Skilnad mellom versjonar av «Odyssevskvædet ellevte songen»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Inkje endringssamandrag
s (Lagde til flokk)
Line 707: Line 707:
fyrst me rodde eit bìl; men so fekk me høveleg medbør
fyrst me rodde eit bìl; men so fekk me høveleg medbør
</poem>
</poem>
[[Kategori:Innlesne bøker]]

Versjonen frå 4. februar 2021 kl. 10:37

ELLEVTE SONGEN.

HELFERDI.

    «Men daa me alle ned til strandi og skipet var komne,
straks paa det heilage havet ut me fartyet sette;
mast og segl umbord me tok i den myrkmaala snekkja;
vêren og sauen inn me sistpaa skípa, og sjølve
gjekk umbord me med sorg i sinn og strøymande taarer.
Kirke, den lokkfagre, sterke dis med mennesjkemæle,
attanfraa inn mot det stamnmyrke skip ein høveleg bør oss
sende, som segli fyllte, eit framifraa fylgje paa ferdi.
Daa so riggen og alt var i skikk, paa toftom me sæte
tok, og lét sidan vind og styrmann kosen oss halde.
Fór me so dagen lang for fyllte segl yver havet;
men daa soli gjekk ned og skuggar paa vegarne lagdest,
naadde me strandi paa hì sida djupe Okéanos-straumen.

    «Der er det land og den by, der det bur, det kimmeriske folket,
Landet er hylit i skóming og skodd, og aldri till dette
folket den straalande sol med den lysande dag-glansen fram vinn,
krokje naar upp ho stig paa sin veg yver himmelen stjernut,
eller naar ned fraa himmelen att ho mot jordi seg vender;
yver det arme folk ligg stødt den tjonslege natti.
Dit me kom; drog skipet i land og smòlògi ut fekk;
tok so sjølve i veg langs-etter Okéanos-straumen,
alt til staden me fann, som Kirke hadde sagt fraa um.

    «Offer-smòlògi der Evrýlokos og Perimedes
tok og heldt, og eg sjølv fraa mjødmi sverdet mitt kvasse
drog og med det tok upp ei greft, ei aln i firkant.
Kringum den eg drykkoffer slog til alle dei daude:
fyrst eg honningmjølk tok, og den søte vim for det andre,
vatn for det tridje; og byggmjøl kvitt yver drykken eg straadde.
So eg gjorde med bøn den lovnad til skuggarne tome,
at naar eg heimatt kom, eg ei lytelaus gjeldkvige blote
vilde i tunet og rikt med gaavor det offerbaal fylle;
og eg ein aalsvart vêr vilde serskilt Teiresias ofe,
gildaste vêren eg fann i smala-flokken der heime.
Daa eg med lovnader so og med bøn dei skarar av daude
aakalla hadde, eg smòlògi tok og ut-yver grefti
strupen, deim opna. Daa strøymde blodet myrkt; og i mengd det
skuggar upp fraa Erebos steig av deim som er daude.
Brurer og unge sveinar og gamlingar, røynde i mykje,
møyar, halv-born enn, i sorg yver vaaren som visna,
menner i mengd med saar av malmodd-vaapni dei tunge,
falne i striden hard, i blodut hèrbunad klædde,
skarevis flokka seg grefti rundt, sùme her-, sùme derfraa
med eit illhervelegt skrik, so den bleike andfæla tok meg.
No eg sveinarne baud og mana paa deim, at snøggvint
bloti som slagta laag, for malmen kjenslelaus fallne,
flaa dei skulde og brenne med bøner til Erebos-gudom
Hades, herren i Hel, og den skæmslege Persefoneia.
Sjølv eg sverdet det kvasse drog fraa den kraftfulle lendi;
sette meg so med det og heldt vakt, at skuggarne ikkje
inn-aat til blodet kom, fyrr eg hadde Teiresias utspurt.

«Fyrst utav alle fram steig skuggen av sveinen Elpénor;
enno ikkje han gravfest var paa den vegvide jordi.
Liket i borgi hjaa Kirke att hadde liggjande vorte
utan baalfred og grav; me der hadde havt det for anusamt.
Medynk meg tok, daa her eg saag honom; graaten fekk magti;
til honom vende eg meg og med ordi fløygde eg tala:

«Seg meg, Elpénor, kóss du til Skomeheimen er komen;
fram du hev naatt fots fyre meg paa det raskgjende skipet!

«So eg tala; med jamrande ord han soleis meg svara:
Gude-ætting, Laertes-son, rasdsløge Odyssevs,
Lagnaden myrk og for mykje vin meg i ulukka førde.
Daa eg hadde meg lagt til kvile i borgi hjaa Kirke,
hugsa eg ikkje, at ned eg troppi høg skulde gange;
fram-yver gjekk eg beint; so datt eg fraa taket og nakken
ut or hals-tòla braut; til Hellheim daa skuggen min ned fór.
No eg bønsøkjer deg, ved deim du lét etterbdeg heime,
maken din, aldruge far din, han, som i yndgi deg fostra,
og ved Telémakos, einaste son din, i kongsgarden heime:
vel eg veit, at naar burt fraa Hadesheiman du fer att,
til den Aiáiske øy du ditt velbygde farty vil styre;
der daa, drottin, eg bed, at meg i hug du vil koma.
Lat ikkje utan baalferd ogf grav meg liggje, naar av du
sigler, at ikkje eg orsak vert til gudeharm mot deg;
brenn meg paa baal og saman med meg dei vaapni eg brùka;
faa so ein gravhaug yver meg reist paa strandi ved havet,
at jamvel komande ætter kann meg usæling minnast.
Dette fullføre du meg. Og sèt upp paa haugen min vel-fest
aari, eg rodde den tid, daa eg var med sellarne saman.»

«So han tala, og eg gav svar med ordi dei fløydge:
Dette eg, usæle, alt skal gjera og fullføre aat deg.»

«Sidan me saman sat og ordi sorgsame skifte,
her eg sjøiv med det kvasse sverd strakt fram yver blodet,
og paa hi sida sveinen min, som rødde so mangt slag.

”Skuggen av mor mi kom, Antikleia, dotter av gjæve
drottnen Avtólykos; nyst ho fraa hadde falle; i live
var ho, daa heiman eg fór paa veg til det heilage Troia.
Hjarte medynk meg tok, daa eg saag henne; graaten fekk magti;
men, um tungt det meg var, eg likevel slepte kje henne
heller til blodet fram, fyrr eg hadde Teiresias utspurt.

«Fram med sn gullstav i hand kom skuggen av Tebai-profeten,
vise Teiresuas; meg han kjende, og soleis han tala:

«Gude-ætting, Laertes-son, raadsløge Odyssevs,
kvifor, usæle mann, forlét du solheimen ljose
og kom hit, dei daude aa sjaa og den stuslege staden?
Men drag fraa grefti deg burt og haldt kvasse sverdet ditt undan
at eg kann drikke blod og usvikelig sanning deg segja.»

«So han tala; eg undan meg drog og sylvslegne sverdet
støytte i slira inn; daa drakk den usviklege spaamann
utav det myrke blod, og etterpaa soleis han tala:

«Heimkome hugleg ynskjer du deg, namngjetne Odyssevs;
men for di heimferd ein gud legg vanskar, og visst ikkje ugaadd
du fraa Jordskakar’n slepp, som harm hev til deg I hjarta
og er deg ilskefull, av di at son hans du blinda.
Men etter mykje naud de endaa heim att kann koma,
um du hugen agar hjaa deg og sveinarne dine,
naar med snekkja den velbygdede ved Trinakia-øyi
sigler mot land, vel slóppne ifraa dei havbaarur myrke,
og de buskapen finn og smalen glide, som der paa
beite solguden hev, han som allting skòdar og høyrer.
Læt de dyri i ro og berre paa heimferdi tenkjer,
daa etter mykje mas kann de endaa til Itaka koma;
men um de skade deim gjer, for skip og for sveinar eg daa deg
undergang spaar. Og um undan enn du sjølv fær deg berge,
seint og sutsamt og utan felagar daa paa eit framandt
skip du til Itaka naar, og i huset ditt uhugnad finner:
møter ovmodige menn, som upp ét midelen for deg,
og som til herlege vivet ditt bélar og festarfé tilbyd.
Valdsferdi deira for visst du tuktar deim for, naar du heim kjem.
Men naar paa bélann’ du hev I hallerne dine gjort ende,
anten med svik hell i open strid med malm-eggi kvasse,
tak deg ei skipsaar paa herdi daa og gjev deg paa flakking
ut, til dess at eit folk du finn, som sldri hev harvet
sétt eller ete mat som frisk var halden med salting
og ikkje heller veit um dei raskgjengde, kin-raude farty
eller dei lettføre aarar som er liksom vengjer for skipi.
Nemne eg skal deg òg eit teikn som ikkje vil svike.
Naar du paa vegen ein gong ein annan ferdamann møter,
og han deg spør: ,kvi gjeng med ei kastefjøl du paa oksli?» ---
tak den handsame aari di daa og fest ho i jordi,
og før fram eit rikjeslegt blot for herren Poseidon,
slagtanda honom ein tjor, ein vêr og eit villsvin av hanslag.
So fèr du heimatt; og der eit festlegt storblot du halde
for dei gudar som hev til heimvist himmelen vide,
alle, ein etter ein. Til slutt deg, men ikkje paa havet,
dauden roleg og mild vil koma og burt deg i blidan
alderdom taka, naar krafti er øydd. Ikringum deg folket
sælt vil liva og trygt. No lagnaden sant eg hev sagt deg.»

«So han tala; og att eg honom svara daa soleis:
Dette, Teiresias, hev daa gudarne sjølve meg laga.
Men du segje meg eitt; og lat meg sanningi vìta.
Sjæli her etter mor mi eg ser, som i dauden er slokna;
nære blodet tagall ho sìt, og ikkje sin eigen
son ho idest i augo aa sjaa eller til honom tala;
seg meg, hovding, kóss fer eg, so att ho meg kjenner for son sin?»

«So fall ordi; og straks med ordi dei fløygde han svara:
Lett er bòdet eg segja deg vil og paa hjarta deg leggje:
kvar den skuggen her av fraafallne, som du gjev løyve
til aa koma aat blodet fram, vil sanning deg segja;
kvar som burte du held, den vil tilbake att gange.»

«Talande so til Helheimen ned att sjæli aat vise
spaamann Teiresias gjekk, daa lagnaden sagt meg han hadde.
Men eg sjølv heldt med hugtraae ut og dryfge, til mor mi
kom og drakk av det myrke blod. Daa trast ho meg kjende;
og med ordi dei fløygde so ho jamrande tala:

«Son min, seg meg, kóss hit du til Skómeheimen er komen
livande? Fælsleg er staden her for alle som liv hev.
Svære elvar det millom oss ligg med fælslege straumar,
fyrst Okéanos-elvi, den, som ein ikkje kann koma
nokorleis yver til fots; eit velbygt skip lyt ein hava.
Og no hit kjem du òg paa di lange, flakkande villferd
att fraa Troia med farty og folk? Du naadde kje enno
fram til Itaka øy og i kongsgarden vivet ditt att saag?»

«So fall ordi; og eg henne svara og til henne tala:
Mor mi, trongsmaal meg dreiv hit ned til rike aat Hades;
Tebai-spaamannen vis, Teiresias, raadspyrja laut eg.
Enno eg ikkje Akaia hev naatt; paa heimjordi enn eg
ikkje fekk treda; i mødur jamt ikringum eg flakkar,
alt fraa den stund daa i lag eg med drottnen gjæv Agamemnon
av til det hest-rike Ilios drog, mot Troar aa stride.
Men no segje du meg og late meg sanningi vìita:
kva for bane han tvinga deg med,den kvalfulle dauden;
var det snikjande sott? Hell hev Artemis, disi med bògen,
aat deg med linne pilerne søkt og livet ditt teke?
Og du um far min med, og um son min fortelje, som etter
heime eg lét; er kingshøgdi enn hjaa deim, eller gjekk ho
yver til annan-mann no, daa dei trur at ikkje eg att kjem?
Seg meg òg, kóss i hug og tankar kona mi hev det,
um ho hjaa sonen vaar er og stødugt vaktar vaart velstand,
elle um no ho med ein av dei beste Akaiar er gift att.»

«So eg tala, og meg til svar gav vyrdslege mor mi:
Visseleg hugfast og stød i hjarta enno ho held seg
heime i kingsgarden din; og næter henne og dagar
gjeng i saknad og sut, med’ salte taarerne strøymer.
Ingen hev enno kinngshøgdi di; Telémakos brukar
kongsjordi rolegt og trygt od ved aalmenn-gildi vert sessa,
der den retten verjande mann, som sømelegt, plass hev;
alle bed honom til gjest. Men far din ute paa landet
held seg; han aldri til byen gjeng. Og til legestad ikkje
lehger brukar han seng med teppe og herlege aaklæd’.
Heile vintren han ligg i drengjestova, paa golvet
nære aaren, med kroppen sveipt i daalege klæde;
men naar sumaren kjem og sidan den brikjande frukt-tid,
allstad paa marki daa under tréi kringum i hagen
lège finn han seg reidd av lauv, som til jordi er falle.
Der sorgmodig han ligg og yver i hugverken gjev seg;
saart etter heimkoma di han lengtar, og alderen tyngjer.
So er òg folna burt av saknad og dauden laut fylgje.
ikkje i kongdgarden hev den skarpsynte disi med bògen
aat meg søkt og med linne pilerne livet meg teke;
ikkje det heller ei sott seig paa meg, av desse som vanleg
livet or lémerne syg ved taugfør, tærande verkjing;
sakanad det var etter deg, Odyssevs, og etter din klokskap
og ditt huglege lag, som tok livet det søte ifraa meg.»

«So ho tala. Men eg med tunge tankar i hugen
sjæli etter mi fraafallne mor i famn vilde taka.
Tri-gong eg etter ho treiv, med hjarte lengt etter famning;
tri-gong ho ut or famnen min gleid som eit draumsyn, ein skugge.
Sorgi saare daa meir og meir i hjarta fekk magti;
og med spyrjande ord eg soleis til henne tala:

«Mor mi, kvi glid du burt, naar eg vil deg inntil meg taka,
at i Hadesheim òg, med armarne fast um kvarandre,
baae me kunde vaar hug med jammer sytgjeleg lette?
Er du berre ein hâm, skal tru, som Persefoneia
sende meg hit, at eg endaa meir skal i vonløyse sukke?»
«So eg tala og straks den vyrdslege mor mi meg svara:
,Arme min son, mest usæle mann av alle som liv fekk,
Persefoneia, dotter av Zevs, forvildrar deg ikkje;
soleis laga det er for alle, naar dauden er komen;
daa ikkje sénarne meir kann kjøt og bein halde saman;
med uvinneleg magt alt dette den tærande elden
øyder, so snart som livet forlæt dei gulkvite knokar,
medan sjæli kverv burt som ein draum og flangrar og flakkar.
Men no søkje du ljoset att. Og det som du her saag,
hugfest det vel, at du kann det til vivet ditt sidan fortelja.»

«Soleis saman me tala. I mengd det kvende seg samla
kring oss ihop; den megtige Persefoneia deim sende;
ægtemakar det var og døtrar til hovdingar fordom.
Kringum den blod-depel myrk dei i hopar tette seg flokka;
men eg undrast med meg, kóss eg kunde deim serskilt faa utspurt.
Denne raadi til slutt den beste syntest meg vera:
sverdet kvasse eg drog fraa den sterke mjødmi og lét deim
ikkje alle i flokk av det myrke blodet faa drikke;
ei og ei daa i senn gjekk dei fram, og kvar av deim fraasegn
gav um si ætt; eg so deim alle saman fekk utspurt.

«Den som eg fyrst fekk sjaa var Tyro, velborne vivet,
dotter, som byrg ho meg sa, av den herlege helten Salmonevs,
ho som med Kretevs, son nav Aiolos, gift hadde vore.
Men sin elsk hadd’ hp lagt paa den heilage elvi Enipevs,
den som utifraa yndefull fram gjenom markerne strøymer;
og ved den fagre Enipevs-straum ho tidt hadde vanka.
Der henne møtte, som elvguden skapt, jordskakar Poseidon;
og ved elvmynnet so paa strandi dei femndest i elskhug;
baara seg purpur-myrk som ein bergvegg reiste ikring deim
høg og innyver-kvelvd, so at gud som kvinne vart dulde.
Beltet hennar han løyste og svevn han yver ho lagde;
og daa den veldige gud skulde sistpaa fraa henne skiljast,
handi hennar han tok og soleis til henne tala:

«Gled deg, kvende, for saman me var; fyrr aaret er ute
føder du herlege born; ikkje faafengt er famntak med gudar;
og du skal vyrdsle deim vel og paa beste maate deim fostre.
Gakk no til huset ditt heim og nemn ikkje det som hev hendt deg;
det daa vìta du skal: jordskakaren er eg, Poseidon.»
«Talande soleis ned i det baarnde havet han dukka.
Fremmeleg Tyro vart og Nelevs og Pelias fødde;
baa tvo gjorde Zevs Kroníon til mergtige drottnar;
Pelias, rik paa faar, den vidbygde byen Jaolkos
styrde, og Nelevs konge vart i det snadrike Pylos.
Kretevs, mannen sin, òg fødde Tyro herlege søner:
Aison og Feres og dertil den vognstridar djerv Amytaon.

«So eg Antíope saag, den dotter av helten Asopos;
ho kunde rose seg av i armen aat Zevs aa ha sove.
Og tvo søner ho fekk med honom: Amfíon og Zetos;
desse det var som fyrst bygde Tebai, den sju-porta byen,
og lagde mur ikring den; for murlause kunde dei ikkje
bu i Tebai, den romlege by, med all deira styrke.

«Næst etter henne Alkmene eg saag, Amfitryon-vivet,
ho som den hugdjerve helt, den løvehjarta Herakles,
etter eit famntak med Zevs Kroníon fødde til verdi.
Dertil eg Megara saag, den dotter av ovlaatne Kreion,
og aat son av Amfitryon viv, den frikar i styrke.

«Mor eg til Oidipus saag, Epíkaste yndefiull, ho som
gjorde det vaae verk, ukunnig med sjølve-seg um det,
at ho tok son sin til mann. Han far sin fyrst hadde drepe;
gifte med mor si seg so. Men gudarne skjemsla lét spyrjast
straks. I den herlege Tebai by han Kadmeiarn styrde,
tyngd av jammer og sut etter tjonslege raader av gudar;
ho gjekk til Helheim ned, der ved porten den megtige Hades
vakt held; vìtlaus av sorg eit reip ho høgt under bjelken
bunde hadde seg braatt; men etter lét ho aat honom
all den kval som ei mor ved hemndiser harme kann valde.

«Kloris eg likeins saag, den fagre, som Nelevs til viv tok
for hennar venleik skuld; det gaavur i mengd honom kosta.
Yngste dotter ho var av Amfion, ætting av Jasos,
som i den Minyar-by Orkómenos raadde med velde
Dronning i Pylos ho vart og herlege børn honom fødde:
Kromios, Nestor som òg Periklymenos, helten hin byrge;
dertil ei dotter framifraa ven, den vidspurde Pero.
Bélar fekk denne i mengd; men einast den vilde Nelevs
hava til vèrson, som vaaga ein flokk utav breidskalla ùksar
drive fraa Fýlake burt, fraa den ovlegt sterke Ifíklos.
Vandt var dette, og einast den gjæve spaamann Melampus
baud seg til vaagnaden fram; men guddoms-raadgjerdi harde
honom til mein vart; i lekkjur og band honom hyrdingann’ lagde
Elles, daa dagar og maanadar heilt hadde fullføt sin rundgang,
og daa aaret paa nytt kom i rulling med skiftande tider,
honom fraa bandi att Ifíklos den megtige løyste,
di han sant hadde spatt; so guderaadi vart fullførd.

«Leda ogso eg saag, det herlege Týndareves-vivet,
som hadde drottnen hin megtige født tvo modige søner,
fiktaren djerv Polydevkes og hestetemjaren Kastor.
Desse den nærande joedi hev gøymt, men enno dei liver;
for under jordi deim Zevs hev unnt den serlege æra,
at dei annan-kvar dag er i live og annan-kvar daude;
og det av alle vert ære deim vist plent som dei var gudar.

«Etterpaa Ifimedeia eg saag, som var gift med Aloevs;
henne Poseidon, som byrg ho meg sa’, hadde elska, og søner
tvo med honom ho fekk, um ikkje dei lenge fekk liva:
Otos, den framifraa-kar, og den namngjetne helt Efialtes.
Desse den nærande jordi ól upp til veldige kjempur
og til dei fagraste menn næst den vidt namngjetne Oríon.
Nie aar gamle dei kvar heldt nie alner i drygdi,
og paa høgd var dei baae tvo ni’ duglege famnar.
Gudarne sjølve, som bur paa høgan Olympos, dei hota
med aa faa ufred i gang og dundrande stridsbraak; dei vilde
stople Ossa upp-aa Olymp og Pelions skogfjell
ovanpaa Ossa att og soleis stige til himmels.
Og hadde manns-aar dei naatt, dei dette òg hadde fullført;
men den herlege son til Zevs og Leto, Apollon,
sande deim baae si pil, fyrr skjegghaar paa vangarne voks deim,
og fyrr hòkurne deira med dun seg mjukt hadde hya.

«Faidra og Prokris eg saag og det fagre viv Ariadne,
dotter av Minos, den vise drottnen, henne som Tesevs
førde fraa Kreta med til det gudevigde Atenai,
men ikkje vann; etter vitnemaal gjeve av gud Dionysos
Artemis lét henne døy for pili si lette paa Dia.

«Klýmene ogso eg saag, og Maira; likeins Erifyle,
ho som skamlaust sin mann for eit gullan halsband forraadde.
Men ikkje nemne eg kann eller skìlleg segja ifraa um
alle dei hovding-viv og hovding-døtrar eg skòda;
fyrr visst den heilage natt fekk ende. Og tidi er komi
no til aa so`va, her hell i lag med sveinom paa skipet.
Og mi heimferdsvon sèt til gudarne eg og til dykker.»

So han tala. Og alle ikring honom tagde og lydde,
hugtekne reint, der dei sat i den store, skugg’svale halli.
Til deim tala ho daa, den armkvite dronning Arete:

«Seg meg, Fajakar, kóss synest for dykk denne mannen aa vera,
baade av aasyn og skapnad som òg i den umtenkte hugen?
Gjest han er nok hjaa meg, men med er de alle um ære.
Ikkje for braadt de daa burt honom sende; og ver kje for knappe,
no, daa han er i skort, med gaavur; de mykje av eigner
kvar hev liggjande heime hjaa seg etter raadgjerd av gudar.»

Til deim tala han daa, Ekénos, hovdingen gjæve,
han som den eldste var av alle fajakiske menner:

«Visst ikkje, véner, imot dykkar eigen tanke og meining
vise dronningi no hev tala; de etter daa høyre!
Avgjerdsordet maa elles her Alkínoos segja.»

Honom gav kong Alkínoos svar, og soleis han tala:
«Ja; det ord ho hev sagt skal staa, so sant som eg liver
og yver sjøfararfolket her, det fajakiske, raader.
Gjesten vaar likevel daa, um sterkt han heimetter stundar,
tòla seg maa til i morgo, at gjestgaava vaar eg kann heilt faa
skìpa i stand. For ferdi so vil mennerne syte,
alle og mest eg sjølv, som her i folket hav magti.»

Honom savarande no Odyssevs hin mangrøynde tala:
«Vidan namnspurde helt Alkínoos, megtige hovding,
um so eit aar de baud meg her aa vera til endes,
med’ de ferdi mi skìpa i lag og gjestgaavur ytte,
gjerne eg òg vilde det; for mykje betre det visst var
for meg til landet mitt heim med fullare hender aa koma;
dess meir velkomen daa eg vart og vyrd millom alle
folk som meg saag koma att til mitt hus paa Itaka-øyi.»

Honom svar Alkínoos gav, og soleis han tala:
«Ikkje Odyssevs, um deg den tanken me fær, naar me ser deg,
at du ein svikar er og ein snikjar av desse som jordi
vidt og breidt slik ei mengd èl upp av, det rundrekar-slaget
som lager sogur ihop so fint, at ein ser ikkje lygni;
du hev ynde i ord og dertil gjæleik i hugen,
og som ein skald fortèl du oss heilt upp kunstrett um all den
naudi Akaiarne leid og den motgang som sjølv du laut freiste.
Naa, fortèl meg daa dette, og seg meg den reinaste sanning:
um du nokon hev sett av dei gudgjæve kjempur som saman
med deg til Ilios fór og der si lagndsstund møtte.
Lang er natti, oversleg lang, og tid er det ikkje
enno til ro og til svevn; dei furde hende fortèl daa.
Alt til morgons eg her i halli gjerne vert sitjand’,
kann berre du halde ut aa fortelja trengslerne dine.»

Honom soleis gav svar den mang-røynde gjæving Odyssevs:
«Vidan namngjetne helt Alkínoos, megtige konge,
tid til sogur det er, og tid det òg er til soving;
men hev hug du til meir aa høyre, eg av ikkje bjode
vil aa fortelja um annan og enn verre motgang som raama
felagann’ mine, dei, som sidan livet sitt misste;
heppne fraa striden hard ved Troia dei undan var komne;
men dei ved heimkoma fall for svik av eit rangviljugt kvende.

«Ikkje fyrr hadde burt den heilage Persefoneia
drìve og hit-og-dit spreidt dei flakkande kvendeskrymt-hopar,
daa sveiv hamen fram av Atrevs-son Agamemnon,
sorgall i hug, med deim ikring seg, som saman med honom
hjaa Aigistos sin bane fekk og ei syrgjeleg avferd.
Augo han paa meg feste, og straks han atter meg kjende;
graaten lydt honom tok, og stride taarerne strøymde.
Armarne mot meg ut han rette og vilde meg femne;
men ikkje lenger si kraft dei hadde, og burte var styrken,
den dei aatte i fordoms tid, dei lédmjuke lémer.
Medynk meg tok, daa honom eg saag, og graaten fekk magti;
spyrjande til honom so med ordi dei fløygde eg tala:

«Vidgjetne Atrevs-son Agamemnon, du hovding for hèrmenn,
med kva bane vart du ved dauden hin kvalfulle tvinga?
Er det Poseidon, som hev paa fartyet livet ditt teke,
eggjande mot deg til veldig storm dei susande vindar?
Eller hev fiends menn deg drepe inne paa landet,
daa du paa rovferd var etter bufé og velhalden smale?
Eller fall du i strid for byen din of for kvendi?»

«So eg spurde, og straks med desse ordi han svara:
Gude-ætting, Laertes-son, raadsløge Odyssevs,
ikkje Poseidon det er, som paa skipi hev livet mitt teke,
eggjande mot meg til veldig storm dei susande vindar;
ikkje fiendsmenn hell hev drepe meg inne paa landet;
nei, Aigistos og langnaden myrk hev gjeve meg dauden.
Han og det brotslege vivet mitt bad til gjest i sitt hus meg;
og han ved bordet meg drap, som ein slær ein ukse ved krubba.
Soleis ein jammerlag daude eg fekk; og mennerne mine
kringum meg ein etter ein vart nedhogne, liksom naar griser
kvit-tennte slagta vert hjaa ein rikmann megtig til bryllaups,
hell til eit fønnings-lag, hell eit høgtidslegt glide for vener.
Sjølv var du ofte med, der hogg fekk blod til aa renne,
anten det tvomanns-strid var eller bardage hèrar imillom;
men hadde dette du sétt, hadde hugen din sers vorte upp-øst,
soleis som kringum bollen med vin og um gjestebòds bordi
rundt i halli me laag, medan blod yver golvet det fløymde.
Serleg saart det meg var aa høyre det skrik som Kassandra,
dotter til priamos, gav, daa Klytaimnestra den løynske
yver meg strakt henne drap; til verjing eg for henne lyfte
døyande handi; men den berre seig att. Den skamlause burt seg
snudde og gav seg kje tid, dessmeir, til aa lata att augo
eller munnen paa meg, som alt paa veg var til Hades.
Inkje so skamlaust det finst eller fælt som eit sovore kvende,
som kann i hjarta og sinn furde ut slik ofseleg udaad,
soleis som no denne her tenkte ut so uliklegt eit illverk
som aa ta’ livet av husbonden sin. Eg hadde den tanken
gjort meg, at heim til mitt hus eg kom til hugnad for alle,
husfolk som born; men ho, dette uting av vondske og illske,
ut hev sulka og skjemt baade seg og alle dei kvende,
som gjenom tiderne kjem, jamvel dei som legg vinn paa det gode.»

«Honom til dette so med ordi dei fløygde eg svara:
Fælslegt. Den vidsynte Zevs i sanning hatfullt forfylgde
Atreves-søneerne alt fraa gamal tid gjenom kalde
 kvende-meinraader. So for Hélena stupa i mengd me,
og imot deg, med’ burte du var, spann svik Klytaimnesta.»

«So fall ordi, og straks til dette han svarande tala:
Ver daa kje heller du for vægjen jamvel mott ditt viv;
ikkje fortru henne alt, du kann hava i hug og i tamnke;
lat henne vìta sùmt, men anna du for henne løyne.
Ikkje av deg likevel tek kona livet, Odyssevs;
vìtug er ho i sinn og dertil hjategod, dotter
utav Ikarios hæv, den umtenkte Penelopeia.
Aa, so ung, ja enno mest brur, ifraa henne av me
ut i ufreden fór; ein gut ho hadde ved brystet,
euno liten; men no i manna krinsen han sìt vel
heil og sæl. Og son’ sin fær faren sjaa att, narr han heim kjem;
hjarteglad sonen òg vil far sin velkomen helse.
Men ikkje den gleda hell; aa faa att for augo sjaa son min,
unnte mi kòne meg; ja ho drap meg, fyrr det kunde hende.
Men eg vil segja deg eitt, og det du deg leggje paa hjarta:
løynlegt og ikkje udult du inn skal med fartyet leggje,
naar du til heimlandet kjem; for tru kann ein aldri paa kvendi.
Og du segje meg eitt, og lat meg sanningi vita:
um de hev nokorleis spurt til son min, som enn er i live,
kor han so er, i Orkómenos by, i det sandrike Pylos,
eller i Sparta, hjaa Atrevs-son Menelaos, kannhende;
for ikkje døydde paa jordi enn den gjæve Orestes»

«So fall ordi, og eg honom svara, talande soleis:
,Atrevs-son, kvi spør du um det? Eg ikkje kann segja
um han liver hell ei; og paa maafaa ein ikkje skal tala.»

«Soleis me skifte sutsame ord, som saman me stod der
tyngde av sorg i sinn og med stride taarer paa kinnom.
Til oss kom hamen so av Pelevs-sonen Akillevs
med Patroklos i lag og Antilokos, like-eins Ajas,
han som den fremste var i baade vokster og venleik
millom danáiske menn, næst Pelevs-sonen hin byrge.
Att han kjende meg straks, den fotrappe Ajakos-ætting,
og med ordi dei fløygde so han jamrande tala:

«Gude-ætting, Laertes-son, mangrøynde Odyssevs,
djerving, kva større manndomsvek vil du tenkje ut enno?
Kor kann du vaage til Helheim deg av, der dei held seg, dei daude,
skrymt utan medvìt, skuggar som ned seig, trøytte av møde?»

«So fall ordi, og eg honom soleis talande svar gav:
Pelve-son Akillevs, du gjævaste millom Akaiar,
finne eg vilde Teirsesias her, um han raad kunde segja,
korleis eg heim skulde naa til den fjellrike Itaka-øyi.
Ikkje eg enno kom til Akaia eller fekk foten
fest paa heimjordi; sut vart min lagnad. Men ingen, Akillevs,
hev vore sæl som du, og ingen heretter vert det.
Fyrr, daa du livde, deg høgt som ein gud alt folket i Argos
vyrde, og no du her hev drottins magt yver draugom;
ikkje du gremme deg daa, for du hit er komen, Akillevs.»

«So fall ordi, og straks han soleis talande svar gav:
Trøyst meg ikkje, for hit eg er komen, gjæve Odyssevs;
heller for dagløn eg gjekk og med jordarbeid sleit for ein annan,
um so ein fatig mann, som lite aa liva av hadde,
enn yver alle daude eg raade vilde og rikje.
Men um son min den herlege maa eit ord du meg segja:
kom han i ufreden med og for-stridar vart, eller ikkje?
Likeins segje du meg, kva um Pelevs hin ædle du høyrt hev,
um han med ære enn yver Myrmidonarne raader,
eller han minder er vyrd rundt kringum i Hellas og Fita
no, daa veikna han hev i føter og armar av alder.
Aa, kund’ eg vera til hjelp der upp-I den straalande solheim
kraftfull som fyrr, daa rundt ikring i det tróiske landet
gjævaste kjempunn’ eg fellte til vern og trygd for Argeiom!
Kom eg, sovoren, no til farshuset, um so ei snarvend,
raskt med mi kraft eg daa og dei faarlege henderne mine
skræmde kvar som fór krenkjande fram mot den gamle og vyrdlaust.»

«Honom til desse hans ord eg soleis talande svara:
Ikkje um Pelves, den fullgode kar, eg nokonting spurt hev;
men um sonen din kjær, Neoptólemos, skal eg fortelja
sannmælt alt det eg veit og høyrde, so som du bed meg.
For eg sjølv honom hev paa det jambygde, romlege farty
ført ifraa Skyros fram til Akaiann’, dei velpansra stridsmenn.
Naar ved den tróiske by i hèr-thing saman me raadslog,
han tala fyrst, og stødt han saumen paa hovudet raaka;
berre den gudgjæve Nestor og eg var i tale hans meistrar.
Men naar med melmen i hand me paa Ilios-sletta i strid var,
aldri han heldt seg daa i hèrmanns-mengdi, i flokken;
langt framum hine han gjekk og undan veik kje for nokon;
og i den hardsette ota i mehgd han fiendar fellte.
Visseleg ikkje upp eg deg nemne kann eller rekne
alle dei menner som ned han slog til hjelp for Akaiom;

men kva var kje for helt Evrýpylos, Telefos-sonen,

som han med spotet vog! Av dei andre Keteiar ei mengd han
ned hogg, i ufreden med dei for gull til eit kvende var komne.
Fagraste mannen han var, eg hev sétt, næst den gudgjæve Memnon.
Daa i den hasten, som bygt oss hadde Epeios, me inn var
komne, me beste Argeiar, og eg skulde tilsynet have
med aa opne det gøymslet sløgt og halde det att stengt,
daa kom eg etter, at hine danáiske drottnar og raadsmenn
taarer fraa augo strauk og skjelving hadde i knéi;
men eg kunde kje sjaa med mine augo, at din son
noko-sinn skifte sin blømande lìt eller taarer fraa vangom
undan viska; han bad baade vent og vel at eg sleppe
skulde ’n or hasten ut; og ved sverdskjeftet handi hans heldt seg,
som ved det oddkvasse spjot; paa vondt han mot Troarne tenkte.
Men daa me heilt hadde øydt den høglagde Priamosbyen,
han med hèrfanget sitt og med ære-lùten sin inn steig
heil og sæl i sitt skip; hadde korkje av fjugande oddar
eller av nærsøkne hogg fenge saar, um elles det nok av
slikt plar vanke i strid; so msngeleis hèrguden herjar.»

«So eg tala. Og radfør burt yver bleikblømde Naa-mo
hasta med store stig den Ajakosættings sjæli,
glad yver ordet mitt, at son hans namn hadde vunne.

«Hine hamarne òg etter dei som er daude og burte
sorgsame stod der, og kvar i ser spurde ut meg um si sut.
Einast hamen av Ajas, den Telamon-sonen,
avsides hadde seg halde, av harm for at sìgeren eg vann,
daa hin gongen det stod ved skipi ein retts-stid um vaapni
etter Akillevs; deim mor hans sjølv hadde ut sett til stridspris;
domarar menner fraa Troia var og Pallas Atene.
Heller skulde eg ynskt, at eg ikkje den pris hadde vunne,
enn st jordi for deira skuld slik mann skulde gøyme,
Ajas, som merket seg ut i skapnad og daad framum alle
i det danáiske folk, næest Pelevs-sonen hin gjæve.
Og eg med milde ord meg til honom vende og tala:

«Ajas, gjæve Talamon-søn, du hev daa kje enno
jamvel i Helheimen, gløymt din harm for dei usæle vaapni,
som ved gudarne upp til tjon for Argeiar vart sette?
No hev dei misst deg, sitt taarn og si borg, og alle Akaiar
sidan sygjer deg so, som me syrgjer den gudgjæve Pelevs-
sonen Akillevs. Men skuld for det alt hev bere den eine:
Zevs, hin veldige, han som hav paa danáiske hèren
harmfull sin vreide lagt, og som deg din lagnad hev spunne.
Men kom nærare., drottin, og høyr mitt ord og min tale;
ned du tvinge den harm, som brenn i ditt manuslege hjarta!»

«So eg tala. Han ikkje gav svar, men fylgde dei hine
flakkande skrymti ned til Erebos, heimen for skuggar.
Likevel hadde han visst, um harmfull han var, tala til meg,
eller til honom eg; men hjarta meg lengta i barmen
etter aa fleire skuggar faa sjaa av fraafallne menner.

«Straks daa Minos eg saag, den herlege son av Kroníon,
han som med gullstav i handi sìt og dømer dei daude.
Kringum den drotten høge i ring dei retten sin venta,
der dei sat eller stod ved Helheims portarne breide.

«Etter honom Orìon eg saag, den oversleg store;
her han veidde dei dyr ikring paa den bleikblømde Naa-mo,
som han sjølv hadde fyrr paa einslege fjellvidder drepe;
klubba i handi han bar, den som aldri eller brotnar.

«Tityos likeins eg saag, den namngjetne sonen att jordi;
ut-yver marki han lagg og ni' maal dekkte med kroppen.
Gribbar paa kvaare sida hans sat og i livri hans hakka;
inn gjenom netja dei trengde, og ikkje han kunde seg verja;
vivet aat Zevs hadd' han skjemt, maa tru, den herlege Leto,
daa ho til Pyto drog fram gjenom det fagre Panopevs.

«Tantalos saag eg med; i fælsleg pine han møddest;
midt i ei tjønn han stod, med vatnet heilt upp til hoka;
tyrstande stræve han saart, men kunde kje torsten faa sløkkje;
for naar han bøygde seg ned, den gamle, og freista aa drikke,
vatbnet vart sòge burt og seig, og botnen den nakne
sistpaa seg viste ved føterne hans; ein gud lét det kverve.
Og ikring øyro hans hekk greiner som lavde av frukter,
saftige fikur i mendg og pærur og kinnraude eple,
dertil granaten søt og den gode grøne oliva;
men naar gamlingen upp rette handi og vilde deim taka,
braakomne vindgufsar straks deim høgt upp fraa honom lyfte.

«Sisyfos ogso eg saag; i endelaus møde han stræva:
paa ein uhorveleg stein med henderne velte og drog han.
Lagde seg aat 'n med magt og med armann' og føterne baska;
skulde'n hava paa bergryggen upp. Men nettupp som steinen
syntest paa høgdi aa vera, ved tyngdi si eigi hann bikka,
dermed daa i ein snedd han rulla ned att aat marki.
Sisyfos dermed paa nytt laut til att med steinen, og stæva
gjorde 'n so sveitten rann, og dumba dreiv 'om kring øyro.

«Næst etter honom vâr eg vart den sterke Herakles.
Eller daa skuggen hans; for sjølv i lag han med gudom
lìver i sæle og hev til viv den fotfagre Hebe,
dotter aat høgherren Zevs og Hera med gullan sanda lom.
Rundt honom gjekk det eit tòt av daudingar liksom av villfugl-
flokkar som skæmde flaksar og flyg; sjølv glum'leg som natti
stod han med bogen budd og pili upplagd for strengen;
strid-øygd han saag seg ikring, liksom ferdug nett til aa skjote.
Yver den kjempe bringa breid laag den skæmslege sverd-reim,
klædd med gull og prydd med kunsteverk som underfullt brikte:
bjørnar og ville svin og løvur med eldglim i augo,
hèrar i strid og holmgang og draap og mannslaging fælsleg.
Gjev at den som med kunst hev laga ei sovori sverdreim
aldri hadde ho gjort, og aldri maken maa gjera!
Meg Herakles kjende, so snart for augo han fekk meg;
og med ordi dei fløygde so han jamrande tala:

«Gude-ætting, Laertes-son, mangrøynde Odyssevs,
arme, visst paa ein ladgnad du ber so tungsam som den eg
drogst med sjølv den tid, daa i solstraaleheimen eg vanka.
Son av Zevs Kroníon eg var, men endaa det laga
var meg endelaus sut; ein mykje ringare mann eg
trælande tente, og han lagde paa meg dei sværaste arbeid.
Hit ned han sende meg òg, til aa hente Hèlhunden; inkje
hardare vek enn det han aat meg ut kunde tenkje.
Endaa eg hunden henta og upp honom førde fraa Helheim;
fylgje Hermeias meg var og den straal-øygde Pallas Atene»

«Talande so han gjekk att-ende til heim aat Hades.
Sjølv vart eg verande att og venta, um einkvan det enno
koma kunde av deim, som longo var daude og burte.
Synt seg hadde vel fleire òg av heltar fraa fordom,
Tesevs, Peirítoos, andre med av dei gudsøner gjæve;
men seg daudingar no hadde samla i tallause skarar
med forfælande skrik; den bleik andfæla tok meg
for at fraa Helheims djup den kaldlege Persefoneia
Gorgo-hovudet hit kunde sende, det oversleg fæle.
Hastande daa eg gjekk til skipet og baud mine sveinar
snøgt seg aa skunde umbord og landfest-linure løyse.
Dette gjorde dei straks; so tok dei paa tofturne sæte.
Ned Okéanos skipet vart ført ved den baarande strøyming;
fyrst me rodde eit bìl; men so fekk me høveleg medbør