Skilnad mellom versjonar av «Spyrjeord»
(→Kvår) |
(→Kvår) |
||
Line 39: | Line 39: | ||
===Kvår=== | ===Kvår=== | ||
Tyder «kven eller kva av tvo» | Tyder «kven eller kva av tvo»: | ||
: ''Kvår vil du hava: is eller sjokolade?'' | |||
===Når=== | ===Når=== |
Versjonen frå 4. juni 2010 kl. 17:34
Spyrjeord vert nytta i ei setning til å spyrja etter eit umstende i samanhanget setningi skildrar. Spyrjeordi er gjerne skifte i spyrjande varaord og spyrjande medord, etter vanleg ordklasseskipnad.
Høgnorske hovudformer
Kor
Spỳr etter munen i eitkvart:
- Kor ofte er du innum?
Korleis
Spỳr etter visi ved eitkvart:
- Korleis veit du det?
Korso
Hev same tydingi som korleis. Stuttform koss.
Kva
Kva for
Kvar
Spỳr etter staden:
- Kvar sit du?
Kvadan
Spỳr etter staden eitkvart kjem frå:
- Kvadan kjem du?
Kvart
Spỳr etter staden eitkvart skal til:
- Kvart gjeng du?
Kven
Kvi
Spỳr etter årsaki til eller fyremålet ved eitkvart:
- Kvi fór du so åt?
Kvifor
Hev same tydingi som kvi.
Kvår
Tyder «kven eller kva av tvo»:
- Kvår vil du hava: is eller sjokolade?
Når
Spỳr etter tidi:
- Når vert du ferdug?
Avvikande former
H-former
Spyrjeordi på h- er vanlege i målføri på mykje av Austlandet og svarar til formene på kva- (og ko-). Upphavet er ein yvergang hva- > ho- i gamalnorsk. Desse formene er mykje attåt ordbokfeste av di dei au eig heime i folkevisone.
Hokke
Tyder kven og kva for ein. Kjem av gn. hvaðki og fulla hvílíkan ( > hulkan). Vert au bøygt i kyn: hokken, hokki, hokke.
Hosse
Svarar til korso (korleis).
Hor
Svarar til kvar og kor.
Horleis
Svarar til korleis.
Hot
Svarar til kva(t). t-en vert halden med di han ofte vert uttala i målføri, t.d. i Telemark og i Austfold.