Ljodbrigde
Ljodbrigde kallar ein eit sjølvljodskifte som ein gong i tidi er kome frå ein i (j) eller u (v) i stavingi etter. Me skil millom lint ljodbrigde (eller i-ljodbrigde) og hardt ljodbrigde.
Lint ljodbrigde
Lint ljodbrigde fær ein når ein sjølvljod gjeng yver til ein linn sjølvljod, av di i eller j hev stade i stavingi etter.
Yversyn på i-ljodbrigde
- a til e: val, velja; mann, menn; kald; kjelda
- å — æ: lås, læsa; våt, væta; få, fær
- ó — ø: tom, tøma; bok, bøker; stor, større
- ò — ỳ: loft, lyfta; sorg, syrgja; dott, dytta
- ú — ý: sut, syta; sur, syra; mus, myser
- ù — ỳ: stutt, stytta; ung, yngre; tunn, tynna
- au — øy: draum, drøyma; saud, søyda; dauv, døyva
- jó — ý: ljos, lysa; tjon, tyna; skjota, skyt
- jú — ý: ljuga, lyg; mjuk, mykja; sjuk, sykja
(i)ʀ-ljodbrigde
Nærskylt med i-ljodbrigde er (i)ʀ-ljodbrigde, som verkar heilt likt. Verknadene kann me sjå i ord som norsk dyr for svensk djur (ʀ) og den målførelege notidsformi kjøm av koma (iʀ).
Hardt ljodbrigde
Hardt ljodbrigde fær ein når stomnsjølvljoden a gjeng yver til ò, av di u eller v hev stade i stavingi etter. Me kallar òg dette brigdet u-ljodbrigde.
Døme:
- barn — born (< fn. *barna — < *bornu < *barnu)
- gamal – gomol (målførelegt el. eldre mål)
I (austleg) gamalnorsk vart dette brigdet gjort um dersom sjølvljoden som sette det i gang ikkje hadde kvorve. Soleis vart ǫllum til allum, medan ǫll heldt seg. Det hende ikkje i islendsk, som enno hev meir ljodbrigde en norsk (t.d. islendsk hjörtu og norsk hjarto)
Frumgermanskt a-ljodbrigde (t.d. *holta < *hulta) er òg hardt.