Skilnad mellom versjonar av «Innføring i høgnorsk»
(*Upraktisk > Tungvint) |
(Etymologisk > Ordsogeleg) |
||
(Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
Line 22: | Line 22: | ||
== Stavnaden (ortografien) == | == Stavnaden (ortografien) == | ||
Med ljodskrift kann me lesa upp kva mål som helst utan å kunna det, det gjev oss uttala utan å kunna uttalereglane. I ei skriftnorm derimot, vil ein burtimot ljodrett stavnad hava so mange variablar at det vert for innfløkt og tungvint, han viser ikkje so nøgje uppbygnaden i målet. I eit skriftmål må måluppbygnaden syna seg. Difor byggjer høgnorsk på ei sameining av | Med ljodskrift kann me lesa upp kva mål som helst utan å kunna det, det gjev oss uttala utan å kunna uttalereglane. I ei skriftnorm derimot, vil ein burtimot ljodrett stavnad hava so mange variablar at det vert for innfløkt og tungvint, han viser ikkje so nøgje uppbygnaden i målet. I eit skriftmål må måluppbygnaden syna seg. Difor byggjer høgnorsk på ei sameining av ordsogeleg og fonetisk rettksriving. | ||
Samsvar (der gjeldande rettskriving i nynorsk skil seg, er formi sat i | Samsvar (der gjeldande rettskriving i nynorsk skil seg, er formi sat i klomber og kursiv): | ||
*bøygja (''bøya''), bøygjer (''bøyer''), bøygde, hev bøygt | *bøygja (''bøya''), bøygjer (''bøyer''), bøygde, hev bøygt | ||
*segja (''seia''), segjer (''seier''), sa(gde), hev sagt | *segja (''seia''), segjer (''seier''), sa(gde), hev sagt |
Siste versjonen frå 19. juni 2022 kl. 08:07
Ei innføring i høgnorsk formverk, stavnad m.m.
Formverket
Eit kjent og ytre merke på høgnorsken er i-målet, me byrjar difor med formverket i namnordi. Namnordi hev tri kyn — hannkyn, hokyn, inkjekyn. Desse er anten linne eller sterke, og det viser seg i bøygjingi.
eintal | fleirtal | |||
---|---|---|---|---|
kyn | ubundi | bundi | ubundi | bundi |
hannkyn | dag | dag-en | dagar | daga-ne |
hane | hane-n | hanar | hana-ne | |
hokyn | tid | tid-i | tider | tide-ne |
vìka | vìka | vìkor | vìko-ne | |
inkjekyn | år | år-et | år | år-i |
auga | auga(-t) | augo | augo |
Det som fløkjer til for norsken, er at upphavleg gamalnorsk -in ymsar mykje i målføri og hev mange avbrigde: i, e, ei, æ, a (med palatalisering). Men her er det uppbygnaden som er viktug.
Linne kallar ein namnord som ender på trykklinn -e i hannkyn, -a i hokyn (ofte -e og -u i målføri), og -a i inkjekyn. Alle dei andre kallar ein sterke namnord; det gjeld au inkjekynsord som ender på -e.
Merk at høgnorsk hev ei eigi hokynsform av tilleggsformene (partisippi) av gjerningsordi (verbi), som ender på -i liksom sterkt hokyn i bundi form eintal. Døme: Han er vaksen, ho er vaksi, det er vakse, dei er vaksne. Jfr bøygjingi av varaordi (pronomen): min, mi, mitt, mine; hin, hi, hitt, hine; din, di, ditt, dine; sin, si, sitt, sine; og difor òg eigen, eigi, eige, eigne; ingen, ingi, inkje, ingi.
Undantak: Sume hokynsord hev -ar i mangtal, sameleis hev sume hankynsord -er. Dette samsvarar med gjeldande rettskriving, men høgnorsken er strengare her. Hugsa at endingar på -ing hev -ar i mangtal, og at endingar på -nad hev -er.
Nokre døme:
- Hannkyn:
- bekk — bekker
- Hokyn:
- elv — elvar, øy — øyar
Stavnaden (ortografien)
Med ljodskrift kann me lesa upp kva mål som helst utan å kunna det, det gjev oss uttala utan å kunna uttalereglane. I ei skriftnorm derimot, vil ein burtimot ljodrett stavnad hava so mange variablar at det vert for innfløkt og tungvint, han viser ikkje so nøgje uppbygnaden i målet. I eit skriftmål må måluppbygnaden syna seg. Difor byggjer høgnorsk på ei sameining av ordsogeleg og fonetisk rettksriving.
Samsvar (der gjeldande rettskriving i nynorsk skil seg, er formi sat i klomber og kursiv):
- bøygja (bøya), bøygjer (bøyer), bøygde, hev bøygt
- segja (seia), segjer (seier), sa(gde), hev sagt
- pløgja (pløya), pløgjer (pløyer), pløgde, hev pløgt.
g-en er med i heile bøygjingi. Då vert det lett å sjå korleis ein skal bøygja ordet ut ifrå grunnformi (infinitiv). Skriv ein pløgja, veit ein at det skal vera pløgde i fortid og ikkje *pløygde. Skriv ein bøygja, veit ein at det skal vera bøygde i fortid og ikkje *bøyde. Dette er ikkje merkelegare enn at ein skriv gjeva, gjev, gav, gjeve. At -gj- skal uttalast j er ein greid og kjend regel.
- kunna, kann (kan), kunde (kunne), kunde.
- vilja, vil, vilde (ville), vilja
Merk: d-en i kunde er ikkje meir uvanleg enn d-en i kveld.
Dei viktugaste skilnadene millom gjeldande rettskriving og høgnorsk
Mange av desse høgnorske formene er i klombrer i gjeldande rettskriving
Gjerningsord (verb):
- bøya, bøyer, bøygde, bøygt — bøygja, bøygjer, bøygde, bøygt
- få, får, fekk, fått — få, fær, fekk, fenge
- ha, har, hadde, hatt — ha(va), hev, hadde, havt
- kunna, kan, kunne, kunna — kunna, kann, kunde, kunna
- seia, seier, sa, sagt — segja, segjer, sa(gde), sagt
- slå, slår, slo, slått — slå, slær, slo, slege
- slåst, slåst, slost, slåst — slåst, slæst, slost, slegest
- teia, teier, tagde, tagt — tegja, tegjer, tagde, tagt
- pløya, pløyer, pløgde, pløgt — pløgja, pløgjer, pløgde, pløgt
- vilja, vil, ville, vilja — vilja, vil, vilde, vilja
- Sterke gjeringsord hev langform der gjeldande rettskriving òg hev stuttform:
- be el. beda, ber el. bed [beder], bad, bede el. bedi el. bedd el. bedt - beda, bed, bad, bede
- svi el. svida, svir el. svid [svider], svei el. sveid, svide el. svidi el. svidd el. svidt - svida, svid, sveid, svide
- ta el. taka, tek [tar el. teker], tok, teke el. teki [tatt] - taka, tek, tok, teke
- Linne gjeringsord hev langform der gjeldande rettskriving òg hev stuttform:
- gle el. gleda, gler el. gleder, gledde, gledd el. gledt - gleda, gleder, gledde, gledt
- brei — breid
- grei — greid
- lei — leid
- nøyen (nøye) — nøgjen (nøgje)
- sær — ser
- tynn — tunn
- naken (hokyn) — naki
- ansvar — andsvar
- brønn — brunn
- jente — gjenta
- funn (sam-) — fund
- hei — heid
- hær (-teneste) — her
- li — lid
- sau — saud
- sei — seid
- sommar — sumar
- somme — sume
- tiur — tidur
Styreord og medord (preposisjonar og adverb):
- austafor — austanfor (osb.)
- gjennom — gjenom
- korfor/kvifor — kvifor
- kor/kvar (um stad) — kvar
- mellom — millom
- om — um
- opp — upp
- unna — undan
- hundre — hundrad
- nitten — nittan (osb.)
- tjue — tjuge
- to — tvo
- tre — tri
- tusen — tusund
Varaord (pronomen):
- anna (hokyn av annan) — onnor
- dei (objektform) — deim
- ingen (mangtal av ingen) — ingi (lik hokynsformi, som i alle målføri)
- noka (hokyn av nokon) — nokor