Skilnad mellom versjonar av «Spyrjeord»
Hopp til navigering
Hopp til søk
(Hossen er eit avbrigde av hosse) |
|||
Line 34: | Line 34: | ||
* '''Hokke''' – Tyder ''kven'' og ''kva for ein''. Kjem av [[gamalnorsk|gn]]. ''hvaðki'' og fulla ''hvílíkan'' ( > ''hulkan''). Vert au bøygt i [[kyn]]: ''hokken, hokki, hokke''. | * '''Hokke''' – Tyder ''kven'' og ''kva for ein''. Kjem av [[gamalnorsk|gn]]. ''hvaðki'' og fulla ''hvílíkan'' ( > ''hulkan''). Vert au bøygt i [[kyn]]: ''hokken, hokki, hokke''. | ||
* ''' | * '''Hosse''' – Svarar til ''korso'' (''korleis''). Finst au med ''-n'': ''hossen''. | ||
* '''Hoss''' - | * '''Hoss''' - Svarar til ''koss'' (stuttform). | ||
* '''Hor''' – Svarar til ''kvar'' og ''kor''. | * '''Hor''' – Svarar til ''kvar'' og ''kor''. | ||
* '''Horleis''' – Svarar til ''korleis''. | * '''Horleis''' – Svarar til ''korleis''. |
Versjonen frå 26. august 2023 kl. 09:11
Spyrjeord vert nytta i ei setning til å spyrja etter eit umstende i samanhanget setningi skildrar. Spyrjeordi er gjerne skifte i spyrjande varaord og spyrjande medord, etter vanleg ordklasseskipnad.
Høgnorske hovudformer
- Kor – Spỳr etter munen i eitkvart:
- Kor ofte er du innum?
- Korleis – Spỳr etter visi ved eitkvart:
- Korleis veit du det?
- Korso – Hev same tydingi som korleis. Stuttform koss.
- Kva – Spỳr etter saki:
- Kva er det um å gjera? Kva med?
- Kva for – Spỳr etter det einskilde:
- Kva (for) gjenta er detta? Kva for ein er du?
- Kvar – Spỳr etter staden:
- Kvar sit du?
- Kvadan – Spỳr etter staden eitkvart kjem frå:
- Kvadan kjem du?
- Kvart – Spỳr etter staden eitkvart skal til:
- Kvart gjeng du?
- Kven – Spỳr etter folk (stundom dyr og andre ting au):
- Kven er du? Kven er denne boki åt?
- Kvi – Spỳr etter årsaki til eller fyremålet ved eitkvart:
- Kvi fór du so åt? :
- Kvi er upphavleg sidefallsform av kva.
- Kvifor – Hev same tydingi som kvi.
- Kvår – Tyder «kven eller kva av tvo»:
- Kvår vil du hava: is eller sjokolade?
- Når – Spỳr etter tidi:
- Når vert du ferdug?
- Nær – Same som når.
Avvikande former
H-former
Spyrjeordi på h- er vanlege i målføri på mykje av Austlandet og svarar til formene på kva- (og ko-). Upphavet er ein yvergang hva- > ho- i gamalnorsk. Desse formene er mykje attåt ordbokfeste av di dei au eig heime i folkevisone.
- Hokke – Tyder kven og kva for ein. Kjem av gn. hvaðki og fulla hvílíkan ( > hulkan). Vert au bøygt i kyn: hokken, hokki, hokke.
- Hosse – Svarar til korso (korleis). Finst au med -n: hossen.
- Hoss - Svarar til koss (stuttform).
- Hor – Svarar til kvar og kor.
- Horleis – Svarar til korleis.
- Hot – Svarar til kva(t). t-en vert halden med di han ofte vert uttala i målføri, t.d. i Telemark og i Austfold.
- Hotfor - Tyder kvifor (og svarar til kva-for).