Rot

Frå Mållekken
Versjonen frå 25. mai 2010 kl. 12:26 av TH (Ordskifte | tilskot)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Roti åt eit ord er den lùten av ordet som held seg gjenom bøygjingi. Ofte svarar ho til ordet minder etterfeste.

Soleis er hest roti åt namnordsformene hest, hesten, hestar og hestane, medan bit, beit og bìt er røter åt segnordsformene bita, bit, beit og bìte. Desse siste røtene er ljodsprang av same frumindoeuropeiske roti *bʰeid-, og me segjer då gjerne at dei hev same frumroti (eller: same roti).

Samansette røter som hestebìt kann me kalla eit røte. Detta vert au kalla ein stomn.