Ljodlæra
Ljodlæra åt eit mål tek fyre seg korleis ljodi i målet vert uttala (fonetikk) og kva verkan dei hev (fonologi eller fonemikk). Med i dette bilætet høyrer au tyngd og tone.
Dessutan tek den sogelege ljodlæra fyre seg korleis ljodi hev skift gjenom tidene.
Høgnorsk ljodlæra
Dagnært høgnorskt talemål byggjer på ljodi i dei nedervde norske målføri og vert difor frambore på ulik vis alt etter landslùten talaren er frå eller soknar til.
Sjølvljod
Fremre | Framvorde | Midre | Bakvorde | Bakre | ||
Trongt |
| |||||
Trongvorde | ||||||
Halvtrongt | ||||||
Halvveges | ||||||
Halvope | ||||||
Openvorde | ||||||
Ope |
Høgnorskt mål er serleg rikt på sjølvljod. Den underliggjande bygnaden i høgnorsk hev éi trong og éi opi utgåva av i, y, e, u og o; for ø er denne skilnaden burtfallen. Dessutan kjem a, å ([ɔ]) og æ som ikkje hev dana slike par. Endeleg hev me det veike sjølvljodet [ə], schwa, som berre finst i endingar.
Sjølvljodi er anten stutte eller lange, t.d. stutt i vissa [visːa] og langt i visa [viːsa].
Vanleg uttala av høgnorsk hev noko færre sjølvljod en dei ovannemnde, med di den opne utgåva av eitt sjølvljod gjerne fell saman med den tronge utgåva av eit grannesjølvljod i mange målføre. Soleis:
- open i – ì [ɪ] → [e]
- open e – è [ɛ] → [æ] eller [e]
- open y – ỳ [ʏ] → [ø]
- open u – ù : jamt yver samanfall med trong o i [u]
- open o – ò [o] → [ɔ]
Medljod
Tvilippe- Tannlippe- Tann- Attbjugt Himne- Bakgoms- Uv- Barke- Naseljod m (ɱ) n ɳ ɲ ŋ Stengeljod p
(pʰ)b t
(tʰ)d ʈ
(ʈʰ)ɖ tʲ dʲ k
(kʰ)g (ʔ) Loseljod cç ɟʝ Gnikeljod
(kvisleljod)f s ð ʃ ç ʝ h (ɦ) Næmeljod
(sidelagt)ʋ
l
ɭj
ʎɣ
ʁ
Sidelagt gnikeljod ɬ Rulleljod
Slagljodr
ɾ
ɽ
- Tavla: Medljod i norskt mål. Austlege ljod i raudt, vestlege i grønt, nordlege i blått. Avbrigdeljod i (klomber). Målførelege eller alderdomlege ljod i grått.
Samlæte
Når tvo eller fleire medljod fylgjer etter einannan, innan eitt ord eller ordemillom, kann dei brigdast til eitt ljod etter faste mynster. I norsk gjeld dette serleg for ljodsamband med slagljodi [ɾ] og [ɽ] i austnorsk, som danar ulike attbjugeljod.
- [ɾ] + [n] → [ɳ]
- [ɾ] + [t] → [ʈ]
- [ɾ] + [d] → [ɖ]
- [ɾ] + [s] → [ʃ]
- [ɾ] + [l] → [ɭ]
Same samlæti gjeld med [ɽ] i staden for [ɾ]. Ved ljodburtfall i medljodgruppor med tri eller fleire medljod kann au desse samlæti ovra seg: myrkt /mʏrkt/ > [mʏʈʰ]. Slikt ljodburtfall er i større mun målføredæmt.
Eit serlegt tilfelle av samlæte ved ljodburtfall er burtfall av [ə] i ord med tvostavingstone: skulen /2skʉ:ɽen/ > [2skʉ::ɳ] der [ʉ:] vert ovlang eller skift på tvo stavingar.