Skilnad mellom versjonar av «Uttala»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Inkje endringssamandrag
Line 203: Line 203:
|}
|}


== Medljodsamband ==
=== Nøgnare um uttala av medljod ===


'''Stungen d'''. Millom sjølvljodar og i utljod vert ''d'' vanleg ikkje uttala – t.d. å ''beda'', ei ''gleda'', ein ''spade'', ei ''tid'', ein ''tidur''. Undantak er ”bibelord” som ''Gud'', ''nåde'', og namn som ''Bodøy'', ''Nidaros'', ''Lade'', og lånord som ''ode'', ''jøde'', ''mode'', ''bad'' (og ''bada''). Fyre etterfesti ‑''ig'' og ‑''ug'' er uttala oftast med ''d'' fyre ‑''ig'' og utan ''d'' fyre ‑''ug'' – t.d. vert stødig og stødug uttala /stø:dig/ og /stø:ug/.
'''«Stungen» d'''. Millom sjølvljod og i utljod vert ''d'' vanleg ikkje uttala – t.d. å ''beda'', ei ''gleda'', ein ''spade'', ei ''tid'', ein ''tidur''. Undantak kann vera «bibelord» som ''Gud'', ''nåde'', [[stadnamn]] som ''Bodøy'', ''Nidaros'', ''Lade'', og allveg lånord som ''ode'', ''jøde'' og ''mode''. Fyre etterfesti ‑''ig'' og ‑''ug'' er uttala oftast med ''d'' fyre ‑''ig'' og utan ''d'' fyre ‑''ug'' – t.d. vert ''stødig'' og ''stødug'' uttala /stø:dig/ og /stø:ug/.


:Mrk. Sunnmørsk held på ''d'' millom sjølvljod og i utljod. Og i jamvektsord (''spåddå'', ''tuddur'').
:Merk: Sunnmørsk og nordfyrdemål held på ''d'' millom sjølvljod og i utljod. I [[jamvektsmål]] finn ein au halden ''d'': ''spåddå (spade)'', ''tuddur (tidur)''.


I sume samansetjingar og bøygjingsformer lyder ''d'' – t.d. ''naudsyn'' - og i tilleggsformene i fleirtal – t.d. ''bedne'', ''bodne''.
I sume ord og former lyder ''d'' for å gjera meiningi tydelegare – t.d. ''bedne'', ''bodne''.


'''dj''' vert oftast uttala ''j'' i framljod – t.d. ''djup'', ''djerv'', ''djevel''. I innljod er uttala anten /dj/ med stutt sjølvljod fyre eller /j/ med lang sjølvljod fyre – t.d. ei ''midja'', å ''rydja'', å ''stydja'', ei ''smidja''. Ljodhåtten åt sjølvljoden held seg når han vert lengd – t.d. ''stỳdja'' /stỳdja/ el. /stỳ:ja/.
'''dj''' vert oftast uttala som ''j'' i framljod – t.d. ''djup'', ''djerv'', ''djevel''. I innljod er uttala anten /dj/ med stutt sjølvljod fyre eller /j/ med langt sjølvljod fyre – t.d. ei ''midja'', å ''rydja'', å ''stydja'', ei ''smidja''. [[Ljodhått]]en av sjølvljodet held seg når det vert lengt – t.d. ''stỳdja'' /stỳdja/ el. /stỳ:ja/.


== Tonelag ==
== Tonelag ==

Versjonen frå 28. mai 2009 kl. 19:17

Uttala er den munnlege framburden av skriftmålet.

Høgnorsk uttala

Sjølvljod

I norsk hev me desse sjølvljodi: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å. Desse er klangføre.

a [a:] eng. father
e [e:] tysk sehen
i [i:] eng. see, tysk viel
o [o:] tysk Buch
u [ʉ:] eng. boot (men lengre fram?)
y [y:] som ein runda i
æ [æ:] eng. man
ø [ø:] tysk Löwe
å [ɔ:] eng. law

Open og trong sjølvljod

e, i, o, u og y (og stundom ø) kann lyda på tvo måtar, trongt og ope. I lange stavingar finn me oftast den tronge ljoden, i stutte oftast den opne. Når ljoden er open, nærmar e seg til æ, i til e, o til å, u til o, y til ø. Sumtid merkjer ein desse når ein skal skilja ord som elles er like i skrift: lutande kile ( ́) yver trong, attkeik kile (`) yver open. Døme: blót (offer), blòt (leggja i ~).

Schwa

I utyngd staving vert e uttala schwa [ә], liksom britisk uttala av engelsk father. Døme: hane [ha:nә].

Tviljod

Der er fem tviljodar: au, ei, øy, jo, ju. Desse hev oftast uttala /øu/, /æi/, /øi/, /jo/, /ju/. Døme: lauk, leik, røyk, brjota, ljuga.

Medljod

Vanleg uttala av medljod og medljodsamband i rotstaving
Skrivegjerd Hovudnorm Onnor normgild uttala frå ymse landslùter
b [b]
c Berre i lånord
d- framljod [d]
-d- inn-/utljod
  • [-] dumb
  • [d] fyre etterfestet -ig
Sunnmøre/Nordfjord: [ð] eller [d]
dd [d] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [dʲ]
dj [ʝ] eller [ɟʝ] Mange stader: [j]
dk [k] ([kʰ] i utljod) Sum aust- og nordnorsk: [ɾk] ([ɾkʰ] i utljod)
f [f]
g- framljod
  • [g] fyre a, o, u, å
  • [ʝ] fyre ei, i, y, øy – «linn
  • Vestnorsk: [ɟʝ] fyre ei, i, y, øy
  • Mange stader: [j] fyre ei, i, y, øy
-g- innljod
  • [g]
  • [ʝ] fyre mange endingar på -e-, -i-
  • Vestnorsk: [ɟʝ] fyre mange endingar på -e-, -i-
  • Mange stader: [j] fyre mange endingar på -e-, -i-
-g utljod [g] Sume stader etter e, i, y, æ, ø og l, r: [ɣ] eller [j]
gj [ʝ]
-gn inn- og utljod [ŋn] eller [gn]
h [h]
hj [j] I sume ord mange stader: [ç] (t.d. hjå)
j [j]
k- framljod
  • [kʰ] fyre a, o, u, å
  • [ç] fyre ei, i, y, øy – «linn
Vestnorsk: [cç] fyre ei, i, y, øy
-k- innljod
  • [k]
  • [ç] fyre mange endingar på -e-, -i-
Vestnorsk: [cç] fyre mange endingar på -e-, -i-
-k utljod [kʰ]
kj [ç] Vestnorsk: [cç]
l [l] Austnorsk:
  • [l] i framljod og etter i, ì, ý
  • [ɽ] elles
ld [ld] eller [l] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ]
lg Sjå -g i utljod
lj [lj] eller [j]
ll [l] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ]
m
  • [m]
  • [ɱ] fyre f
mb [mb] eller [m]
n
  • [n]
  • [ŋ] fyre g, k
  • [ɲ] fyre gj, kj og linn g, k
nd [nd]] eller [n] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ]
ng [ŋg] eller [ŋ]
nn [n] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ]
p fram- og utljod [pʰ]
-p- innljod [p]
q Berre i lånord
r [r]
  • Aust- og nordnorsk: [ɾ]
  • Mange stader på Sud- og Sudvestlandet: [ʁ]
rd [r] Austnorsk: [ɽ]
rg Sjå -g i utljod
rl [rl]] Austnorsk: [ɭ]
rn [rn] eller [n]
  • Austnorsk: [ɳ] eller [n]
  • Andre stader: [dn], [ɲ]
rs
  • [ʃ] eller [rs]
  • [s] i sume ord (t.d. fyrst)
rt [rt]] ([rtʰ] i utljod) Austnorsk: [ʈ] ([ʈʰ] i utljod)
s [s]
sj [ʃ] eller [sj]
sk
  • [sk] fyre a, o, u, å
  • [ʃ] fyre ei, i, y, øy
  • Sum vestnorsk og trøndsk: [scç] fyre ei, i, y, øy
  • Andre stader: [sj] fyre ei, i, y, øy
skj [ʃ]
sl [sl] eller [ʃɭ] Trøndsk og andre stader: [ɬ]
stj [ʃ]
t fram- og utljod [tʰ]
-t- innljod [t]
tj [ç] eller [cç]
tl [tl] eller [ʃɭ] Trøndsk og andre stader: [ɬ]
tt [t] ([tʰ] i utljod) Nordnorsk, trøndsk o.a.: [tʲ]
v [ʋ]
w, x, z Berre i lånord

Nøgnare um uttala av medljod

«Stungen» d. Millom sjølvljod og i utljod vert d vanleg ikkje uttala – t.d. å beda, ei gleda, ein spade, ei tid, ein tidur. Undantak kann vera «bibelord» som Gud, nåde, stadnamn som Bodøy, Nidaros, Lade, og allveg lånord som ode, jøde og mode. Fyre etterfesti ‑ig og ‑ug er uttala oftast med d fyre ‑ig og utan d fyre ‑ug – t.d. vert stødig og stødug uttala /stø:dig/ og /stø:ug/.

Merk: Sunnmørsk og nordfyrdemål held på d millom sjølvljod og i utljod. I jamvektsmål finn ein au halden d: spåddå (spade), tuddur (tidur).

I sume ord og former lyder d for å gjera meiningi tydelegare – t.d. bedne, bodne.

dj vert oftast uttala som j i framljod – t.d. djup, djerv, djevel. I innljod er uttala anten /dj/ med stutt sjølvljod fyre eller /j/ med langt sjølvljod fyre – t.d. ei midja, å rydja, å stydja, ei smidja. Ljodhåtten av sjølvljodet held seg når det vert lengt – t.d. stỳdja /stỳdja/ el. /stỳ:ja/.

Tonelag

Til liks med svensk hev norsk tvo tonelag (skil i tone ved stavingar med hovudtyngd), som skapar minstepar. Døme: liket [¹li:kə], like [²li:kə] (til lo. lik); leiken (no.) [¹læikən], leiken (lo.) [²læikən].

Merk: Grunntonemynsteret for dei tvo tonelagi skil seg frå målføre til målføre.


Circumfleks

Er tostavingstonelag på ord med éi staving. Dette gjeld berre fåe ord. Døme: fôr, vêr, sâl. Ikkje alle ord med circumfleks er vanlege å merkja: mor, far, mt. glør (til glod).

Merk: Circumfleks femner vidare i sume målføre med apokope (m.a. trøndsk), jf. han er stor mot dei er stôr (= store).