Høgnorsk
Høgnorsk, klassisk nynorsk, landsmål, norsk – kjært mål hev mange namn.
Etter umgripsfestingi i uppslagsverket Norsk Allkunnebok (1948) er høgnorsk ei nemning for «mynstergildt nynorsk skriftmål på Ivar Aasens grunnlag» (Per Thorson), ei tyding som vart bruka alt tidleg på 1900-talet.
Høgnorsken er ein skriftleg praksis som voks fram fyre målbrigdet i 1938, knytt til kjende namn som brørne Gustav Indrebø (Norsk Aarbok 1920-39 (frå 1930)) og Ragnvald Indrebø (bibelumsetjing frå 1938), Leiv Heggstad (Norsk grammatikk fyrsteutg. 1930), og diktarar som Arne Garborg, Elias Blix, Olav Aukrust, Olav H. Hauge.
- Um ordet høgnorsk av Jostein Krokvik (1995)
- Høgnorsk målreising av Jostein Krokvik (1997)
- Kva er høgnorsk? av Sergej Alexander Munkvold (2005)