Odyssevskvædet fyrste songen

Frå Mållekken
Versjonen frå 1. februar 2011 kl. 18:47 av SAM (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

FYRSTE SONGEN

GUDETHING. ATENE GJEV TELÉMAKOS RAADER.

Songdis, fortèl meg um mannen hin raadsløge, han som so vide
kringum laut flakke, daa øydt han hadde det heilage Toria,
og som fekk mange bustader sjaa og foleskikk ymis.
Mykje av vanskar og sut paa sjøen han freista, med' der han
stridde for eige liv og for heimkjømd aat sveimarne sine;
deim han endaa ikkje fekk frelst, so gjerne han vilde;
for ved heluvsleg daad dei sjølve valda seg bane,
tankeløysur dei var, som solgud-uksarne slagta;
heimkjømdi Helios daa, den høgheimssonen, deim røva.

--- Heime sat alle dei hine menn, som undan var slópne
dauden den braae i strid, som og i faarar paa havet;
einast honom, som stødt etter heimen og kona si lengta,
fast heldt hjaa seg ei høg og megtig bergdis, Kalypso,
inne i helleren hol; vilde mannen hava til husbond.
Og daa no det aar kom i tidsens ævuge rundsvìv,
daa honom skìpa det var ved guddoms-magt, at han koma
skulde til Itaka heim, hen der ikkje heller for strid slapp,
um so med kjende og kjære i lag. Honom gudarne elles
ynka, so nær som ein: Poseidon, som harmfull forfylgde
drotten Odyssevs, til dess han heim var til landet sitt komen.

Langt var Poseidon av til Aitioparne farne;
vist paa jordi dei bur, og tvibytt er dette folket;
ei grein byggjer ved soleglad, den andre ved solsprett.
Fram Posseidon var møtt til eit storblot av uksar og vêrar;
nøgd no ved gildet hann sat. Men dei hine gudarne høge
hadde seg samla hjaa Zevs, i høghalli hans paa Olympos.
Tok han til ords daa sjølv, den far til gudar og menner;
nett hadd' han kome i hug den høgborne helten Aigistos,
honom, Orestes drap, den namugjetne son Agamemnons;
med den minningi for seg han so til gudarne tala:

«Aa, som mannsborni gjerne vil paa oss gudarne klaga.
Ulukka kjem ifraa oss, dei trur, og det um dei lider
meir enn lagnadsett var ved heluvskapen sin eigen.
Soleis Aigistos no, mot lagnaden, tok Agamemnons
husfru til viv og drap honom sjølv, daa fraa Troia han att kom,
endaa han visste si straff; me hadde 'om bòd sendt og vara
ved Hermeias, den spæjande Argos-banen, at ikkje
liv eller viv han fekk taka ifraa den Atrevs-son herleg;
gjorde han det, vilde hemn det koma ein dag ved Orestes,
son hans, naar aari han fekk og fedrariket sitt kravde.
Bòdet Hermeias bar fram; men Aigistos bøygde seg ikkje
for denne heilsame raad; no for alt fekk paa ein gong han bøte.»

Honom gav soleis svar Atene, den straal-øygde disi:
«Far vaar, megtige Kronos-son, du høgste av herrar,
visst og sant den mann, der han ligg, sin lagnad fortente;
gjev kvar ein som steller seg so maa sameleis fara.
Men eg av hjarta ynkar den kloke gjæving Odyssevs,
han som so lenge leid hugverk og sut langt burte fraa sine
utpaa ei umfløydd øy, som liksom er navlen paa havet.
Skogvaksi øyi ligg, og der ei bergdis hev bustad,
dotter av Atlas den illtenkte, han som i alle dei ville
havsens djunper er kjend og sjølv dei veldige sulur
raa'r for, som jordi og himmelen vidt held utfraa kvarandre.
H a n s dotter er det som hjaa seg held fast den usæle mannen;
daarar honom ho gjer med ord som kjælne og søte
døyve skal minne um Itaka øy. Men Odyssevs, som lengtar
hjarteleg etter aa sjaa berre røyken fraa landet sitt stige,
gjeng der og ynskjer at døy han fekk. Kann hjarta ditt endaa
halde seg hardt, Olympiar? Hev daa ikkje Odyssevs
ære med ofring deg vist ved Argeiarskipi der nede
i det troianske land? Kvi harmast du paa honom no, Zeve?»

Henne svara skysamlaren Zevs, og soleis han tala:

«Dotter, kor kann slikt ord deg ut-um tanngarden sleppe?

Korleis kunde vel eg Odyssevs, gjævingen, gløyme,
han som er yver andre i vìt og alltid med offer
ære gudarne gav, som hev himmelen vide til heimvist?
Men Poseidon, den jordfamnar, vreid er alltid og harmfull,
sidan Odyssevs ut stakk auga paa son hans, kyklopen,
han som ein guddom i magt er lik: Polyfemos; av alle
jøtnar er sterkast han. Ei nymfe, Toósa, var mor hans,
dotter av Forkys, som herremagt hev i det baarande havet;
ho og Poseidon eingong i ei berghole djup hadde funnest.
Difor Poseidon er vreid, jordskakaren; og um han ikkje
drep Odyssevs, han kring honom driv, langt fraa heimlandet burte.
Raadslaa lat oss daa her og freiste ein utveg aa finne,
so han kann koma seg heim. Daa visseleg òg vil Poseidon
tvinge sin heite harm; mot oss udøyande gudar,
naar me isaman held, aaleine inkje han magtar.»

Honom soleis gav svar Atene, den straal-øygde disi:
«Far vaar, megtige Kronos-son, du høgste av herrar,
tykkjest det soleis godt for dei ævuge gudar, at no han
heim skal koma til huset sitt att, den kloke Odyssevs,
Argos-banen sende me daa, bòdberar Hermeias,
starks til Ogygia øy, at der den haarfagre disi
snarast han kunngjera kann den uruggeleg fastsette avgjerd,
at Odyssevs hin mangrøynde heim skal endeleg koma.
Sjølv eg til Itaka gjeng; der son hans eg finn og vil kveikje
hugen hans betre upp og mod i barm honom leggje,
so han held thing med dei haarfagre menn fraa Akaia og lyser
huset sitt stengt for den bélar flokk, som stødt og i stort tal
slagtar for honom sa og geit og det slengføtte bufe.
Honom til Sparta daa og det sandlendte Pylos eg sender,
um han kann eitkvart der faa spurt um ferdi til far sin,
og so eit vyrdelegt ord han kann millom folket seg vinne.»

So ho tala og batt under føterne sine dei solar
himmelske, gullan fagre, som ber henne fram yver havet
og yver jordi vide so snøgt som den susande vinden;
tok so spjotet i hand, det megtige, lange, med odden
kvasse av velslipt malm, det ho hermannsfylkingar tvingar
med, naar vreid ho deim vert, den dotter av høgherren veldig;
svinga so raskt seg ned ifaa dei olympiske høgder.
Snart ho paa Itaka stod, ved Odyssevsgarden, framfyre
borgpoten høge, med spjotet i hand; ho hâm hadde teke
etter ein gjestevén, Mentes av namn, den drottnen fraa Tafos.

Der ho dei bause bélarne fann; ved porten til huset
kvilande maklegt dei laag paa huder av uksar som sjølve
slagta dei hadde til mat att seg, og dreiv tidi med tavlspel.
Bòdsveinar snøgge gjekk att og fram, og tenarar snare;
sume i staupi slog vin og vatn i høveleg blanding,
eller dei bordi raskt med svampar fjelga og sette
haghendt deim fram; og suvlmat i mengd dei andre skar fyre.

Henne av alle fyrst den raske Telèmakos gaadde,
som med bélom i lag og sturen i hugen han sat der.
Hugstore far sin tenkte han paa og tvilande undrast,
um han vel noko-sinn heimatt kom og bélarne spreidde,
takande att si husbonds høgd og styret i huset.
Grùnande so han sat i flokken, daa henne han vardest;
snøgt han til porten gjekk, i hugen leid for at soleis
ute ein framand stod for døri og venta; han fram steig,
handhelsa gjesten og tok imot det malm-odda spjotet,
og med ordi fløygde han so den framande fagua:

«Ferdamann, heil og sæl; velkomen til huset vaart. Sidan,
naar du hev vore til bords, du kann oss segja di ærend.»

Dermed fyre han gjekk, og Pallas Atene 'om fylgde.
Og daa so inn dei var i huset det høgbygde komne,
langspjotet stellte han upp i eit spjot-rom som kunstrikt var hogge
inn i ei sule høg, der uppstelt fyrr det stod mange
spjot som Odyssevs sjølv, den herduge hovdingen, aatte.
So for Atene fram ein armstol han sette; ein linduk
breidde paa sætet han ut; aat føterne nedst var ein skammel.
Sjølv paa ein brugdestol glid han nære henne seg sette,
noko burte fraa plassen aat bélann', at brydd ikkje gjesten
skulde ved bordet bli av den braakande flokken; sjølv òg daa
Kunde han, talande fritt med sin gjest, etter far sin faa spyrja.

Vatn ei terne bar inn i ei gyllt og prydeleg kanne:
og yver henderne deira til tvaatt ho ned-i eit sylvfat
slog det; sette so bordet fram, det blenkjande kvite.
Vyrdslege raadskona kom med brød og lagde paa bordet
annan mat ho òg sette fram av det som ho hadde.
Suvlmat av ymse slag, skoren upp og velstellt, ein bordsvein
kring bar, og gyllte staup han sette ikringum til alle;
bòdsveinen etter gjekk og skjenkte vin upp-i staupi.

Inn so bélarne kom; og dei kaute kararne sette
ned seg ved bordet i rad paa glide, maklege stolar.
Bòdsveinar kringum gjekk og slog deim vatn yver hendom;
ternur annsame brød baud fram i finbrigda korger;
sveinar med herleg vin til randi bollarne fyllte.
Alle no for seg tok av det gode som for deim var framsett.
Men daa av mat og drykk dei hadde nøgdi si fenge,
straks paa trøyskap av anna slag dei bélarne tenkte:
song og ringdans, som beste pryda er for eit glide.
Farm det ein bòdsvein kom med ei staseleg lyre til skalden,
Femios, han som dei hadde nøydt til for seg aa kveda;
han tok til med ein song, som fagert han fylgde med strengspel.

Men med Atene daa Telémakos gav seg i samtal;
hov'de han nær' henne heldt, so dei hine skulde kje høyre:

«Gjestevén gode, fortryt ikkje paa det no eg vil segja.
Desse du ser her, dei gled seg med song og med spel; og det kann dei;
for her gjeng dei og lìver fritt paa annan manns kostnad,
medan beini aat husherren ligg i regndrìv og rotnar
paa eikor framand strand, eller driv ikringum paa baara.
Fekk dei sjaa honom hit att her til Itaka koma,
mykje heller dei daa visst ynskte seg rappare føter
enn meir rikdom paa gull og sylv og herlege klæde.
Men han vart rìven burt ved ein tungsam lagnad; og ikkje
meir er her trøyst for oss, um so nokon hit kom og sa oss,
at han vil koma att; øydd er honom heimkome voni.
Men no segje du dette meg sant, at eg visst kann det vìta:
kven og kor-fraa du er, og kor du hev heim og foreldre;
kva du kom med for skip, og korleis skipsfolket førde
hit deg til Itaka øy, og kven dei seg segjer aa vera;
for det tenkjer eg vel, at til fots ikkje hit du er komen.
Endaa eitt fortelja du maa, og sanningi seg meg:
er du her fyrste gong no, eller vitja du noko-sinn far min?
For det var mange framande daa, som huset vaart gjesta;
han var sjølv utav deim, som folke-umgjenge lika.»
Honom gav soleis svar den straal-øygde disi Atene:

«Dette og visseleg vil deg sant og skìlleg fortelja.
Mentes, son av den djerve Ankilaos, byrg eg meg nemner;
hovding eg er for dei aareforfarne tafiske sjøflk.
No paa farmannsferd hit til eit frammandmælt folk er eg komen,
siglande yver det vinmyrke hav med skipsfolki mine;
til meg Témesa-malm for det blanke jønn vil eg vende.
Skipet mitt la' eg til land ved strandi eit stykke fraa byen,
ute i Reitron-vik, inn-under det skogrike Neion.
Fedra gjestvéner me med byrgskap kann ifraa gamalt
kalle oss: spør um det den gamle helten Laértes,
han som nok elles no, etter det eg høyrer, til byen
ikkje meir kjem, men ligg og vantrivst ute paa landet
med ei gamal terne i lag, som maten og drykken
set for gamlingen fram, naar han slìten, med ut-tròta lémer
seinført krabbar seg inn fraa den farge, vin.rike hagen.
Hit tok eg vegen; av di dei meg sa', at endeleg far din
attkomen var; men nei; enn gudarne heimferdi hindrar.
Ikkje døydde paa jordi han enn, den gjæve Odyssevs;
livet han hev; men langt einkvarstad ut i villande havet
arge villmenner held honom fast paa ei øy, so at der han
innestengd sìt og sleep ikkje burt, kor gjerne han vilde.
Men eg skal spaa deg noko no, som udøyande gudar
gjev meg i hugen, og so eg trur det kjem til aa gange,
endaa um framsynt ikkje eg er eller fugleflòg-kunnig.
Lenge han visst ikkje no fraa fedraheimen sin kjære
burte verande vert, um so jønnlekkjur batt honom; raadsløg
er han og visseleg heim han utveg finn til aa koma.
Men du segje meg eitt, og lat meg sanningi vita:
kann Odyssevs hava ein son so vaksen som du er?
Lik honom er du so visst, av aasyn som òg i dei fagre
augo; med honom i lag var eg tidt, fyrr saman med hine
Argos-drottnann' med skipi dei lange han siglde til Troia.
Sidan eg ikkje Odyssevs hev set; han meg ikkje heller»

Att henne svara Telémakos so, den vìtuge sveinen:
«Dette eg gjerne, framande mann, vil skìllegt deg segja.
Mor mi fortèl meg, at son hans eg er; sjølv veit eg det ikkje;
vissmun ingen kann faa, du veit, um sjølveige upphav.
Gjev eg daa mykje heller son til ein lukkeleg mann var,
ein som med eigni si sat, til alderdoms aari han naadde!
Men av honom som uhepnast vart av alle paa jordi
segjer dei eg er son, ettter di um dette du spør meg.»

Honom gav soleis svar den straal-øygde disi Atene:
«Ikkje ei ætt deg gudarne gav som namnlaus skal slokne,
ettersom Penelopeia ein son som deg bar til verdi.
Men du segje meg eitt, og lat meg sanningi vìta:
Kva er dette for lag? Kvi held du det? Kva skal det vera?
Drikkelag? Bryllaip? For fønningslag, det er det no ikkje.
Soleis ubljugt og ovmodigt held dei i halli di gilde,
synest det meg; og ein vìtug mann i hugen maa harmast,
naar han kjem innum her og ser slik ufolkeleg aatfred.»

Henne svara Telémakos so, den vìtuge sveinen:
«Naar um dette, framande mann, du fretter og spør meg,
segja kann eg, at fyrr, daa mannen paa garden var heime,
daa var huset vaart gjævt og eigedomen i velstand.
No hev gudar som vilde oss vondt det annarleis laga;
so dei det stelte, at burt han kom som ingen mann enno
burtkomen er. For meg det mindre vondt hadde vore,
um han i Troarland millom eigne landsmenn var fallen,
eller um etter ufreden han hjaa véner var slokna;
daa honom hadde ein gravhaug reist det akáiske folket,
og aat sonen sin med hadde frædg han for framtidi vunne.
No honom burt dei Hel-diser blés, so ingen det gaadde;
usedd og uspurd han kvarv; berre sut og syrgjeleg saknad
etter lét han aat meg. Og ikkje einast eg honom
syrgjer og saknar; meir av leidt legg gudarne paa meg.
Alle dei velstands menn, som hev magt her kringum, paa Same,
paa Dulikion øy, paa Sakyntos det skogrike, dertil
dei som her paa Itaka raa'r, det berghøge øyland,
alle paa béling gjeng til mor mi og eigni vaar øyder.
Ho korkje evler aa bjode av eit motburdsamt gifte
eller aa ende faa gjort paa stimen og staaket; og soleis
ut dei or huset oss ét. Og meg gjer dei snarleg det av med.»

Harmfull att honom svar gav soleis Pallas Atene:

«Aa, so vel som du treng den ute flakkande far din,
at han paa bélar-flokken den uvyrdne hand kunde leggje!
Gjev at han kom nettno; gjev han stod i døri til salen
væpna med hjelm og skjold og med oddblanke spjotet i handi,
slik som han var daa fyrst eg lærde honom aa kjenne
heim hjaa oss, der nøgd han gjestebìkaren tømde!
Han var paa heimveg daa fraa Efyre, dit han var faren
paa sitt lettgjengde skip til Ilos, Mermerios-sonen,
etter ei sterk forgift; dei kvasse pil-oddann' sine
vilde med den han faa smurt. Forgift han likevel ikkje
fekk utav Ilos; for denne ottast dei ævuge gudar;
men av far min, som sers honom lika, han fekk det han vilde.
Gjev Odyssevs, som daa han var, med bélarne møttest!
Braafeige vart dei daa, og fekk eit syrgjelegt bryllaup.
Men med sanno det ligg i handi aat megtige gudar,
um han skal koma heim og hemn yver bélarne taka
her i si hall eller ei. Deg bed eg vel tenkje etter,
kóss du den bélar flokken burt kann faa ifraa huset.
Og no høyre du meg og leggje mitt ord deg paa hjarta.
Her i morgo du thing med dei gjæve Akaiar skal halde;
seg deim daa alle di meining og gudarne tak deg til vitne!
So du bélarne byd, at kvar til sitt dei seg spreider.
Men no mor di: um ho er meint paa a faa seg ein husbond,
lat henne daa flytja heim til huset aat megtige far sin,
at dei til bryllaups bur og heimanfylgja i stand fær
rikjesleg, soleis som rett for ei dotter kjær det vil vera.
Og deg sjølv eg aalvorsamt raa'r, um paa meg du vil høyre;
bu eit skip, det beste du hev , og rorskarar tjuge
tak og far ut og fyre deg spør etter burtkomne far din,
um det einkvan kann eitkvart ha' spurt, eller um du ei høyrsegn
fær ifraa Zevs, som tidt spreider gjetord ut millom folket.
Fyrst til Pylos du gjeng og talar med gudgjæve Nestor;
sidan til Sparta fare du av til den helt Menelaos,
som av Akaiakjempurne sist fraa ufreden heim kom.
Fær du daa hoyre at far din hev liv og liver heimkome-voner,
endaa eit aar du daa, um tungsamt det fell deg, lyt vente;
men um du sannspurt fær, at han fraa fall og lìver kje lenger,
heim att stemner du daa til fedra jordi den kjære,
reiser her honom haug og held daude-offer likferd,
so som folkeskikk er; og daa gjev du mor di ein husbond.
Men naar du det hev gjort og alt paa rett maate fullført,
daa skal etter du tenkje vel i hug og i hjarta,
korleis paa bélarne best du her i kongsgarden ende
gjort kann faa, um i duld eller dag. For barneferd ikkje
lenger høver deg no; den alderen fraa er du vaksen.
Eller hev du kje høyrt, kva ære Orestes hin gjæve
vann seg hjaa alle folk, ved di at ende han hugdjervt
gjorde paa farsbanen sin, den mordaren løynske Aigistos?
Du daa òg vere djerve, som eg ser du er vaksen og fager,
at du like-eins pris kann faa av komande ætter!
Men til det raskgjengde skipet mitt no eg att-ende lyt gange;
sveinarne mine vel alt, kann eg tru, i utòl meg ventar.
Tenk no paa dette sjølv; men gløym ikkje det eg hev sagt deg.»

Henne Telémakos so gav svar, den vìtuge sveinen:
«Dette for sat du, gjest, hev tala med godhug i hjarta
liksom ein far til ein son , og visst ikkje skal eg det gløyme.
Men du lyt drygje eit grand, kor mykje med ferdi det hastar,
dygje og faa deg eit bad, so at sidan, uppkveikt og friska,
glad i hug du avstad kann til skuta di gaa med ei gaave
ven og verdfull, ein eignamùn, som til minne kann vera
for deg um meg; for so, du veit, fèr gjestvén mot gjestvèn.»

Honom gav sovore svar Atene, den straal-øygde disi:
«Stogga meg ikkje no; for vegen krevjande dreg meg.
Gaava som venlege hjarta ditt deg byd meg aa gjeva,
den vil du lata meg faa til aa føre heim, naar eg att kjem;
og um ho verdfull er, so fær det likt bil for like.»

Soleis talande burte ho vart, den straal-øygde disi,
kvarv som fljugande fugl i sky. Og honom i barm ho
kraft hadde gjeve og mod, so minne um far hans fekk meir magt
med honom endaa enn fyrr. Men han, daa rett han seg samla,
stod der i hugen forstøkt: ein gud laut dette ha vore.
Staks gjekk han inn til bélarne att, som ein guddom aa sjaa til.
Desse tagalle sat og høyrde paa skalden hin gjæve;
um den motgang han kvad, som disi Pallas Atene
lét Akaiarne røyne, daa heim dei fór ifraa Toria.

Men fraa loftet sitt av den umtenkte Penelopeia,
dotteri aat Ikarios, vel kunde skaldsongen høyre.
Ned daa den høgreiste troppi ho steig som til mannshalli førde;

ikkje aaleine ho gjekk; tvo ternur med seg ho hadde.

Og daa til bélarne inn ho kom, den gjæve av kvinnur,
stelte ved sula ho seg, som bar den veldige takaas;
kinni sine ho vel med den vene hovudduk løynde;
velvyrk ei terne upp seg stelte paa kvar henner side;
og til den herlege skalden so med taarer ho tala:

«Femios, anna du kann, og mangt, til kveikjing for hugen,
kvæde um manna og gude verk, som skaldarne priser;
eitkvart av deim du no for mennerne syngje, med' her dei
tagalle sìt og drikk vin. Den siste sorgsame songen
slutte du med; naar den eg høyrer, meg hjarta i barmen
pinest; for vonlaus sorg meg fram-um andre hev raama;
slik ein mann eg saart maa sakne og minnest han alltid,
han som namngjeten var gjenom heile Hellas og Argos.»

Henne gav soleis svar Telémakos, vìtuge sveinen:
«Mor mi, kva hev du imot, at skalden aalkjære kved oss
det til gaman som hugen hans byd? For skaldarne ikkje
skuld er i sovore; Zevs Kroníon er upphavet; alle
menneskje, kvar i ser, alt gjev han etter sin vilje.
Meinke daa ikkje me skalden kann, at han kved um danáisk
vanlagnad; for det er alltid so, og so vert det vernard':
nyaste kvædet gjævast er for den lydande krinsen.
Sterk daa, mor mi, i hug du gjera deg maa til aa høyre;
ikkje Odyssevs aaleine det var som misste ved Troia
heimkomedagen; det sameleis gjekk med andre og mange.»

Heilt i forundring daa attende til romet sitt gjekk ho;
vel dei vìtuge ord av son sin tenkte ho etter.
Steig so att loftsalen upp i lag med dei fylgjande ternur;
der ho saart yver mannen sin grét, til dess at Atene
yver dei trøytte lòki lint la' den kvilande svevnen.

Men i den svale hall dei høgmælte bélarne braaka;
alle ynskte dei seg med henne paa lega aa kvile.
Daa til ords Telémakos tok og so tala til deim:

«De som djervt overmodige gjeng og bélar til mor mi,
no held me maaltid her og hyggjer oss; lat oss daa ikkje
staake og braake; for vent det er paa skalden aa høyre,
naar det ein slik ein er som denne, med røyst som ein guddom,
Men i morgo tidleg til things paa bytorget gjeng me
alle, at greidt og fritt eg kann mi meining dykk segja:
at de fraa huset mitt gjeng. De fær annanstad samlast til eting.
Tær paa det sjølve de eig; paa umgang de gjestebòd halde!
Men um de betre det finn, og det er dykk meir etter ynskje,
so utan skadebot burt for ein einskild hans eigner aa øyde,
daa driv de paa. Men eg til dei ævuge gudar vil rope,
um det laga seg kann, at Zevs dykk løner som rett er,
so at ubøtte alle de fær i huset vaart bløde.»

So fall ordi. Men daa i lippom beit dei seg alle;
og paa Telémakos undra dei seg, so djervt som han tala.
Soleis gav honom svar Antínoos, son av Evpeites:

«Naa daa, Telémakos, gudarne vel det er som hev lært deg
føre det store ord og djervmælt tala i laget?
Berre no ikkje Zevs deg gjer til konge paa øyi;
for det skulde daa vel vera fedra ætte-arv for deg?»

Honom gav soleis svar Telémakos, vìtuge sveinen:
«Tru du vil mislike det, Antìnoos, som eg vil segja?
Gjerne tok eg imot, um Zevs meg den æra unnte.
Eller held du vel det for verst av det vonde paa jordi?
Det er daa slettikkje verst aa konge vera; for rikdom
vert det i huest hans snart, og sjølv fær meir han av vyrdnad.
Av akáiske drottnar her paa Itaka-øyi
elles andre der er og mange, unge og gamle;
ein av deim styre Itaka no, daa Odyssevs er burte!
Men yver huset mitt eg vil herre vera, og dertil
yver trælann' han vann i viking, den gjæve Odyssevs.»

Att honom svara so Evrýmakos, Polybos-sonen:
«Enno, Telémakos, veit dei megtige gudar aaleine
kven som Akaiarne skal paa det kringflødde Itaka styre.
Men yver huset ditt sjølv og eigni di vere du herre!
Aldri det kome ein mann, som med valdshand røver ifraa deg
noko av det som du eig, so lenge Itaka bygt er!
Men um gjesten din vilde eg gjerne, gode! deg spyrja.
Kor er mannen ifraa? I kva for land hev han bustad?
Hev han kannhende ført bòd, at far din er ventande heim att;
eller er det paa ærends ferd for seg sjølv han er ute?
Svært so braadt som han undan seg kom; det var som han ikkje
vilde bli kjend? Av andlit elles han ikkje saag ring ut.»
Honom til svar Telémakos gav, den vìtuge sveinen:
«Aa, Evrýmakos, von eg hev kje um heimferd for far min.
Ikkje lenger paa bòd eg trur, kvarhelst dei so kjem fraa:
legg ikkje heller lag paa spaakunst, um mor mi ein rune-
meister stundom til huset fær og ut honom fretter.
Mannen, du spør meg um, er fraa Tafos, ein gjest-vén av far min,
son til den djerve Ankíalos; sjølv heiter gjævingen Mentes,
og yver Tafos-sjøfolket han med hovdingmagt raader.»

So han tala, men visste, at honom ei dis hadde gjesta.
Bélarne til att tok med ringdans og ljuvlege visur;
glade gama dei seg og heldt paa, til dagen tok ende.
Daa so sistpaa kveldmyrkret kom for den lystige flokken,
alle tok vegen kvar til seg og søkte aat lega.

Men Telémakos sjølv til koven sin gjekk, som i høge,
herlege heimhuest var honom bygd med storfager utsyn.
Der no søkte han ro; og paa mangt og mykje han tenkte.
Kyndelen fyre 'om bar Evrykleia, den vislege terna,
dotter av Ops, som var son av Peisenor; henne Laertes
heim hadde kaupt den tid, daa ho var i sin fagraste ungdom.
Tjuge kuverd av eigni si daa hadd' han for henne gjeve;
og han i huset høgt som kona si sjølv henne sette;
men han seg fraa henne heldt; han vilde kje kona si krenkje.
Ho for Telémakos kyndelen bar; av ternurne alle
mest heldt av honom ho; hadde stelt honom daa han var liten.
Døri sjølv lét han upp til det stødugt upptimbra romet;
sette paa lega seg ned og kyrtelen mjuke drog av seg,
flidde 'n i henderne so paa den vislegt umtenkte gamle.
Og daa ho kyrtelen vel hadde jamna og sletta, ho hengde
upp 'n vârt paa ein knagg ved den fagert skurdprydde lega;
gjekk so or koven ut, og døri med sylvringen fasthendt
etter seg att ho lèt og slaai drog fyre med reimi.
Tett i kvitilen sveipt han laag daa sidan og tenkte
natti lang paa den fred, honom tilraadt hadde Atene.