Skilnad mellom versjonar av «Ljodbrigde»
Inkje endringssamandrag |
s (→J-ljodbrigde) |
||
Line 16: | Line 16: | ||
=== J-ljodbrigde === | === J-ljodbrigde === | ||
J-ljodbrigde ovrar seg der anten ''a'', ''o'' (''ó'', ''ǫ'') eller ''u'' stend etter ''j''. Sjølvljodi vert brigde nett som i-ljodbrigde. | |||
*''ja'' → ''jè'': gjalda > gjelda, hjalmr > hjelm | *''ja'' → ''jè'': gjalda > gjelda, hjalmr > hjelm | ||
*''jǫ'' → ''jø'': bjǫllu > bjølla, fjǫl > fjøl | |||
I talemål: | I talemål: | ||
*''jó'' → ''jø'': ljós > ljøs, snjór > snjø, sjór > sjø | |||
*''jó'' → ''jý'': snjór > snjy, sjór > sjy | *''jó'' → ''jý'': snjór > snjy, sjór > sjy | ||
*''jú'' → ''jý'': hjúpa > (k)jypa | *''jú'' → ''jý'': hjúpa > (k)jypa |
Versjonen frå 27. juni 2021 kl. 03:40
Ljodbrigde kallar ein eit sjølvljodskifte som ein gong i tidi er kome frå ein i (j) eller u (v) i stavingi etter. Me skil millom lint ljodbrigde (eller i-ljodbrigde) og hardt ljodbrigde.
Lint ljodbrigde
Lint ljodbrigde fær ein når ein sjølvljod gjeng yver til ein linn sjølvljod, av di i eller j hev stade i stavingi etter.
Yversyn på i-ljodbrigde
- a til e: val, velja; mann, menn; kald; kjelda
- å — æ: lås, læsa; våt, væta; få, fær
- ó — ø: tom, tøma; bok, bøker; stor, større
- ò — ỳ: loft, lyfta; sorg, syrgja; dott, dytta
- ú — ý: sut, syta; sur, syra; mus, myser
- ù — ỳ: stutt, stytta; ung, yngre; tunn, tynna
- au — øy: draum, drøyma; saud, søyda; dauv, døyva
- jó — ý: ljos, lysa; tjon, tyna; skjota, skyt
- jú — ý: ljuga, lyg; mjuk, mykja; sjuk, sykja
J-ljodbrigde
J-ljodbrigde ovrar seg der anten a, o (ó, ǫ) eller u stend etter j. Sjølvljodi vert brigde nett som i-ljodbrigde.
- ja → jè: gjalda > gjelda, hjalmr > hjelm
- jǫ → jø: bjǫllu > bjølla, fjǫl > fjøl
I talemål:
- jó → jø: ljós > ljøs, snjór > snjø, sjór > sjø
- jó → jý: snjór > snjy, sjór > sjy
- jú → jý: hjúpa > (k)jypa
(i)ʀ-ljodbrigde
Nærskylt med i-ljodbrigde er (i)ʀ-ljodbrigde, som verkar heilt likt. Verknadene kann me sjå i ord som norsk dyr for svensk djur (ʀ) og den målførelege notidsformi kjøm av koma (iʀ).
Hardt ljodbrigde
Hardt ljodbrigde fær ein når stomnsjølvljoden a gjeng yver til ò, av di u eller v hev stade i stavingi etter. Me kallar òg dette brigdet u-ljodbrigde.
Døme:
- barn — born (< fn. *barna — < *bornu < *barnu)
- gamal – gomol (målførelegt el. eldre mål)
I (austleg) gamalnorsk vart dette brigdet gjort um dersom sjølvljoden som sette det i gang ikkje hadde kvorve. Soleis vart ǫllum til allum, medan ǫll heldt seg. Det hende ikkje i islendsk, som enno hev meir ljodbrigde en norsk (t.d. islendsk hjörtu og norsk hjarto)
Frumgermanskt a-ljodbrigde (t.d. *holta < *hulta) er òg hardt.
Døme på a-ljodbrigde i norsk
- Roga- ← eigefall av rygir (*ruga-)
- Sogn ← súga (med n-avleiding)
- bod ← *budą
- kol ← *kulą
Fyre naseljod plar u-en vera uråka av a-ljodbrigde, t.d. sumr < suma-.