Framlegg til høgnorsk stavnad (ortografi)
Grunnlaget for ein høgnorsk stavnad lyt vera Norsk målsoga (G. Indrebø) (https://www.nb.no/items/229c27cd85274123b33963bffaae8e8f?page=5).
Forklaring:
- Serlege dryftingsemne er merkte med tjukk skrift
- Ikkje fullførde upplistingar av ord/uferduge gjeremål er merkte [fyll ut]
Formverk
Namnord
Hankyn
Fleirtal på -er (-jer)
1. Desse hev fleirtal på -er:
- Ord på -nad (sg. skilnad : pl. skilnader t.d.)
- Lån-/framandord på -a (sg. sofa : pl. sofaer t.d.)
- Einstaka ord som grad [fyll ut]
- Ord som:
- brest, byl (vindkast), gjest, gris, kvist, led, (med)lem, lest (rommål), lit, lut, mun, (mat)rett, saud, sed (†sid), stad, styl (stylk, sjå der), ven.
- Mrk. 1: Sameleis vev
- Mrk. 2: Sameleis ibuarnamn som (sel)bygg, døl, egd (frå Agder), fyrd (frå Fjordane), ryg (rogalending), sygn (sogning), tele (teledøl), (vag)vær (frå Vågå)
- Mrk. 3: døl (ikkje sj.), gris hev stundom fleirtal på -ar, men ikkje tilrådeleg her.
- Mrk. 4: Valfridom for hyl (pl. hyler ~ hyljar), eller berre -er?
- brest, byl (vindkast), gjest, gris, kvist, led, (med)lem, lest (rommål), lit, lut, mun, (mat)rett, saud, sed (†sid), stad, styl (stylk, sjå der), ven.
2. Fleirtal på -jer
Ord | Tyding | Merknad |
---|---|---|
bekk | Tvo ulike ord, både pl. -jer. Eine truleg skyldt benk, jf. gn. II bekkr. | |
belg | ||
benk | ||
bygg | = byggje m. Einast i sms. (sel- t.d.) | |
dregg | 'lite anker' | |
dreng | ||
drykk | Aasen: uppf. av fl. -jer berre i tyd. 2. Noko bakvend uppf. | |
flekk | ||
hegg | ||
klegg | ||
legg | ||
nekk | 'reinkalv' | |
nykk | 'vassvette' | Pl. sj. bruka. Gn. nykr, pl. nykrar |
rygg | ||
rykk | ||
sekk | ||
serk | ||
skjeng | 'breid stripa' | |
skjenk | (drykk(jevaror)) Aasen: "Fleertal hedder egentl. Skjenkjer, men kommer sjelden til Brug" | |
sleng | ||
stegg | ||
streng | ||
stylk | /ỳ/ jf. styl | |
styng | 'i saum; verk' | |
svelg | Aasen: "Fleertal vaklende, egentlig Svelgjer." | |
vegg | ||
veik | ||
verk | '(hug)-' | Ikkje i alle smh. er fleirtal brukande. |
veng | = vengja f. Aasen: "Tildeels med Fl. Vengjer". Gn. vængr, jf. skrivemåten av seng. | |
øyk |
- Mrk. 1: Desse hev j-innskot i sms. (drykkjevaror t.d.)
- Mrk. 2: Aasen (1873): Fleirtal av lekk (gn. (h)lekkr) unemnt; løk (gn. lœkr) "Nogle St. med Fl. Løkjer"; gong "m. (og f.)" og ymsande fleirtal. GM. hev brag m. 'lag; den beste alderen', pl. -er.
- Mrk. 3: Attåt kjem ibuarnamn som ryg(j)er (finst det i sg.?), jf. sygner, trønder.
Einstaka ord
- Som sg. sko (b. skoren) : pl. skor (b. skorne) gjeng ljå.
- Som sg. ting (b. tingen) : pl. ting (b. tingi) gjeng feil.
Folkenamn på -an(ar) og -ar
1. På -an(ar) (afghan(ar)):
- [fyll ut]
- Mrk.: Undantak for hellen(ar).
2. På -ar (anglar t.d.):
- [fyll ut]
- Mrk.: Undantak for sg. bulgar, ungar.
Hokyn
1. B. sg. endar på -i (saki t.d.), jf. b. pl. inkjekyn. Valfridom millom -a og -i?
2. Linne hokyn:
- Ub. sg. endar på -a (ei vika t.d.). Valfridom millom -e og -a?
- Pl. endar på -or (vikor t.d.). Valfridom millom -er og -or?
3. Ord på -ing (sanning t.d.) hev fleirtal på -ar.
4. Fleirtal på -ar
Ord | Merknad |
---|---|
brik | |
elv | |
erm | |
flis | |
geil | |
gimber | /ì/ |
greip | |
grind | |
gyger | /ỳ/ |
heid | |
helg | |
herd | |
hind | /ì/ Aasen (1873): "Fl. tildeels Hindar", GM. "pl. òg hindar" |
hit | |
kleiv | |
kvern | |
lever | Aasen Livr, Liver |
merr | |
mjødm | |
myr | |
møy | |
næver | pl. nævrar GM. never |
onder | /ò/ pl. ondrar |
reim | |
rim | /ì/ |
rip | = ripa f. |
røy | Aasen (1873) "Fl. Røyar?" |
røys | |
sild | |
sen | /é/ Aasen Sin |
spik | |
svill | /ì/ |
sæter | pl. sætrar |
vik | |
vinster | /ì/ pl. vinstrar |
øks | |
øy | |
øyr | |
år | (blod-) Aasen Aader (Aadr) |
år | (båt-) Aasen Aar |
- Mrk. 1: GM. hev attåt pl. -er til flis, greip, geil, år (båt-), år (blod-), svill. Aasen berre -ar.
- Mrk. 2: GM. og Aasen hev meis m. el. f. 'vidjekorg', GM. pl. -ar. Lyt vera m.
- Mrk. 3: GM. hev "ørn f. (m.) (pl. ørnar)", Aasen hev "Ørn, m. (f.) [...] Kjønnet er vaklende, paa enkelte Steder Neutrum, med mere almindelig Femin. (ei Ørn). Saaledes også Ørna, f."
- Mrk. 4: GM hev "byrd (`y) f. (pl. byrder og byrdar)", Aasen fører upp ei form byrd f. og ei form byrd m. Er det tala um ulike ord?
5. Fleirtal på -jar
Ord | Merknad |
---|---|
egg | |
eng | |
fit | /ì/ |
hes | = hesja f. |
il | /ì/ |
klyv | /ỳ/ GM. = kløv |
skjel | |
vid | /ì/ = vidja f. |
- Mrk. 1: GM. hev attåt pl. -er til egg, eng, kløv (d.e. klyv) og skjel. Aasen berre -jar.
- Mrk. 2: I sms. brukaren ein hesje- til hes (hesjestaur t.d.). Jf. hesja f., vidja f. Gjeld truleg andre òg.
- Mrk. 3: GM. hev pl. -jar ~ -er til fles f. og -jar til dys f. Dys og pl. av fles vantar hjå Aasen.
6. Lån-/framandord på -a vert bøygde soleis:
- ei diva : den divai (flest alle gjeng soleis)
- ei mamma : den mamma (pl. mammor)
- ei avis : den avisa (pl. avisor)
- Mrk.: Som avis gjeng morell, [fyll ut]
Inkjekyn
1. Ålment
1. Pl. bund. endar på -i (husi t.d.). Valfridom millom -a og -i?
2. Sg. barn : pl. born er eit sertilfelle (u-ljodbrigde i fleirtal). Sg. land : pl. lond, sg. vatn : pl. votn osb. er ikkje brukande.
- Mogeleg uppføring i ordlista kann likevel vera:
- born n. pl. born
- vatn n.
- †votn pl. av vatn
2. Linne inkjekyn
Sg. (u)bund. | Pl. (u)bund. |
---|---|
auga | augo |
eista | eisto |
hjarta | hjarto |
noda | nodo |
nyra | nyro |
okla | oklo |
øyra | øyro |
nysta | nysto |
- Mrk. 1: Aasen vantar uppføring av pl. av sg. eista og noda.
- Mrk. 2: Gamalnorsk *nysta : *nysto vantar.
- Mrk. 3: Bøygjingi sg. bund. -a (ikkje -at) fylgjer Indrebø.
- Mrk. 4: Hyrna er inkjekyn hjå Indrebø, hokyn hjå Aasen og i gamalnorsk. Attåt kjem hyrne n.
- Mrk. 5: Linne inkjekyn enda i gamalnorsk på -na i gen. pl. (på -a i gen. sg.). I sms. endar difor serleg auga og øyra på -ne (augnebil, øyrnelag t.d.), sj. nyra.
- Mrk. 6: For seg kjem samansetjingsformi vindaug- (vindaugruta t.d.).
3. Lån-/framandord
Lån-/framandord på -a fær pl. bund. på -ai (tema : temaet : tema : temai t.d.).
Lagord
Gradbøygjing
Lagord vert gradbøygde anten 1. arm : armare : armast eller 2. lang : lengre : lengst. Som lang gjeng:
- låg : lægre : lægst
- små : smærre : smæst
- [fyll ut]
Lagord på -en
- open : opi : ope : opne
- liten : liti : lite : småe
- Mrk. 1: Er det undantak for lånord (frå tysk)?
- Mrk. 2: Skal det opnast for hokyn opa?
Varaord
Personlege
- 3. sg. hankyn obj. er honom
- 3. sg. hokyn obj. er henne
- 3. pl. obj. er deim
Ubundne
hankyn | hokyn | inkjekyn | fleirtal |
---|---|---|---|
annan | onnor | anna | andre |
einkvar ~ einkvan | eikor | eitkvart | |
nokon | nokor | noko | nokre |
ingen | ingi | noko | ingi |
- Mrk.: onnor, eikor, nokor, ingi jamvel i a-mål-.
Talord
- ein, tvo, tri, fire (†fjore), fem (†fim), seks, sju, åtte, ni(e), ti(e), elleve, tolv
- trettan, fjortan, femtan osb.
- tjuge
- hundrad, tusund ~ tusen
- fjorde (~ fjerde), sette (6.)
Gjerningsord
Ålment
- Nemneform er -a
- Refleksivform er -st
- Som hjelpeverb kann stuttformene ha og la av hava og lata brukast
Linne gjerningsord
Linne gjerningsord hev tri klassor, d.e. velja-, døma- (hit høyrer duga osb.) og kasta-klassa.
[Laga eigi yversynlista: fyll ut]
1. klassa (velja)
Endingi i fortid er -de etter b d g m v og l n r, -te etter k p s t.
2. klassa (døma)
1. Endingi -de i fortid er bruka etter b d g m v, -te etter k p s t. Etter l n r kann det ymsa, men oftast -de etter r, -te etter l n.
2. Som forklara : forklarer : forklarde' : (hev) forklart gjeng 1.' klara [fyll ut] og 2. Gjerningsord på -era (studera t.d.).
3. Som meina : meiner : meinte : (hev) meint gjeng låna [fyll ut]
4. Som suga : sug : dugde : (hev) sugt gjeng duga, tora [fyll ut]
- Mrk.: aga : †ager : †agde : (hev) †agt
5. Einstaka bøygjingar:
- segja : segjer : sagde : 'sagt
- hava : hev : havde : havt
- Mrk. 1: Men jamt (fyre)'havde : (hev) -havt
- Mrk. 2: Sup./part. havt er vanlegare enn pret. havde
- Mrk. 3: ha kann brukast i samansette gjerningsord, t.d. skulde ha havt
3. klassa (kasta)
- Bjodeform endar på -a (kasta! : kasta : kastar : kasta : (hev) kasta).
- Som kasta gjeng lima [fyll ut]
Sterke gjerningsord
Ålment
- Nemneform hev jamt langformer ('taka, beda osb.)
- Gå og stå hev eigne uppføringat attåt ganga og standa
- Sterke gjerningsord vantar ending i pres. (†-er < gn. -r)
- Nemneformer skal ha jo og ju og ikkje y, d.e. skjota, bjoda, fljuga osb.
- Einstaka former: gjeva (†giva)
1. Serskilde bjodeformer:
- gakk (ganga)
- statt (standa)
- haldt (halda)
2. Einstaka bøygjingar:
- sjå : sér : såg : (hev) sett
- heita : heiter : heitte : heitt
Ljodverk
Innskoten j
1. Framhald av innskoten j framfyre ing etter g og k (t.d. byggjing til byggja)
2. Innskoten j i desse hokynsordi:
- bryggja, krykkja, sleggja [fyll ut]
3. Innskoten j i:
- Lagord og medord som hyggjeleg, styggjeleg, tekkjeleg [fyll ut]
- Namnord på -eri som trykkjeri [fyll ut]
- Sms. som bekkjefar [fyll ut] (eller vis til lista)
- I sms. der innskoten j i fyrstelekken er eit framhald (t.d. ynskje- til ynskja v.)
- I avl. der innskoten j i fyrstelekken er eit framhald (t.d. hengjar til hengja v.)
Stungen d
1. Refleks av stungen d vert jamt skriven, t.d. smidja f., svord n., stod f. v., tidt adv., urd f.
- Mrk.: Indrebø hev supl. adj. sist for sidst. Det kann verka noko inkonsekvent, endå tilknytingi til sid- ikkje er like beint upp i dagen som til tid- for tidt.
2. Ljodsambandi dg, dk, dl, ds vert som oftast jamna til gg osb., soleis: bløgga (~ blodga), vrikka (< vridka), bryllaup (~ brudlaup), vassa (< vadsa), [fyll ut]
- Merk serleg tilfelle som gnika ~ gnikka < gnidka.
3. Apokopera (eller kva me skal kalla deim) former som ski f. lyt hava sideform skida, ikkje *skid.
Einstaka ord 1
- †ord skal førast upp i ordlista
- ††ord skal ikkje førast upp i ordlista
a ~ †(†)å:
- nam- ~ ††nåm-
- Mrk.: Soleis namsmann, men likevel landnåm.
- ran ~ ††rån
- dråp (ikkje drap)
- Mrk.: Formene med a er frå dansk skriftmålsuttala (/a/ og /å/ vart ofte ikkje skilde i skrift).
ø ~ †au:
- løn f. ~ ††laun
- brød n. ~ †braud
i ~ e:
- frist m. ~ frest
Einstaka ord 2
- †sid sjå sed
- †vin sjå ven
- †korleides sjå korleis (men sjøleides osb.)
- koss (lite bruka) sjå korleis
- †soleies sjå soleis
Skriving av framandord
- Latin ae (~ æ) vert skriven e (d.e. president, ikkje præsident)
- Mrk: Her vik stavnaden frå Indrebø.
- Latin -tion, -sion vert skriven -sjon (d.e. preposisjon, ikkje præposition)