Ō-stomn

Frå Mållekken
Versjonen frå 21. juli 2007 kl. 09:57 av SAM (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

ō-stomnar er namnet på hokynsord med endingi -ar i mangtal.

Nemningi kjem seg av at desse ordi ende på i frumnorrønt.

Døme: dronning – dronningi – dronningar – dronningane; elv (fn. */elbo:/ > */elbu/ > /elv/) – elvi – elvar – elvane.

Målsoga

I frumnorrønt skipar ein ō-stomnar i reine ō-stomnar, ijō-stomnar, jō-stomnar og wō-stomnar. I norrønt er reine ō-stomnar kalla ar₁-klassa etter endingi ar i akkusativ (og nominativ) mangtal. ijō-stomnar er kalla ar₂-klassa. wō-stomnar er underskipa ar₁-klassa med v-innskot, medan jō-stomnar hamnar i både klassone med j-innskot.