Diskusjon:Målpeikarar

Frå Mållekken
Versjonen frå 18. februar 2011 kl. 18:24 av CS (Ordskifte | tilskot) Talk:MÃ¥lpeikarar» flutt til «Talk:Målpeikarar»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gammanorsk grammatikk

Kanskje de kan hjelpe meg med å svare på dette spørsmålet?

Korleis var substantivbøyinga på gamalnorsk? Var ho som på høgnorsk?

Altså omtrent slik?

eintal fleirtal
ubundi bundi ubundi bundi
(ein) dag dagen dagar daga(r)ne
(ein) hane hanen hanar hana(r)ne
(ei) tid tidi/tida tider tide(r)ne
(ei) visa/vise visa visor/visur viso(r)ne/visu(r)ne
(eit) hus huset hus husi/husa
(eit) auga auga(t) augo augo

--Oddeivind 19. august 2008 kl. 06:42 (CEST)

Mykje lik gamalnorsk. Ei nyvinning i nynorsk og høgnorsk, er pl. bundi form bøkene (av bøker). I gamalnorsk var dette bøkrin, som enno finst sume stader i Trøndelag i formi bøkra.

Norrønt:

eintal mangtal
ubundi bundi ubundi bundi
dagr dagr-inn dagar dagar-nir
hani hani-nn hanar hanar-nir
tíð tíð-in tíðir tíðir-nar
vika vika-n vikur vikur-nar
ár ár-it ár ár-in
auga auga-t augu augu-n

--SAM 19. august 2008 kl. 14:31 (CEST)

Takk for hjelpa! --Oddeivind 20. august 2008 kl. 08:51 (CEST)

Eit lite spørsmål til

Nemneform, motfallsform, sidefallsform og eigeform: Er dette det same som nominativ, akkusativ, dativ og genitiv? Og korfor har dei fått desse namna? Nemneform og eigeform skjønar eg, men kva med dei to andre?

--Oddeivind 20. august 2008 kl. 20:48 (CEST)

motfall er akkusativ, sidefall er dativ. Akkusativ merkjer oftast direkte objekt(dvs. merkjer at ordet er motlekk), medan dativ merkjer oftast indirekte objekt (dvs. merkjer at ordet er sidelekk).--SAM 20. august 2008 kl. 22:28 (CEST)