Skilnad mellom versjonar av «Nidaros (Anders Hovden)»
Hopp til navigering
Hopp til søk
(Oppretta sida med «''Nidaros'' av Anders Hovden (1929) <poem> Lyft ditt gjæve namn idag yver tiders skoddelag! Lyft det høgt i minneljos: gamle, staute N i d a r o s! Byrg var han som deg…») |
sInkje endringssamandrag |
||
Line 15: | Line 15: | ||
Verta kann du det du var. | Verta kann du det du var. | ||
Kast no av den laante ham – | Kast no av den laante ham – | ||
N i d a r o s lat | N i d a r o s lat straala fram! | ||
Name med den gamle glans, | Name med den gamle glans, |
Versjonen frå 8. februar 2021 kl. 13:57
Nidaros av Anders Hovden (1929)
Lyft ditt gjæve namn idag
yver tiders skoddelag!
Lyft det høgt i minneljos:
gamle, staute N i d a r o s!
Byrg var han som deg hev bygt,
trauste kongar budde trygt;
lenge var du Noregs ros,
gamle, staute N i d a r o s!
Hovding var du paa vaar gard.
Verta kann du det du var.
Kast no av den laante ham –
N i d a r o s lat straala fram!
Name med den gamle glans,
fagrast’ namne hertillands,
glorien um Trøndelag,
lyft deg høgt mot sol og dag!
Olavs dom i Nidaros
sender heile lande ljos,
kallar med sin klokkeljom
alle til sin heilagdom!
Lyft ditt gjæve namn idag
yver tiders skoddelag!
Lyft det høgt i minneljos:
gamle, staute N i d a r o s!