Sidelagt ljod
Eit sidelagt ljod (ein lateral) er eit medljod der luft gjeng på eine sida eller båe sidone av tunga. På norsk er dette det sidelagde tann-næmeljodet [l]. Dessutan finst det fleire «l-ljod», som dei sidelagde ljodi au vert kalla, i ymse målføre: det sidelagde attbjuge-næmeljodet [ɭ], det sidelagde himne-næmeljodet [ʎ] og det sidelagde tann-gnikeljodet [ɬ].