Skilnad mellom versjonar av «Høgnorsken og målføri»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Inkje endringssamandrag
 
(Ingen skilnad)

Siste versjonen frå 31. januar 2011 kl. 23:53

Det norske landsmålet Ivar Aasen skriftfeste var tyft på eit nært tilhøve til dei nedervde norske målføri. Med denne segnaden, dei nedervde norske målføri, meiner me målføri som hadde vakse fram i Noreg frå gamalnorsk og millomnorsk utan serleg påverknad frå dansken som vart nytta i landet i millomnorsk og nynorsk tid.

Ivar Aasen tyfte, til skilnad frå mange andre gamle og nyreiste mål, ikkje skriftmålet på eitt målføre, men på dei sams dragi og heilskapen av dei norske målføri. Dette kunde han gjera etter di han granska deim vitskapleg i lang tid. Dette gav rom for at landsmålet og dei ulike målføri kunde verka på einannan på jamnare vilkòr.

Skrivemåten fylgde typeformer som svara til eit sams upphav åt målføri i eikor millomnorske tidi. Dette gjev ymse høve:

  • Ordi kann talast ut etter ulike reglar, i samsvar med ulike målføre. Skrivemåten er soleîs målførenær til fleire målføre samstundes - «demokratisk målførenærleik».
  • Ord frå landsmålet som er ukjende i eit målføre kann lett måtast inn i dette målføret ved å sjå på det sambandet millom typeform og målføreuttal som alt ligg fyre. Landsmålet bryt soleîs ikkje med målføret.

Ordfanget i det høgnorske landsmålet er i prinsippet ope for alle norske ord frå alle målføri.