Lagord
Lagord eller eigenskapsord, adjektiv er ei klassa av ord som segjer kva lag (tilstand) noko er i, eller kva eigenskap det hev.
Lagordi vert bøygde på tvo viser:
- i samsvar med namnordi dei stend til: i kyn, tal og kjenne, d.e. bundi/ubundi (linn/sterk) form, og serhøves i grammatiske fall
- i samanlikning av i kor stor mun laget/eigenskapen gjeld: i grunnmun, høgaremun og høgstemun
Samsvarsbøygjing
Sterk bøygjing
Den sterke lagordsbøygjingi fylgjest vanleg åt med namnord i ubundi form: God mat, ei leiki kjetta.
eintal | mangtal | |||||
hannkyn | hokyn | inkjekyn | hannkyn | hokyn | inkjekyn | |
N | goder | god | godt | gode | goda | gode |
U | godan | |||||
E | gods | godra | gods | godra | ||
S | godom | godre | godo | godom |
eintal | mangtal | ||
hannkyn | hokyn | inkjekyn | alle kyn |
god | godt | gode | |
leiken | leiki | leike | leikne |
Som god gjeng flest alle lagord, døme: blodug, gul, heilag, mjuk, modig, norsk, raud, stor, storleg, vond.
Som leiken gjeng lagord med etterlekken -en: gjeven, mogen, uvyrden, vaksen.
Uttala: k og g fær vanleg linn uttala fyre -en, -i, -e: leiken [2leiçen], leiki [2leiçi].
Avbrigde: For hokyn -i kann ein au skriva -a. Etter midlandsnormalen er bøygjingsformene -in, -i, -i, -ne.
Formene i bøygjefall og andre serlege former vert helst nytta i målførelìta eller alderdomlegt mål, skaldskap, og ikkje minst i faste ordlag: ei gomol kona, på langan veg, med godo, i heilo, å nyo, allra best, longo.
Linn bøygjing
Den linne lagordsbøygjingi fylgjest vanleg åt med namnord i bundi form: Den gode maten, leikne kjetta mi.
eintal | mangtal | |||
hannkyn | hokyn | inkjekyn | alle kyn | |
N U E | gode | goda | gode | |
S | godom |
eintal & mangtal |
alle kyn |
gode |
leikne |