|
|
Line 1: |
Line 1: |
| Du fær kje vera fæli(n) for å koma med spursmål her! [[Brukar:TH|TH]] 29. desember 2008 kl. 20:59 (CET)
| | jKhigq <a href="http://opmkmfatsfah.com/">opmkmfatsfah</a>, [url=http://atrqgdintwoa.com/]atrqgdintwoa[/url], [link=http://xmzthivlxfmu.com/]xmzthivlxfmu[/link], http://ggwdlyeongfl.com/ |
| | |
| === Elles ===
| |
| | |
| Eg sku berre segja takk um den framifrå ytingi du gjer for vår norske arvelut. Normeringi gjeng taslut no, hardla og mett av samnorsk er ho. Eg fell nok under same tradisjon ''sem'' min kretsmeister Uppdal og dessmeir slektsburdin frå nordvest-Buskerud --- korso eg ikkje skriv stødt um og upp (i båe tydingar), men det fær liva. Solik skriv eg ein blogg på fritt i-mål, om eg kann vera frekk til å driva blåster (reklame) her: http://steinraus.wordpress.com . Noko kjem stundom på prent i aviser.
| |
| | |
| Tenkte, um du skreiv ein kommentar med mailen din på bloggen, vi kunde gjera eit prosjekt. Upphavsretten for verki åt Olav Duun er burte no. Vi lyt skriva inn deim anten på eit moderat i-mål (vi godtek om og opp i same mynster som nu => no, berre for å lura oss sjølve) eller på høgnorsk. Sidan skuv vi dei gjenum LaTeX og fær PDF-ar med verd. Då sit vi att med bunadir i rein tekst og HTML om vi trong au. Kva tykkjer du? [[Brukar:Vikune|Vikune]]
| |
| | |
| === Avløysarord === | |
| | |
| '''krig''' er lengi nytt i landsmålet, men orde er upphavleg lågtysk. Sume stadir, til dømes Grong, finst ''kri (f)''. Det er sama tyding, men meir i samsvar med gjerningsorde ''kri'', av norrøn ''kría''. Er det høve for orde i høgnorsk, tykkjer du? [[Brukar:Vikune|Vikune]] 9. juni 2010 kl. 20:41 (CEST)
| |
| | |
| :Ja, det tykkjer eg er heilt greidt. Sume likar å nytte ''ufred'', men ''kri(g)'' er au brukande. [[Brukar:TH|TH]] 10. juni 2010 kl. 00:05 (CEST)
| |
| | |
| == Dat ==
| |
| | |
| Heisann. Er det lovleg å skriva 'dat' på høgnorsk? Eg ser at Aasen nemnde formi i Norsk Grammatik frå 1864 [http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1257&id=3436 her]. Mvh. [[Brukar:CS|CS]] 4. januar 2009 kl. 17:03 (CET)
| |
| | |
| : Du gådde kann hende at formi ''dat'' ikkje var nemnd i tavla yver personlege [[varaord]] her på Mållekken? Det var helst ei gløyming; formi ''dat'' er au verd å nemnast her (og tilsvarande ''dan'', men det lyt verte under ''peikande'' [[varaord]]). Men når det er sagt, lyt ein ha det klårt fyre seg at denne formi vert rekna for alderdomleg eller [[målføre]]leg, på line med ''-arne'' for ''-ane'' og ''me funno'' for ''me fann''. Det er ikkje gali å nytte slike former, [[høgnorsk|norskt]] skriftmål er so ungt at dette berre vert for småskil å rekne; men ein bør vita kva ein gjer.
| |
| : Sér me på det frå ein [[målføre]]-synstad, er formi ''dat'' ei like god [[typeform]] som ''det'', just som ''inte'' er like god som ''ikkje''. For ''landsgildt'' bruk derimot er det einast éi eller stundom sume (t.d. både ''me'' og ''vi'') av slike jamgode [[typeform]]er som er brukande.
| |
| : I praktisk [[høgnorsk]] upplæring, som oftast ber åt på eigi hand, er det tidt beinsamt å nytte slike kjende merkeord til å halde på og ta med seg målkjensla frå [[målføre]]t, erso ein er godt inne i eitkvart nedervde [[målføre]]t. Sidan, når skrivetamen sit i fingrane, treng ein ikkje alle desse merkeordi til studnad lenger, men kann skrive like godt med meir landsgilde former. [[Brukar:TH|TH]] 4. januar 2009 kl. 18:19 (CET)
| |
| | |
| | |
| == Detta og denna == | |
| | |
| Kvi valde Aasen formene dette og denne framfor detta og denna?
| |
| Beste helsing [[Brukar:Nfanrekurb|Nfanrekurb]]
| |
| | |
| : Det gjorde han då ikkje. Etter [[Norsk Grammatik]] er formene ''denne'' og ''detta''. Eg skal vara meg vel for å segja kvifor, men fyredømet i [[nemnefall]] i [[gamalnorsk]] kann ha vegi med. Elles nemner han hine formene (denna, dette) i klambrer, og skriv dessutan um at mange [[målføre]] skil millom ''denne'' 'den her' og ''denna/danna'' 'den der'. [[Brukar:TH|TH]] 12. november 2009 kl. 15:39 (CET)
| |
| | |
| == hjort ==
| |
| | |
| Meiner du at ''hjort'' jamnt skal uttalast med trong ''o'' eller meiner du med /o/ open ''o''? (eg hev elles sett upp bosfilter, so fær me sjå korleis det verkar) -[[User:SAM|SAM]] 10:10, 9 February 2011 (CET)
| |
| | |
| :Eg har fylgt systemet ditt der, so det er trong ''o''. Som sagt lyt me reinske upp i måten me skriv uttal på. ''Hjort'' fylgjer regelen for ''o'' fyre ''rð'' og ''rt'', nett som ''fjord''. [[User:TH|TH]] 10:16, 9 February 2011 (CET)
| |
| ::Ja, me talar um det 15. Eg trudde elles at lengjingi av ''o'' var noko seinare fyre ''rt''. -[[User:SAM|SAM]] 10:23, 9 February 2011 (CET)
| |