Gjerningsord
Gjerningsord eller segnord (au verb) er ei klassa av ord som segjer frå um ei gjerning, hending eller vera.
Bøygjingsrekkjor
Gjerningsordi vert bytte i tvo hovudbolkar, sterke og linne gjerningsord. Kvardeira bolken er skift i ymse bøygjingsrekkjor, og dessutan er det ei rekkja som hev drag frå båe hovudbolkane og difor ber namnet sterk–linn.
Sterk bøygjing
Sterke vert dei gjerningsordi kalla som lagar bøygjingsform i fyrrtid utan ending.
Linn bøygjing
Linne vert dei gjerningsordi kalla som lagar bøygjingsform i fyrrtid med ending.
Sterk–linn bøygjing
Sterk–linne vert dei gjerningsordi kalla som lagar bøygjingsform i fyrrtid med ending men som hev gamal sterk fyrrtidform i notid.
Bøygjingsformer
Gjerningsordi vert bøygde i tid og segjemåte. Bøygjing i tal og menne (person) finst i målførelegt eller alderdomlegt mål. Dette er dei gjerande (finitte) formene.
Attåt kjem ei namnordleg og tvo lagordlege former av gjerningsord. Dette er dei nemnde (infinitte) formene. Dei lagordlege formene vert dessutan bøygde som lagord.
Ved samansetjing av gjerande og nemnde former kann ein laga ymse umskrivne tider og måtar.
Grunnformer
Tidene er notid (presens) og fyrrtid (preteritum). Segjemåtane er forteljemåte (indikativ), bjodemåte (imperativ) og ynskje- eller mògemåte (konjunktiv).
Den namnordlege formi er nemneform (infinitiv), dei lagordlege er ferdug og uferdug lagform (partisipp).
gjerande nemnde notid fyrrtid nemneform uferdug lagform ferdug lagform forteljemåte kjem
kastar
segjerkom
kasta
sagdekoma
kasta
segjakomande
kastande
segjandekomen
kasta
sagdbjodemåte kom
kasta
segynskje- eller
mògemåtekome
kaste
segjekjøme
–
–
Samansette former
(notid) (fyrrtid) (nemneform) (uferdug lagform) (ferdug lagform) ferdug notid hev
erkasta
komenferdug fyrrtid hadde
varkasta
komenlidande notid vert kasta lidande ferdug notid er kasta framtid mun
skal
kjem til åkasta vert kastand** ferdug framtid mun
skal
kjem til åha*
verakasta
komenvert havand**
verand**kasta
komenfyrrtidar framtid munde
skuldekasta fyrrtidar ferdug framtid kom til å kasta vart kastand** ferdug fyrrtidar framtid munde
skulde
kom til å(ha*)
verakasta
komenvart havand**
verand**kasta
komenmogeleg framtid hadde*** skula teke
kome til å teke
vorte takand**
- (*) Stuttformi ha vert gjerne nytta i denne samansette formi i staden for hava jamvel um ein elles nyttar hava. (**) Ei stuttform på -and eller avbrigdeform på -andes vert gjerne nytta i framtid i staden for vanleg form på -ande. (***) Ei form hade ([ha:ə]) vert gjerne nytta for hadde i umskriven mògemåte. Var (eller vøre) er sjeldsynt her.
Tal- og mennebøygjing
Ivar Aasen sette upp eigne former av gjerningsordi i mangtal, men desse er målføreleg eller alderdomleg merkte i dag, til liks med formene for 2. menne (person) i eintal.
Notid mangtal
er lik nemneformi so nær som for vera, skùla og muna som hev formene ero, skulo og muno.
Fyrrtid mangtal
finst berre av sterke gjerningsord og hev ofte eit eige ljodstìg og stødt endingi -o. Døme: eg var – dei våro, eg fann – dei funno, eg såg – dei sågo.
2. menne eintal
finst det leivder etter i fyrrtid av sterke gjerningsord og notid av sterk–linne gjerningsord. Døme: du sågt; du kant, du vilt.