Skilnad mellom versjonar av «Å Vestland, Vestland»
s (→Lekkjer) |
sInkje endringssamandrag |
||
(Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
Line 33: | Line 33: | ||
Som skin av lauv og blom frå lid og vang. | Som skin av lauv og blom frå lid og vang. | ||
Nyare sistevers | (''Nyare sistevers i staden for «Min lette båt ...»:'' | ||
Når skuggar stig mot stille sumarnatt | Når skuggar stig mot stille sumarnatt | ||
Det enn på toppom ter seg solglans att. | Det enn på toppom ter seg solglans att. | ||
Um tind seg sveiper draumslør dimt og døkt | Um tind seg sveiper draumslør dimt og døkt | ||
Når siste skimt av soli ut er sløkt. | Når siste skimt av soli ut er sløkt.) | ||
</poem> | </poem> | ||
== Sjå òg == | == Sjå òg == | ||
[[Songar og dikt]] | * [[Songar og dikt]] | ||
[[Kategori:Skaldskap]] | [[Kategori:Skaldskap]] | ||
== Lekkjer == | == Lekkjer == | ||
* [http://eiliv.no/bokstova/songboki/tonar/%C3%85%20Vestland,%20Vestland.mp3 Ljodfil med tonane] | * [http://eiliv.no/bokstova/songboki/tonar/%C3%85%20Vestland,%20Vestland.mp3 Ljodfil med tonane] |
Siste versjonen frå 18. mars 2022 kl. 20:16
Å Vestland, Vestland av Tore Ørjasæter
Å Vestland, Vestland; Når eg ser deg slik
Med fagre fjell og fjord og tronge vik,
Det stig i all sin venleik stort og vilt
Og atter møter meg så mjukt og mildt.
Og som det for mitt syn er dimt og dult,
det opnar seg eit utsyn yndefullt;
Igjenom tunge sky og skoddehav
Den tronge dal eg skimta skuggen av.
(el. den blide fjorden ser eg blånen av.)
Og gleda strøymer i meg still og stor
Med glans av bjørkelid og blåe fjord.
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
Den stille skogen og det blåe hav.
Eg kjenner ande av den kalde snjo
Som isnar underleg i barm og blod.
Men enn fell solgland over grøne flæ
I kalde skugge av den blåe bræ.
Den døkke skogen og dei bratte bryn
Seg teiknar liksom skuggar for mitt syn.
Den høge himlen mot det djupe hav
Eit tvidrag i mi sjel kann spegla av.
Min lette båt ein solblank kveld eg ror;
Sjå, fjell og himil sym på stille fjord,
Og djupe dalen med sitt grøne fang
Som skin av lauv og blom frå lid og vang.
(Nyare sistevers i staden for «Min lette båt ...»:
Når skuggar stig mot stille sumarnatt
Det enn på toppom ter seg solglans att.
Um tind seg sveiper draumslør dimt og døkt
Når siste skimt av soli ut er sløkt.)