Skilnad mellom versjonar av «Skilljod»
Inkje endringssamandrag |
sInkje endringssamandrag |
||
Line 8: | Line 8: | ||
Døme: ordet ''urt'' kann ha den underliggjande ljodformi {{IPA|//ʉrt//}}. Etter [[vestnorsk]]e reglar vert dette {{IPA|/ʉrt/}}, soleis uttala {{IPA|[ʉr̥tʰ]}} eller {{IPA|[ʉʁ̥tʰ]}}, men etter [[austnorsk]]e reglar vert det {{IPA|/ʉʈ/}}, soleis uttala {{IPA|[ʉʈʰː]}}, etter gamle reglar for samlæte av {{IPA|/r/}} + {{IPA|/t/}} som gjeld enno i dag. | Døme: ordet ''urt'' kann ha den underliggjande ljodformi {{IPA|//ʉrt//}}. Etter [[vestnorsk]]e reglar vert dette {{IPA|/ʉrt/}}, soleis uttala {{IPA|[ʉr̥tʰ]}} eller {{IPA|[ʉʁ̥tʰ]}}, men etter [[austnorsk]]e reglar vert det {{IPA|/ʉʈ/}}, soleis uttala {{IPA|[ʉʈʰː]}}, etter gamle reglar for samlæte av {{IPA|/r/}} + {{IPA|/t/}} som gjeld enno i dag. | ||
[[Kategori:Talemål]] |
Siste versjonen frå 18. mars 2022 kl. 00:30
Eit skilljod eller fonem er eit ljod eller ei samling nærskylde ljodavbrigde som ikkje er tydingsskiljande i øyro på talaren.
Døme: /m/ vert uttala [ɱ] fyre [f]. [ɱ] er ikkje eit eige skilljod, men eit avbrigdeljod av skilljodet /m/. /m/ og /n/ er båe eigne skilljod med di det er tydingsskil på ordi [mʷuːɽ] mord og [nʷuːɽ] nord. [mʷuːɽ] og [nʷuːɽ] i dette dømet vert kalla eit minstepar av di dei skil seg frå einannan ved eitt skilljod. Me skriv skilljod millom skåstrik og ljod i hyrneklomber.
Når ein sér på ymse målføre av eit mål, kann talarane av desse tala ut eit skilljod ulikt. Soleis vert alle dei ulike r-ane i norsk avbrigdeljod av skilljodet /r/; me høyrer at dei er ulike ljod, men veit at tydingi ikkje skil seg.
Underliggjande skilljod (arkifonem) eller underliggjande former er ljod eller former ein tenkjer seg beid fyrr en dei vart umlaga av jamning eller samlæte. Skrivemåten i høgnorsk, typeformene me kallar, er skipa etter desse underliggjande ljodformene.
Døme: ordet urt kann ha den underliggjande ljodformi //ʉrt//. Etter vestnorske reglar vert dette /ʉrt/, soleis uttala [ʉr̥tʰ] eller [ʉʁ̥tʰ], men etter austnorske reglar vert det /ʉʈ/, soleis uttala [ʉʈʰː], etter gamle reglar for samlæte av /r/ + /t/ som gjeld enno i dag.