldt seg. Det hende ikkje i islendsk, som enno hev meir ljodbrigde en norsk (t.d. islendsk ''hjörtu'' og norsk ''hjarto'')
Frumgermanskt a-ljodbrigde (t.d. ''*holta'' < ''*hulta'') er òg hardt.
===Døme på a-ljodbrigde i norsk===
*''Roga-'' ← eigefall av ''rygir'' (''*ruga-'')
*''Sogn'' ← ''súga'' (med n-avleiding)
*''bod'' ← ''*budą''
*''kol'' ← ''*kulą''
Fyre naseljod plar u-en vera uråka av a-ljodbrigde, t.d. ''sumr'' < ''suma-''.

Siste versjonen frå 27. juni 2021 kl. 03:58

Ljodbrigde kallar ein eit sjølvljodskifte som ein gong i tidi er kome frå ein i (j) eller u (v) i stavingi etter. Me skil millom lint ljodbrigde (eller i-ljodbrigde) og hardt ljodbrigde.

Lint ljodbrigde

Lint ljodbrigde fær ein når ein sjølvljod gjeng yver til ein linn sjølvljod, av di i eller j hev stade i stavingi etter.

Yversyn på i-ljodbrigde

  • a til e: val, velja; mann, menn; kald; kjelda
  • åæ: lås, læsa; våt, væta; få, fær
  • óø: tom, tøma; bok, bøker; stor, større
  • ò: loft, lyfta; sorg, syrgja; dott, dytta
  • úý: sut, syta; sur, syra; mus, myser
  • ù: stutt, stytta; ung, yngre; tunn, tynna
  • auøy: draum, drøyma; saud, søyda; dauv, døyva
  • ý: ljos, lysa; tjon, tyna; skjota, skyt
  • ý: ljuga, lyg; mjuk, mykja; sjuk, sykja

J-ljodbrigde

J-ljodbrigde ovrar seg der anten a, o (ó, ǫ) eller u stend etter j. Sjølvljodi vert brigde nett som i-ljodbrigde.

  • ja: gjalda > gjelda, hjalmr > hjelm
  • : bjǫllu > bjølla, fjǫl > fjøl

I talemål:

  • : ljós > ljøs, snjór > snjø, sjór > sjø
  • : snjór > snjy, sjór > sjy
  • : hjúpa > (k)jypa, þjúfr (þjófr) > tjyv

Elles former som fljøge frå samanfall med hine ordi i fjorde ljodsprangrekkja, snarare en *fljóga.

(i)ʀ-ljodbrigde

Nærskylt med i-ljodbrigde er (i)ʀ-ljodbrigde, som verkar heilt likt. Verknadene kann me sjå i ord som norsk dyr for svensk djur (ʀ) og den målførelege notidsformi kjøm av koma (iʀ).

Hardt ljodbrigde

Hardt ljodbrigde fær ein når stomnsjølvljoden a gjeng yver til ò, av di u eller v hev stade i stavingi etter. Me kallar òg dette brigdet u-ljodbrigde.

Døme:

  • barn — born (< fn. *barna — < *bornu < *barnu)
  • gamalgomol (målførelegt el. eldre mål)

I (austleg) gamalnorsk vart dette brigdet gjort um dersom sjølvljoden som sette det i gang ikkje hadde kvorve. Soleis vart ǫllum til allum, medan ǫll heldt seg. Det hende ikkje i islendsk, som enno hev meir ljodbrigde en norsk (t.d. islendsk hjörtu og norsk hjarto)

Frumgermanskt a-ljodbrigde (t.d. *holta < *hulta) er òg hardt.

Døme på a-ljodbrigde i norsk

  • Roga- ← eigefall av rygir (*ruga-)
  • Sognsúga (med n-avleiding)
  • bod*budą
  • kol*kulą

Fyre naseljod plar u-en vera uråka av a-ljodbrigde, t.d. sumr < suma-.