Skilnad mellom versjonar av «Vikedagane»
sInkje endringssamandrag |
s (Dei indo-européiske formene kann hava godt av upprudning. T.d. ved at alle er frå same kjelda (kann henda Íslensk orðsifjabók), eller nyttar same stavnad (j, i̯ eller y for /j/).) |
||
Line 20: | Line 20: | ||
Tilsvarande latinske namn er ''diēs Mārtis'' som tyder ‘dagen åt Mars’, stridsguden i romersk gudekunna, same som Ty er i norrøn. | Tilsvarande latinske namn er ''diēs Mārtis'' som tyder ‘dagen åt Mars’, stridsguden i romersk gudekunna, same som Ty er i norrøn. | ||
''Ty'' kjem av [[frumgermansk]] | ''Ty'' kjem av [[frumgermansk]] ''*teiwaz'', [[frumindoeuropeisk]] ''*deywós'' ‘gud’, frå ''*dyew-'' ‘himel’. Av ''*deywós'' kjem au gr. ''Zeũs'' og lat. ''Jūpiter'' (< ''*Diu-pater''). | ||
På islendsk vert dagen kalla ''þriðjudagur'' ‘tridjedag’, og på færøysk vert han kalla ''týsdagur''. | På islendsk vert dagen kalla ''þriðjudagur'' ‘tridjedag’, og på færøysk vert han kalla ''týsdagur''. | ||
Line 29: | Line 29: | ||
Tilsvarande latinske namn er ''diēs Mercuriī'' som tyder ‘dagen åt Merkur’, guden for ferd og tjuvskap. | Tilsvarande latinske namn er ''diēs Mercuriī'' som tyder ‘dagen åt Merkur’, guden for ferd og tjuvskap. | ||
''Oden'' kjem av [[frumgermansk]] | ''Oden'' kjem av [[frumgermansk]] ''*Wōdanaz'' av ''*wōdaz'', [[frumindoeuropeisk]] ''*weh₂t-''<!--''*u̯āt-'' eller ''*u̯ōt-''--> ‘vera od’, jf. nn. ''od''. | ||
På islendsk vert dagen kalla ''miðvikudagur'' ‘midvikedag’, og på færøysk vert han kalla ''mikudagur'', so nær som i Suðuroy-målet, der det er ''ónsdagur''. | På islendsk vert dagen kalla ''miðvikudagur'' ‘midvikedag’, og på færøysk vert han kalla ''mikudagur'', so nær som i Suðuroy-målet, der det er ''ónsdagur''. | ||
Line 43: | Line 43: | ||
Tilsvarande latinske namn er ''diēs Iovis'' som tyder ‘dagen åt Jupiter’, kongen hjå gudane i romersk gudekunna. | Tilsvarande latinske namn er ''diēs Iovis'' som tyder ‘dagen åt Jupiter’, kongen hjå gudane i romersk gudekunna. | ||
''Tor'' kjem av [[frumgermansk]] | ''Tor'' kjem av [[frumgermansk]] ''*þun(a)raz'' ‘tora’, frå [[frumindoeuropeisk]] ''*(s)tenh₂-''. | ||
På islendsk vert dagen kalla ''fimmtudagur'' ‘femtedag’, på færøysk vert han kalla ''hósdagur'' (h < þ), og i Suðuroy-målet er det ''tórsdagur''. | På islendsk vert dagen kalla ''fimmtudagur'' ‘femtedag’, på færøysk vert han kalla ''hósdagur'' (h < þ), og i Suðuroy-målet er det ''tórsdagur''. | ||
=Fredag= | =Fredag= | ||
Namnet ''fredag'' kjem av [[gamalnorsk]] ''frjádagr'' og hev soleîs rettare [[typeform]]i | Namnet ''fredag'' kjem av [[gamalnorsk]] ''frjádagr'' og hev soleîs rettare [[typeform]]i ‹frædag› som grunnlag for [[uttala]] i [[målføri]]. | ||
Det latinske fyredømet er ''diēs Veneris'' ‘dagen åt Venus’, og for Venus er komi disi Frigg eller Frøya. På gamalnorsk hét dagen ''freyjudagr'' au. Formi ''frjádagr'' i staden for | Det latinske fyredømet er ''diēs Veneris'' ‘dagen åt Venus’, og for Venus er komi disi Frigg eller Frøya. På gamalnorsk hét dagen ''freyjudagr'' au. Formi ''frjádagr'' i staden for ''*friggjardagr'' må vera eit lån frå eit sudlegare germanskt mål, jf. til dømes gamalhøgtysk ''Frîatac'' utan norderlendsk [[skjerping]]. | ||
''Frigg'' kjem av [[frumgermansk]] | ''Frigg'' kjem av [[frumgermansk]] ''*frijjō'', [[frumindoeuropeisk]] ''*prihjā'' ‘elska kona’, skyldt m.a. ''frilla''. | ||
''Frøya'' kjem av [[frumgermansk]] | ''Frøya'' kjem av [[frumgermansk]] ''*frawjō'' ‘fruva, høgvyrd kona’, skyldt ord som ''fyre''. | ||
På islendsk vert dagen kalla ''föstudagur'' ‘fastedag’, og på færøysk vert han kalla ''fríggjadagur''. ''Fríggja-'' er naturleg framvokster av ''frjá-'' og kjem ikkje frå ''*friggjardagr''-formi. | På islendsk vert dagen kalla ''föstudagur'' ‘fastedag’, og på færøysk vert han kalla ''fríggjadagur''. ''Fríggja-'' er naturleg framvokster av ''frjá-'' og kjem ikkje frå ''*friggjardagr''-formi. | ||
Line 63: | Line 63: | ||
Tilsvarande latinske namn er ''diēs Saturnī'' og tyder ‘dagen åt Saturn’, guden for jordbruk. | Tilsvarande latinske namn er ''diēs Saturnī'' og tyder ‘dagen åt Saturn’, guden for jordbruk. | ||
På islendsk vert dagen kalla ''laugardagur'' og på færøysk vert han kalla ''leygardagur''. | På islendsk vert dagen kalla ''laugardagur'' og på færøysk vert han kalla ''leygardagur''. Hjå [[Ivar Aasen|Aasen]] heiter dagen ''laugardag''. Målførelege former er m.a. ''laugurdag'' i Vinje, ''laug(e)dag'' på Raudland, ''lògu-'' / ''løgudag'' på Tinn, elles ''lau-'', ''lu(r)-'' (/lʉːɽa/), ''lor-'' og ''lø(r)-'' (/løːɽa/) sume stader. | ||
Hjå [[Ivar Aasen|Aasen]] heiter |
Versjonen frå 12. mars 2022 kl. 10:35
Vikedagane hev på norsk sernamn som gjeng attende til samgermansk tid, då dagane fekk namn etter latinskt mynster. Her fylgjer ordsoga åt dei einskilde dagane.
Sundag
Namnet sundag kjem av gamalnorsk sunnadagr og tyder ‘dagen åt soli’.
Tilsvarande latinske namn er diēs Sōlis som au tyder ‘dagen åt soli’.
På islendsk og færøysk vert dagen kalla sunnudagur.
Måndag
Namnet måndag kjem av gamalnorsk mánadagr ‘dagen åt månen’.
Tilsvarande latinske namn er diēs Lūnae som au tyder ‘dagen åt månen’.
På islendsk og færøysk vert dagen kalla mánadagur.
Tysdag
Namnet tysdag kjem av gamalnorsk týsdagr ‘dagen åt Ty’
Tilsvarande latinske namn er diēs Mārtis som tyder ‘dagen åt Mars’, stridsguden i romersk gudekunna, same som Ty er i norrøn.
Ty kjem av frumgermansk *teiwaz, frumindoeuropeisk *deywós ‘gud’, frå *dyew- ‘himel’. Av *deywós kjem au gr. Zeũs og lat. Jūpiter (< *Diu-pater).
På islendsk vert dagen kalla þriðjudagur ‘tridjedag’, og på færøysk vert han kalla týsdagur.
Onsdag
Namnet onsdag kjem av gamalnorsk óðinsdagr ‘dagen åt Oden’.
Tilsvarande latinske namn er diēs Mercuriī som tyder ‘dagen åt Merkur’, guden for ferd og tjuvskap.
Oden kjem av frumgermansk *Wōdanaz av *wōdaz, frumindoeuropeisk *weh₂t- ‘vera od’, jf. nn. od.
På islendsk vert dagen kalla miðvikudagur ‘midvikedag’, og på færøysk vert han kalla mikudagur, so nær som i Suðuroy-målet, der det er ónsdagur.
Mikedag
Eit anna namn på onsdag er mikedag. Det er ei samandraging av midvikedag som kjem av gamalnorsk miðvikudagr.
Detta er same samandregne formi ein nyttar på færøysk (utan Suðuroy).
Torsdag
Namnet torsdag kjem av gamalnorsk þórsdagr ‘dagen åt Tor’.
Tilsvarande latinske namn er diēs Iovis som tyder ‘dagen åt Jupiter’, kongen hjå gudane i romersk gudekunna.
Tor kjem av frumgermansk *þun(a)raz ‘tora’, frå frumindoeuropeisk *(s)tenh₂-.
På islendsk vert dagen kalla fimmtudagur ‘femtedag’, på færøysk vert han kalla hósdagur (h < þ), og i Suðuroy-målet er det tórsdagur.
Fredag
Namnet fredag kjem av gamalnorsk frjádagr og hev soleîs rettare typeformi ‹frædag› som grunnlag for uttala i målføri.
Det latinske fyredømet er diēs Veneris ‘dagen åt Venus’, og for Venus er komi disi Frigg eller Frøya. På gamalnorsk hét dagen freyjudagr au. Formi frjádagr i staden for *friggjardagr må vera eit lån frå eit sudlegare germanskt mål, jf. til dømes gamalhøgtysk Frîatac utan norderlendsk skjerping.
Frigg kjem av frumgermansk *frijjō, frumindoeuropeisk *prihjā ‘elska kona’, skyldt m.a. frilla.
Frøya kjem av frumgermansk *frawjō ‘fruva, høgvyrd kona’, skyldt ord som fyre.
På islendsk vert dagen kalla föstudagur ‘fastedag’, og på færøysk vert han kalla fríggjadagur. Fríggja- er naturleg framvokster av frjá- og kjem ikkje frå *friggjardagr-formi.
Laurdag
Namnet laurdag kjem av gamalnorsk laugardagr ‘laugedag’. På gamalnorsk hét dagen þváttdagr ‘tvåttdag’ au. Berre fyrste namnet hev halde seg til i dag.
Tilsvarande latinske namn er diēs Saturnī og tyder ‘dagen åt Saturn’, guden for jordbruk.
På islendsk vert dagen kalla laugardagur og på færøysk vert han kalla leygardagur. Hjå Aasen heiter dagen laugardag. Målførelege former er m.a. laugurdag i Vinje, laug(e)dag på Raudland, lògu- / løgudag på Tinn, elles lau-, lu(r)- (/lʉːɽa/), lor- og lø(r)- (/løːɽa/) sume stader.