Ljod
Eit ljod er namnet på minste byggjeeiningi i tala. Saman med tyngd og tone lagar ljodi ord.
Når me skriv ljod, nyttar me teikn som kann skilja seg frå bokstavane me vanleg knyter til ljodi. Me skriv denne ljodskrifti i hyrneklomber.
Døme: uttala av ordet soli skriv me [¹suːli], eller [¹suːɽi] med vanleg austnorsk uttala, der det vesle eitt-talet uppe, [¹], syner at det er einstavingstone, [u] er ljodskrift for det ljodet me vanleg kallar bokstaven o, [ː] syner at sjølvljodet er langt, og [ɽ] er det serlege austnorske ljodet mange kallar tjukk l.