Skilnad mellom versjonar av «Uttala»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Line 4: Line 4:


== [[Sjølvljod]] ==
== [[Sjølvljod]] ==
I norsk hev med desse sjølvljodi ''a'', ''e'', ''i'', ''o'', ''u'', ''y'', ''æ'', ''ø'', ''å''. Desse er klagføre.
=== Open og trong sjølvljod ===
''e'', ''i'', ''o'', ''u'' og ''y'' (og stundom ''ø'') kann lyda på tvo måtar, trongt og ope. I lange stavingar finn me oftast den tronge ljoden, i stutte oftast den opne. Når ljoden er open, nærmar ''e'' seg til ''æ'', ''i'' til ''e'', ''o'' til ''å'', ''u'' til ''o'', ''y'' til ''ø''. Sumtid merkjer ein desse når ein skal skilja ord som elles er like i skrift: lutande kile ( ́) yver trong, attkeik kile (`) yver open. Døme: ''blót'' (offer), ''blòt'' (leggja i ~).
=== Schwa ===
I utyngd staving vert ''e'' uttala schwa [ә], liksom britisk uttala av engelsk ''father''. Døme: ''hane'' [ha:nә].
=== Tviljod ===
Der er fem tviljodar: ''au'', ''ei'', ''øy'', ''jo'', ''ju''. Desse hev oftast uttala /øu/, /æi/, /øi/, /jo/, /ju/.
Døme: ''lauk'', ''leik'', ''røyk'', ''brjota'', ''ljuga''.


== [[Medljod]] ==
== [[Medljod]] ==

Versjonen frå 28. mai 2009 kl. 13:10

Uttala er den munnlege framburden av skriftmålet.

Høgnorsk uttala

Sjølvljod

I norsk hev med desse sjølvljodi a, e, i, o, u, y, æ, ø, å. Desse er klagføre.

Open og trong sjølvljod

e, i, o, u og y (og stundom ø) kann lyda på tvo måtar, trongt og ope. I lange stavingar finn me oftast den tronge ljoden, i stutte oftast den opne. Når ljoden er open, nærmar e seg til æ, i til e, o til å, u til o, y til ø. Sumtid merkjer ein desse når ein skal skilja ord som elles er like i skrift: lutande kile ( ́) yver trong, attkeik kile (`) yver open. Døme: blót (offer), blòt (leggja i ~).

Schwa

I utyngd staving vert e uttala schwa [ә], liksom britisk uttala av engelsk father. Døme: hane [ha:nә].

Tviljod

Der er fem tviljodar: au, ei, øy, jo, ju. Desse hev oftast uttala /øu/, /æi/, /øi/, /jo/, /ju/. Døme: lauk, leik, røyk, brjota, ljuga.

Medljod

Vanleg uttala av medljod og medljodsamband i rotstaving
Skrivegjerd Hovudnorm Onnor normgild uttala frå ymse landslùter
b [b]
c Berre i lånord
d- framljod [d]
-d- inn-/utljod
  • [-] dumb
  • [d] fyre etterfestet -ig
Sunnmøre/Nordfjord: [ð] eller [d]
dd [d] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [dʲ]
dj [ʝ] eller [ɟʝ] Mange stader: [j]
dk [k] ([kʰ] i utljod) Sum aust- og nordnorsk: [ɾk] ([ɾkʰ] i utljod)
f [f]
g- framljod
  • [g] fyre a, o, u, å
  • [ʝ] fyre ei, i, y, øy – «linn
  • Vestnorsk: [ɟʝ] fyre ei, i, y, øy
  • Mange stader: [j] fyre ei, i, y, øy
-g- innljod
  • [g]
  • [ʝ] fyre mange endingar på -e-, -i-
  • Vestnorsk: [ɟʝ] fyre mange endingar på -e-, -i-
  • Mange stader: [j] fyre mange endingar på -e-, -i-
-g utljod [g] Sume stader etter e, i, y, æ, ø og l, r: [ɣ] eller [j]
gj [ʝ]
-gn inn- og utljod [ŋn] eller [gn]
h [h]
hj [j] I sume ord mange stader: [ç] (t.d. hjå)
j [j]
k- framljod
  • [kʰ] fyre a, o, u, å
  • [ç] fyre ei, i, y, øy – «linn
Vestnorsk: [cç] fyre ei, i, y, øy
-k- innljod
  • [k]
  • [ç] fyre mange endingar på -e-, -i-
Vestnorsk: [cç] fyre mange endingar på -e-, -i-
-k utljod [kʰ]
kj [ç] Vestnorsk: [cç]
l [l] Austnorsk:
  • [l] i framljod og etter i, ì, ý
  • [ɽ] elles
ld [ld] eller [l] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ]
lg Sjå -g i utljod
lj [lj] eller [j]
ll [l] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ]
m
  • [m]
  • [ɱ] fyre f
mb [mb] eller [m]
n
  • [n]
  • [ŋ] fyre g, k
  • [ɲ] fyre gj, kj og linn g, k
nd [nd]] eller [n] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ]
ng [ŋg] eller [ŋ]
nn [n] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ]
p fram- og utljod [pʰ]
-p- innljod [p]
q Berre i lånord
r [r]
  • Aust- og nordnorsk: [ɾ]
  • Mange stader på Sud- og Sudvestlandet: [ʁ]
rd [r] Austnorsk: [ɽ]
rg Sjå -g i utljod
rl [rl]] Austnorsk: [ɭ]
rn [rn] eller [n]
  • Austnorsk: [ɳ] eller [n]
  • Andre stader: [dn], [ɲ]
rs
  • [ʃ] eller [rs]
  • [s] i sume ord (t.d. fyrst)
rt [rt]] ([rtʰ] i utljod) Austnorsk: [ʈ] ([ʈʰ] i utljod)
s [s]
sj [ʃ] eller [sj]
sk
  • [sk] fyre a, o, u, å
  • [ʃ] fyre ei, i, y, øy
  • Sum vestnorsk og trøndsk: [scç] fyre ei, i, y, øy
  • Andre stader: [sj] fyre ei, i, y, øy
skj [ʃ]
sl [sl] eller [ʃɭ] Trøndsk og andre stader: [ɬ]
stj [ʃ]
t fram- og utljod [tʰ]
-t- innljod [t]
tj [ç] eller [cç]
tl [tl] eller [ʃɭ] Trøndsk og andre stader: [ɬ]
tt [t] ([tʰ] i utljod) Nordnorsk, trøndsk o.a.: [tʲ]
v [ʋ]
w, x, z Berre i lånord