Skilnad mellom versjonar av «Uttala»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Line 41: Line 41:
Døme: ''lauk'', ''leik'', ''røyk'', ''brjota'', ''ljuga''.
Døme: ''lauk'', ''leik'', ''røyk'', ''brjota'', ''ljuga''.


===Vanlege uttalemistak av sjøljod===
===Vanlege uttalemistak av sjølvljod===


Trong '''o''' i ein ''dom'' (sameleîs etterfestet  ''dom''), ei ''rova'' (hale), ''i otta'' (um morgonen), ein ''otte'' (rædsla), ein ''sott'' (sjukdom), ''totte'' (tykte til tykkja), ein ''trott''. Open '''o''' i ein ''fole'', ei ''hosa'', ei ''kona'', eit ''lok'', ein ''mose'' (vokster), ein ''pose''. Open '''u''' i ''sumar'' (kann vera trong når sjølvljodet er stutt), ''lut'', ''hug''. Open '''i''' i ''lit'', ''vit''.
Trong '''o''' i ein ''dom'' (sameleîs etterfestet  ''dom''), ei ''rova'' (hale), ''i otta'' (um morgonen), ein ''otte'' (rædsla), ein ''sott'' (sjukdom), ''totte'' (tykte til tykkja), ein ''trott''. Open '''o''' i ein ''fole'', ei ''hosa'', ei ''kona'', eit ''lok'', ein ''mose'' (vokster), ein ''pose''. Open '''u''' i ''sumar'' (kann vera trong når sjølvljodet er stutt), ''lut'', ''hug''. Open '''i''' i ''lit'', ''vit''.

Versjonen frå 23. juni 2009 kl. 14:16

Uttala er den munnlege framburden av skriftmålet.

Høgnorsk uttala

Sjølvljod

I norsk hev me desse sjølvljodi: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å. Desse er klangføre.

a [a:] eng. father
e [e:] tysk sehen
i [i:] eng. see, tysk viel
o [o:] tysk Buch
u [ʉ:] eng. boot (men lengre fram?)
y [y:] som ein runda i
æ [æ:] eng. man
ø [ø:] tysk Löwe
å [ɔ:] eng. law

Open og trong sjølvljod

e, i, o, u og y (og stundom ø) kann lyda på tvo måtar, trongt og ope. I lange stavingar finn me oftast den tronge ljoden, i stutte oftast den opne. Når ljoden er open, nærmar e seg til æ, i til e, o til å, u til o, y til ø. Sumtid merkjer ein desse når ein skal skilja ord som elles er like i skrift: lutande kile ( ́) yver trong, attkeik kile (`) yver open. Døme: blót (offer), blòt (leggja i ~).

Schwa

I utyngd staving vert e uttala schwa [ә], liksom britisk uttala av engelsk father. Døme: hane [ha:nә].

Tviljod

Der er fem tviljodar: au, ei, øy, jo, ju. Desse hev oftast uttala /øu/, /æi/, /øi/, /jo/, /ju/. Døme: lauk, leik, røyk, brjota, ljuga.

Vanlege uttalemistak av sjølvljod

Trong o i ein dom (sameleîs etterfestet dom), ei rova (hale), i otta (um morgonen), ein otte (rædsla), ein sott (sjukdom), totte (tykte til tykkja), ein trott. Open o i ein fole, ei hosa, ei kona, eit lok, ein mose (vokster), ein pose. Open u i sumar (kann vera trong når sjølvljodet er stutt), lut, hug. Open i i lit, vit.

Mrk. Sumtid er sjølvljodet so ope at at ein skriv e for eldre i – t.d. kid > kjed (norr. kið, jf. killing < kidling), sid > sed (norr. siðr), vin > ven (norr. vin, vinr).

Uttala av sjølvljodi ved bøygde former

Lagord. Når lagordet stend i inkjekyn, vert ofte stavingslengdi og ljodhåtten brigde, d.e. at sjølvljodet vert lengt og millomlågt sjølvljod lægt – t.d. god /gu:/ : godt /gɔt/, høg /hø:g/ : høgt /høkt/, låg /lɔ:g/ : lågt /lɔkt/, låk /lɔ:k/ : låkt /lɔkt/.

I notid ymsar uttala alt etter gjerningsordklassone. Opi er uttala i 5te og 6te rekkja – t.d. (5te) fer /fè:r/ (til fara), grev /grè:v/ (til grava), tek /tè:k/ (til taka), veg /vè:g/ (til vega), og (6te) lèt /lè:t/ (til lata). Stundom er jamvel sjølvljodet æ – t.d. (5te) slær (til slå), og (6te) fær (til ), læt (til låta). I telja klassa av linne gjerningsord er uttala jamt opi – t.d. vel (til velja), sel (til selja). Trong er uttala når uttala i grunnformi (infinitiv) er trong (d.e. 3de og 4de rekkja) – t.d. (3de) bit /bi:t/ (til bita), lit /li:t/ (til lita), skriv /skri:v/ (til skriva), og (4de) bryt /bry:t/ (til brjota), lyt /ly:t/ (til ljota), skyt /sky:t/ (til skjota) .

Tilleggsformene. Sjølvljodet er her ope avdi sjølvljodet i gamalnorsk var stutt – t.d. bore (til bera), skore (til skjera), skote (til skjota), vore (til vera), vorte (til verta); skrive (til skriva), slite (til slita), drive (til driva); sprunge (til springa) , stunge (til stinga), sunge (til syngja).

Mrk. Same gjeld lagord som ovan – t.d. vriden /vrì:en/, skiten – men ikkje vrid-en /vri:en/ (til vrid) og skit-en, avdi sjølvljodet i gamalnorsk var langt.

Medljod

Vanleg uttala av medljod og medljodsamband i rotstaving
Skrivegjerd Hovudnorm Onnor normgild uttala frå ymse landslùter
b [b]
c Berre i lånord
d- framljod [d]
-d- inn-/utljod
  • [-] dumb
  • [d] fyre etterfestet -ig
Sunnmøre/Nordfjord: [ð] eller [d]
dd [d] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [dʲ]
dj [ʝ] eller [ɟʝ] Mange stader: [j]
dk [k] ([kʰ] i utljod) Sum aust- og nordnorsk: [ɾk] ([ɾkʰ] i utljod)
f [f]
g- framljod
  • [g] fyre a, o, u, å
  • [ʝ] fyre ei, i, y, øy – «linn
  • Vestnorsk: [ɟʝ] fyre ei, i, y, øy
  • Mange stader: [j] fyre ei, i, y, øy
-g- innljod
  • [g]
  • [ʝ] fyre mange endingar på -e-, -i-
  • Vestnorsk: [ɟʝ] fyre mange endingar på -e-, -i-
  • Mange stader: [j] fyre mange endingar på -e-, -i-
-g utljod [g] Sume stader etter e, i, y, æ, ø og l, r: [ɣ] eller [j]
gj [ʝ]
-gn inn- og utljod [ŋn] eller [gn]
h [h]
hj [j] I sume ord mange stader: [ç] (t.d. hjå)
j [j]
k- framljod
  • [kʰ] fyre a, o, u, å
  • [ç] fyre ei, i, y, øy – «linn
Vestnorsk: [cç] fyre ei, i, y, øy
-k- innljod
  • [k]
  • [ç] fyre mange endingar på -e-, -i-
Vestnorsk: [cç] fyre mange endingar på -e-, -i-
-k utljod [kʰ]
kj [ç] Vestnorsk: [cç]
l [l] Austnorsk:
  • [l] i framljod og etter i, ì, ý
  • [ɽ] elles
ld [ld] eller [l] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ]
lg Sjå -g i utljod
lj [lj] eller [j]
ll [l] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ]
m
  • [m]
  • [ɱ] fyre f
mb [mb] eller [m]
n
  • [n]
  • [ŋ] fyre g, k
  • [ɲ] fyre gj, kj og linn g, k
nd [nd]] eller [n] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ]
ng [ŋg] eller [ŋ]
nn [n] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ]
p fram- og utljod [pʰ]
-p- innljod [p]
q Berre i lånord
r [r]
  • Aust- og nordnorsk: [ɾ]
  • Mange stader på Sud- og Sudvestlandet: [ʁ]
rd [r] Austnorsk: [ɽ]
rg Sjå -g i utljod
rl [rl]] Austnorsk: [ɭ]
rn [rn] eller [n]
  • Austnorsk: [ɳ] eller [n]
  • Andre stader: [dn], [ɲ]
rs
  • [ʃ] eller [rs]
  • [s] i sume ord (t.d. fyrst)
rt [rt]] ([rtʰ] i utljod) Austnorsk: [ʈ] ([ʈʰ] i utljod)
s [s]
sj [ʃ] eller [sj]
sk
  • [sk] fyre a, o, u, å
  • [ʃ] fyre ei, i, y, øy
  • Sum vestnorsk og trøndsk: [scç] fyre ei, i, y, øy
  • Andre stader: [sj] fyre ei, i, y, øy
skj [ʃ]
sl [sl] eller [ʃɭ] Trøndsk og andre stader: [ɬ]
stj [ʃ]
t fram- og utljod [tʰ]
-t- innljod [t]
tj [ç] eller [cç]
tl [tl] eller [ʃɭ] Trøndsk og andre stader: [ɬ]
tt [t] ([tʰ] i utljod) Nordnorsk, trøndsk o.a.: [tʲ]
v [ʋ]
w, x, z Berre i lånord

Nøgnare um uttala av medljod

«Stungen» d. Millom sjølvljod og i utljod vert d vanleg ikkje uttala – t.d. å beda, ei gleda, ein spade, ei tid, ein tidur. Undantak kann vera «bibelord» som Gud, nåde, stadnamn som Bodøy, Nidaros, Lade, og allveg lånord som ode, jøde og mode. Fyre etterfesti ‑ig og ‑ug er uttala oftast med d fyre ‑ig og utan d fyre ‑ug – t.d. vert stødig og stødug uttala /stø:dig/ og /stø:ug/.

Merk: Sunnmørsk og nordfyrdemål held på d millom sjølvljod og i utljod. I jamvektsmål finn ein au halden d: spåddå (spade), tuddur (tidur).

I sume ord og former lyder d for å gjera meiningi tydelegare – t.d. bedne, bodne.

dj vert oftast uttala som j i framljod, men i sume uttalor som gj – t.d. djup, djerv, djevel. I innljod er uttala anten /dj/ med stutt sjølvljod fyre eller /j/ med langt sjølvljod fyre – t.d. ei midja, å rydja, å stydja, ei smidja. Ljodhåtten av sjølvljodet held seg når det vert lengt – t.d. stỳdja /stʏdja/ el. /stʏ:ja/.

tj vert i framljod oftast uttala /ç/ (kj-ljod), stundom /t/ – t.d. tjukk, tjuge, og millom tvo sjølvljod /tj/ eller /ç/ – t.d. sitja, vitja – der sjølvljodet i roti kann vera langt eller stutt: /siça/, /vɪːça/.

ggj finst berre i innljod og hev oftast uttala /ʝ/ (gj-ljod), men òg /j/ – t.d. leggja /leʝa/ el. /leja/, byggja /byʝa/ el. /byja/, (tvi)eggja /eʝa/ el. /eja/. kkj finst berre i innljod og vert uttala /ç/ – t.d. vekkja, ikkje, bikkja

gj i framljod – t.d. gjeva, gjenta – og i innljod – t.d segja, bægje, pløygja, bøygja. kj i framljod – t.d. kjenna, køyra – og i innljod– t.d veikja.

Merk: Bjodeformi hev hardt medljod – t.d seg, pløyg, veik til segja, pløygja, veikja

Ljodlagi dg, dk og gs vert samandregne til /gg/, /kk/ og /ss/. Er sjølvljodet i eller o, skifter det ljodhått og stavingslengd – t.d. vidga /vigga/ (av vid /vi:/), blodga /blogga/ (av blod /blo:/), vridka /vrikka/ (av vrid /vri:/). Når a, berre stavingslengd – t.d. dragsa /drassa/ (av draga /dra:ga/).

ld og nd vert i utljod uttala anten /ld/ eller /ll/, og /nd/ eller /nn/ – t.d. kald, kveld, vald; land, rand, (sam)fund, snild. Men utan jamning i fortidsformene – t.d. talde (til telja), kjende (til kjenna), kunde (til kunna), og tilleggsformer – t.d. tald, kjend.

nd. Sjå ld.

ng vert anten uttala /ŋ/ eller /ŋg/ – t.d. ring.

rs vert i sume ord uttala /ss/ fyre t – t.d. fyrst, tyrst, størst.

rn kann ymsa. Ofte stutt sjølvljod – t.d. bjørn, tjørn, korn, birna. Ofte lang sjølvljod – t.d. jarn, ørn, gjerne, stjorn, verna, barn; allvegen borne, skorne, (u)vyrdne osb.

Tonelag

Til liks med svensk hev norsk tvo tonelag (skil i tone ved stavingar med hovudtyngd), som skapar minstepar. Døme: liket [¹li:kə], like [²li:kə] (til lo. lik); leiken (no.) [¹læikən], leiken (lo.) [²læikən].

Merk: Grunntonemynsteret for dei tvo tonelagi skil seg frå målføre til målføre.


Circumfleks

Er tostavingstonelag på ord med éi staving. Dette gjeld berre fåe ord. Døme: fôr, vêr, sâl. Ikkje alle ord med circumfleks er vanlege å merkja: mor, far, mt. glør (til glod).

Merk: Circumfleks femner vidare i sume målføre med apokope (m.a. trøndsk), jf. han er stor mot dei er stôr (= store).