Skilnad mellom versjonar av «Diskusjon:Namnord»
Inkje endringssamandrag |
(Aasen? Bøygjingsformene i yversyni) |
||
Line 19: | Line 19: | ||
: No sér eg dei nyttar nemningi ''frumnorrønt'' i færøyskt. [[Brukar:TH|TH]] 21. juli 2007 kl. 13:18 (CEST) | : No sér eg dei nyttar nemningi ''frumnorrønt'' i færøyskt. [[Brukar:TH|TH]] 21. juli 2007 kl. 13:18 (CEST) | ||
:: Ja, men der tyder vel ''norrønt'' ''norderlendsk'' | :: Ja, men der tyder vel ''norrønt'' ''norderlendsk'' | ||
---- | |||
Eg skynar ikkje heilt kva som ligg til grunn for valet av former her. Eg hev alltid uppfatta høgnorsken til å vera bygd dei mest tradisjonelle formene i 1917-rettskrivingi (ikkje samnorskvariantane som vart tillatne allereide då). Til dømes målet åt Indrebø-brørne. So kann sjølvsagt høgnorsk òg verta nytta um eldre rettskrivingar, ikkje minst den som Ivar Aasen laga(de). Men jamt yver so hev høgnorskfolket halde fast ved 1917-rettskrivingi som ei brukande justering av Aasen-normalen. | |||
I bundi form eintal lint inkjekyn vart t-en i endingi teken vekk allereide i 1901 (augat > auga). Etter mi syn eit heilt unaudsynt brigde, når me enno skriv huset og eplet, men det er no so. Bundne fleirtalsformer utan r, som bakkane, bøkene og visone vart innførde valfrie i 1910, og obligatorisk i 1917. Når det i yversyni her er nytta augat (som fyrr 1901), men former som bakkane,solene, visone osb. (som etter 1917), so veit eg ikkje um detta er tillfellelegt eller eit medvite val, men det verkar meir som personlegt lika former enn den fastare høgnorsktradisjonen. Aasen skreiv augat og bakkarne, Hægstad-normalen frå 1901 hev auga og bakkarne, midlandsnormalen frå 1901 hev auga og bakkane, og etter 1917 hev vel alle skrive det (undanteken dei som skriv auget, men då kann det nog ikkje kallast høgnorsk). Kombinasjonen augat og bakkane verkar for meg å vera uvanleg. | |||
Nokre av eige- og sidefallsformene verkar vera ein grand uvanlege. Er dette meint av vera målføre- eller normalformer, i den grad det hev vore nytta slike former i høgnorsken i det heile. Aasen nytta vel berre sidefall i bundi form fleirtal (-om), og eigefall der det var stivna i faste ordlag. | |||
I Norsk Gramatik i frå 1864 sette Aasen upp eigefallsformer berre i ubundi form, og sidefallsformer berre i bundi form. Eg veit ikkje um nokre norskskrivande som hev bruka eigefall i bundi form eller sidefall i ubundi form. Det må i so fall hava vore tala um stivna ordlag. | |||
I ubundi form fleirtal endar eigefallsformi på -o, ikkje -a, til dømes vikoblad og kyrkjoklokka. | |||
Sidefallsformene i bundi form eintal verkar å vera målføreformer. Dei formene Aasen sette upp var former som bakka, heste, kviste, solenne, elvenne, bøkene, visonne, lande, stykke og auga. Sjå til dømes: | |||
http://nn.wikipedia.org/wiki/Norsk_Grammatik | |||
eller | |||
http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1257&id=3436 | |||
So anten ein likar Aasen-normalen eller 1917-normalen (sjølv tykkjer eg at 1901-normalen kann henda er den beste, sjølv um det i grunnen er noko ein kann vera misnøgd med i alle), bør ein netstad som kallar seg etter Ivar Aasen og vil fremja kunnskap um høgnorsken au halda fram desse viktuge høgnorsknormalane. | |||
--[[Brukar:VTT|VTT]] 22. mai 2009 kl. 21:11 (CEST) |
Versjonen frå 22. mai 2009 kl. 19:11
Kannhenda ein burde laga ei eigi sida med målsoga åt stomnane, med peikar frå stutt-teigane um dagsens bruk. Det vert vandt å greida ut um i- og u-stomnar elles. Same gjeld īn-stomnar (hokyn) som no vert bøygde som ō-stomnar (med undantak i sume målføre vil eg tru)-SAM 21. juli 2007 kl. 11:32 (CEST)
- Me kann ha eigne sogubolkar nedst på dei einskilde stomn-sidone. Det er no inkje som hastar med dèt. Eg tenkte stomn-namnet var det einaste namnet som låg fyre um ein vilde ha eit namn på «undantaki» i namnordbøygjingi i stoda i dag. TH 21. juli 2007 kl. 11:37 (CEST)
- Greidt, me kann byrja med å skrive sogebolkane nedst på sida, men me bør laga ei eigi seinare (jfr ovan um īn-stomnar). Skal me kalla det frumnorrønt eller frumnorderlendsk (som eg er vand med)? -SAM 21. juli 2007 kl. 11:41 (CEST)
- Kva skal me kalle målstiget i gamaltidi? Gamalnorderlendsk eller norrønt alt i hop (ikkje berre gno. og gis.? TH 21. juli 2007 kl. 11:50 (CEST)
- Indrebø kalla urnordisk frumnorderlendsk, liksom frumgermansk er protogermansk. SAM 21. juli 2007 kl. 11:53 (CEST)
- Ja. Men erso me set namnet norrønt på all norderlendsk i gamaltidi, høver det å nytte det for tidi fyrr au, dermed frumnorrønt. TH 21. juli 2007 kl. 11:59 (CEST)
- Ja, men me segjer norrønt um målet i Noreg og landnåmi, som skil seg frå måli i Sverike og Danmark. Dette skiljet er ikkje viktugt fyrre norrøn tid og vikingetidi då måli skilde seg lite, og ein treng eit umgrip som femner vidare, som norderlendsk gjer. SAM 21. juli 2007 kl. 12:16 (CEST)
- Spursmålet er um dette namnebruket er godt. Bruket av norrœn skifter i norrøn (!) tid, frå å femne det same som dǫnsk tunga til å berre gjelde norsk. Og målskili i tid (frå 800 til 1300) er vel so store som dei stademillom (Island, Noreg, Danmark, Gotland, Svitjod). So eg tykkjer det er mest meiningsfullt um ein anten nyttar namnet norrønt um klassisk gamalnorsk og gamalislendsk på 1200-talet, eller um heile tidi i alle Norderlandi. TH 21. juli 2007 kl. 12:32 (CEST)
- Eg meiner at ein bør nytta namnet norrønt um klassisk gamalnorsk og gamalislendsk på 1200-talet, og berre det. Frumnorderlendsk eller frumnorrønt? Jamvel namnebruket av norrœn skifter i norrøn tid, er det i vår tid at me skal umgripsfesta målet fyre vikingetidi. Difor vert det noko umvendt anakronistiskt å nytta norrønt um norderlendsk, endå norrønt i tidleg norrøn tid tydde norderlendsk. Frumnorrønt fær ein til å tru at det anten var eit eige "norskt" mål ulikt "svenskt" og "danskt" fyre norrøn tid, eller at norrønt er det same som (gamal)norderlendsk. SAM 21. juli 2007 kl. 12:45 (CEST)
- Men då gjer me det soleîs. Når du nemner det, so var det fulla vissa målmerke millom aust og vest (u/o) som fanst i fn. tid som kunde gjera nemningi frumnorrønt meiningsfull etter dette uppsetet au. Elles meinte eg «heile tidi fram til 1300» med norrønt i vid tyding. TH 21. juli 2007 kl. 12:55 (CEST)
- Greidt. Men då bør frumnorrønt vera underskipa frumnorderlendsk. SAM 21. juli 2007 kl. 13:00 (CEST)
- No sér eg dei nyttar nemningi frumnorrønt i færøyskt. TH 21. juli 2007 kl. 13:18 (CEST)
- Ja, men der tyder vel norrønt norderlendsk
Eg skynar ikkje heilt kva som ligg til grunn for valet av former her. Eg hev alltid uppfatta høgnorsken til å vera bygd dei mest tradisjonelle formene i 1917-rettskrivingi (ikkje samnorskvariantane som vart tillatne allereide då). Til dømes målet åt Indrebø-brørne. So kann sjølvsagt høgnorsk òg verta nytta um eldre rettskrivingar, ikkje minst den som Ivar Aasen laga(de). Men jamt yver so hev høgnorskfolket halde fast ved 1917-rettskrivingi som ei brukande justering av Aasen-normalen.
I bundi form eintal lint inkjekyn vart t-en i endingi teken vekk allereide i 1901 (augat > auga). Etter mi syn eit heilt unaudsynt brigde, når me enno skriv huset og eplet, men det er no so. Bundne fleirtalsformer utan r, som bakkane, bøkene og visone vart innførde valfrie i 1910, og obligatorisk i 1917. Når det i yversyni her er nytta augat (som fyrr 1901), men former som bakkane,solene, visone osb. (som etter 1917), so veit eg ikkje um detta er tillfellelegt eller eit medvite val, men det verkar meir som personlegt lika former enn den fastare høgnorsktradisjonen. Aasen skreiv augat og bakkarne, Hægstad-normalen frå 1901 hev auga og bakkarne, midlandsnormalen frå 1901 hev auga og bakkane, og etter 1917 hev vel alle skrive det (undanteken dei som skriv auget, men då kann det nog ikkje kallast høgnorsk). Kombinasjonen augat og bakkane verkar for meg å vera uvanleg.
Nokre av eige- og sidefallsformene verkar vera ein grand uvanlege. Er dette meint av vera målføre- eller normalformer, i den grad det hev vore nytta slike former i høgnorsken i det heile. Aasen nytta vel berre sidefall i bundi form fleirtal (-om), og eigefall der det var stivna i faste ordlag.
I Norsk Gramatik i frå 1864 sette Aasen upp eigefallsformer berre i ubundi form, og sidefallsformer berre i bundi form. Eg veit ikkje um nokre norskskrivande som hev bruka eigefall i bundi form eller sidefall i ubundi form. Det må i so fall hava vore tala um stivna ordlag.
I ubundi form fleirtal endar eigefallsformi på -o, ikkje -a, til dømes vikoblad og kyrkjoklokka.
Sidefallsformene i bundi form eintal verkar å vera målføreformer. Dei formene Aasen sette upp var former som bakka, heste, kviste, solenne, elvenne, bøkene, visonne, lande, stykke og auga. Sjå til dømes:
http://nn.wikipedia.org/wiki/Norsk_Grammatik
eller
http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1257&id=3436
So anten ein likar Aasen-normalen eller 1917-normalen (sjølv tykkjer eg at 1901-normalen kann henda er den beste, sjølv um det i grunnen er noko ein kann vera misnøgd med i alle), bør ein netstad som kallar seg etter Ivar Aasen og vil fremja kunnskap um høgnorsken au halda fram desse viktuge høgnorsknormalane.
--VTT 22. mai 2009 kl. 21:11 (CEST)