Nyord

Frå Mållekken
Versjonen frå 22. august 2021 kl. 18:57 av Eiliv (Ordskifte | tilskot) (Ymse framlegg til nyord funne her og der.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nyord er nylagingar i ordfanget. Det var ein fyrste gong med alle ord, må vita, so nemningi gjeld helst ord som er etter måten nye, og som ikkje hev breidt seg ut til ålmenn kjennskap – det siste gjeld no mange gamle ord og fagord au.

Høgnorsken er eit lagsamt mål på den visi at han er open for å laga nyord av måltoet sitt. Når ein lagar nye ord med fyre- og etterfeste og ljodskifte, heiter det ordavleiding. Andre vanlege måtar å laga nye ord på på norsk er ved samansetjing og ved å gjeva gamle ord nye (vidga) tydingar.

Døme på høgnorske nyord

  • avlistes når ein svarar avsendaren på eit listeinnlegg utan å senda til netpostlista.
  • brukende dataprogram
  • netpost epost
  • sprengnad eksplosjon
  • umb «um og berre um» – eit matematiskt stutt-umgrìp, jf. engelsk iff «if and only if» og bokmål hviss «hvis og bare hvis». Ordet um vart skrive umb i eldre gamalnorsk.
  • verkan funksjonalitet
  • verkende funksjon
  • vevflata upplegg som nyttar Veven til brukarflata. Døme: Mållekken hev vevflata

Framlegg til nyord

Desse nyordi er framlegg frå einskildfolk i ymse høgnorske netsamfund. Dei er einast til å kveikja hugskot.

  • atterglytt det å sjå attende, «flashback»
  • bordtelja stasjonær telja
  • bòshevd, bòstad kompost
  • eimar e-sigarett («vape»), (å) eima «røykja» e-sigarett
  • fysebite noko godt attåt maten, dessert
  • høyresending podkast
  • knøtta atom
  • kornvalsk kornisk, etter valsk ‘kymrisk, vallendsk’
  • lodning folk som klæder seg ut som dyr, «furry»
  • log (mynte-, ingefær-) «te» utan blad frå teurti
  • lygnsegn (lygnlysing osb.) propaganda
  • nøring yrke, det å livberga seg, «næring»
  • rødefall vokativ
  • skamhugnad noko ein hev dragnad mot, men skjemmest for det.
  • spileskjerm persienne. Sponskjerm finst alt, men spon er noko anna en spilar.
  • straumrakar barbérmaskin
  • tvimåla tosproglig