Skilnad mellom versjonar av «Sunnmøre (Gilde Sunnmørs grend)»
Hopp til navigering
Hopp til søk
sInkje endringssamandrag |
sInkje endringssamandrag |
||
Line 20: | Line 20: | ||
milde mor som lerde oss vårt fagre mål, | milde mor som lerde oss vårt fagre mål, | ||
dine born i kor, | dine born i kor, | ||
fagnar far og | fagnar far og mor, | ||
fagnar fjord og fjell og strender! | fagnar fjord og fjell og strender! | ||
</poem> | </poem> | ||
[[Category:Skaldskap]] | [[Category:Skaldskap]] |
Versjonen frå 7. februar 2021 kl. 23:52
Sunnmør av Anders Hovden
Gilde Sunnmørs grend med fjell og nut og tind
og med hav som syng og susar,
høgfjelldvelde lyfter seg i viljen din,
djupt i hugen havet brusar.
Lange, djerve striden din gav råd og røynd;
endå gjekk du tidt med hjartegråt i løynd,
dulde helst din gråt
og var kvikk og kåt,
hugnad ber du heim til husar.
Herrens milde åsyn venleg lyse fred
over Sunnmørs folk og grender!
Sol og rik velsigning over deg me bed,
heim til deg vårt hjarte vender.
Djerve, trugne far, som gav oss viljestål,
milde mor som lerde oss vårt fagre mål,
dine born i kor,
fagnar far og mor,
fagnar fjord og fjell og strender!