Skilnad mellom versjonar av «Frumnorderlendsk»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Line 59: Line 59:


=== Medljodane ===
=== Medljodane ===
'''Plosiv'''
* '''p''' /p/
* '''b''' /b/ og /β/
* '''t''' /t/
* '''d''' /d/ og /ð/
* '''k''' /k/
* '''g''' /g/ og /γ/
'''Nasal'''
* '''n''' /n/
* '''m''' /m/
'''Likvid'''
* '''l''' /l/
* '''r''' /r/
* '''R''' /R/ el /z/
'''Frikativ'''
* '''f''' /f/
* '''þ''' /θ/
* '''s''' /s/
* '''h''' /h/
'''Aproksimant'''
* '''j''' /j/
* '''w''' /w/
'''b''', '''d''', '''g''' hev allofonar; plosivar i framljod og afrikatar i inn- og utljod.


== Bøygjingsverk ==
== Bøygjingsverk ==

Versjonen frå 4. august 2007 kl. 02:22

Frumnorderlendsk er namnet på det norderlendske målstiget frå 200 til 500 e. Kr.; det eldste skriftlege vitnemålet um norderlendsk. Tidi etter fram til 700 kallar ein yvergangstidi (synkopetidi).

Målvald

Vitnemål

Runeinnskrifter

Lånord

Formverk

Ljodverk

Stavingstyngd

Sjølvljodane

Sjølvljodane i tyngd staving
  lange stutte
fremre attare fremre attare
høg /i:/ /u:/ /i/ /u/
millomhøg /e:/ /o:/ /e/ /o/
låg /a:/   /a/  


  • /o/ er ein seinare framvokster i frumnorderlendsk; jfr. fg. *hultijaz > holtijaz (Gallehus) og etter a-ljodbrigde *hurna > horna (Gallehus) > gn. horn.
  • I sein frumgermansk tid vart IE */ei/ til einskildsjølvljod ē², som førde til at upphavleg fg. /e:/, ē¹, vart opnare (/æ:/) og sidan gjekk yver til /a:/ (jfr. makija). Eit døme på ē² er lét (ft. av lata).

Frumnorderlendsk hadde tri tviljodar:

  • /ai/ stainaR
  • /au/ laukaR
  • /eu/ (/iu/ fyre i eller o i stavingi etter)

Medljodane

Plosiv

  • p /p/
  • b /b/ og /β/
  • t /t/
  • d /d/ og /ð/
  • k /k/
  • g /g/ og /γ/

Nasal

  • n /n/
  • m /m/

Likvid

  • l /l/
  • r /r/
  • R /R/ el /z/

Frikativ

  • f /f/
  • þ /θ/
  • s /s/
  • h /h/

Aproksimant

  • j /j/
  • w /w/

b, d, g hev allofonar; plosivar i framljod og afrikatar i inn- og utljod.

Bøygjingsverk

a-stomnar
  eintal mangtal
Nom. dagaR dagōR
Gen. dagas *dagō
Dat. dagai dagumR
Akk. daga *dagann

Målbrigde i frumnorderlendsk

  • 1. fg. /e:/ (el /æ:/) > fn. /a:/.

Fg. *mēkija- > fn. makija akk. av seinare gn. nom. mækir (sverd). Yvergangen frå a til æ i mækir kjem etter i-ljodbrigde. Jfr. finsk miekke og got. mēkeis (/me:ki:s/). Jfr. òg got. mēna og gn. máni.

fn. ansuR (heiden gud) > gn. áss (got. ans) Jfr. gn. áss (ås, bjelke) og ansas i finsk; gn. gás og tysk Gans; gn. ást og got. ansts og gn. unna (verb).