Skilnad mellom versjonar av «Varaord»
sInkje endringssamandrag |
|||
(Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
Line 6: | Line 6: | ||
{| class="wikitable" | {| class="wikitable" | ||
! | ! eintal||[[nemnefall]]||[[underfall]]||[[sidefall]]||[[eigefall]] | ||
|- | |- | ||
! 1.pers. | ! 1.pers. | ||
Line 34: | Line 34: | ||
| colspan="1" style="background: #FFFFCC;" | dess | | colspan="1" style="background: #FFFFCC;" | dess | ||
|- | |- | ||
! | ! mangtal | ||
|- | |- | ||
! 1.pers. | ! 1.pers. | ||
Line 119: | Line 119: | ||
'''okkar''': Sideform av '''vår'''. Vanlegast i tala i den synste lùten av landet. | '''okkar''': Sideform av '''vår'''. Vanlegast i tala i den synste lùten av landet. | ||
'''dykkor''' – '''dykkart''' – '''dykre''': Desse formene er aldri nytta i skrift, men er | '''dykkor''' – '''dykkart''' – '''dykre''': Desse formene er aldri nytta i skrift, men er uttala i formene ''døkkor'', ''døkkort'' og ''døkkre'' i Nord-Gudbrandsdalen. Ei vanleg målføreform av hannkyn er ''dykkan'' frå [[gamalnorsk]] ''*þykkarn''. | ||
==Peikande varaord== | ==Peikande varaord== | ||
Line 148: | Line 148: | ||
|} | |} | ||
=== | ===Attvisande eigande varaord=== | ||
{| class="wikitable" | {| class="wikitable" |
Siste versjonen frå 9. november 2023 kl. 23:29
Varaord eller pronomen er ei klassa av ord som stend til vara for namnord eller nemningslekker, anten ved at dei stend i staden for deim (annarleis sagt: at nemningslekken er burtfallen) eller ved at dei stend attmed deim og gjer tilhøvet deira i setningi grannare på eikor visi.
Varaord kann au femna det som heiter determinativ i sume mållæror. Den tolkingi er til grunn lagd for yversyni nedan.
Personlege varaord
eintal | nemnefall | underfall | sidefall | eigefall |
---|---|---|---|---|
1.pers. | eg | meg | mér | min |
2.pers. | du | deg | dér | din |
3.pers. | han | han/honom (han, ‘n) | honom (‘om, ‘nom) | hans |
ho | hana/henne (ho, ‘na) | henne (‘ne) | hennar | |
det (d’) | di | dess | ||
mangtal | ||||
1.pers. | me | oss | vår | |
2.pers. | de | dykk | dykkar | |
3.pers. | dei | deim | deira | |
Avstytte/utyngde former i klomber; mest nytta munnleg, i attgjeving av tala og i skaldskap. |
hana/henne: Mange målføre skil millom underfall og sidefall (eller direkte og indirekte objekt) i 3. person eintal av varaordi, um dei so ikkje hev eigne sidefallsformer elles. Aasen sette upp hana i den fullkomne bøygjingi av varaordi i Norsk Grammatik, men den einfelde bøygjingi med lik form i under- og sidefall (som han sette upp som «bekvemmest») hev vore mest nytta, soleis at hana vik for henne.
han/honom: Det gjeld same tilhøvet millom han og honom i hannkyn som hana og henne i hokyn, men med di han er nemnefallsformi au, hev denne formi stade mykje sterkare i høve til honom som underfallsform i bruk en det tilsvarande paret i hokyn.
det: Aasen og andre nytta òg den «vestnorske» formi da(t), men den «austnorske» formi det vart snart rådande.
di – dess: Desse formene er mest nytta i faste ordlag: med di, til dess.
mér – dér: Desse sidefallsformene er lite nytta anna en i målføredæmt mål. Vanleg underfall i staden: meg, deg.
min – din – vår: Desse eigefallsformene er lite nytta anna en i målføredæmt mål. I staden vert det nytta bøygde eigande varaord (min, mi, mitt osb.) eller underfallsform: vanleg til meg ~ sjeldan til min.
me: Attåt me er òg vi nytta. Alderdomleg er òg mid (mìd) og did (dìd) for me og de.
Spyrjande varaord
- Sjå au: Spyrjeord
Dei spyrjande varaordi er nytta i høve der uvissa er for stor til å nytta noko anna varaord, soleis spyrjande. Kven og kva er spyrjande varaord.
Eigande varaord
Eigande (possessive) varaord er varaordi som merkjer tilhøve eller eigarskap.
eintal | hannkyn | hokyn | inkjekyn | mangtal |
---|---|---|---|---|
1.pers. | min | mi | mitt | mine |
2.pers. | din | di | ditt | dine |
3.pers. | hans | |||
hennar | ||||
dess | ||||
mangtal | ||||
1.pers. | vår | vårt | våre | |
okkar | ||||
2.pers. | dykkar | (dykkor) | (dykkart) | (dykre) |
3.pers. | deira |
okkar: Sideform av vår. Vanlegast i tala i den synste lùten av landet.
dykkor – dykkart – dykre: Desse formene er aldri nytta i skrift, men er uttala i formene døkkor, døkkort og døkkre i Nord-Gudbrandsdalen. Ei vanleg målføreform av hannkyn er dykkan frå gamalnorsk *þykkarn.
Peikande varaord
Peikande (demonstrative) varaord, eller peikeord, er varaord som peikar ut noko frå ei mengd – t.d. den maten var god.
hannkyn | hokyn | inkjekyn | mangtal |
---|---|---|---|
den | det | dei | |
denne | detta | desse |
Attvisande varaord
Dei attvisande (refleksive) varaordi er varaord som peikar attende på eit subjekt i 3dje menne – t.d. han slo seg, hesten åt høyet sitt.
eintal | underfall | sidefall | eigefall |
---|---|---|---|
1.pers. | seg | sér | sin |
Attvisande eigande varaord
hannkyn | hokyn | inkjekyn | mangtal |
---|---|---|---|
sin | si | sitt | sine |
Ymsesiduge varaord
Kjenneord
Kjenneordi vert au rekna for ei eigi ordklassa.
Talord
Talordi vert au rekna for ei eigi ordklassa.