Nidaros (Anders Hovden)

Frå Mållekken
Versjonen frå 10. mars 2022 kl. 09:21 av Eiliv (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nidaros av Anders Hovden (1929)

Lyft ditt gjæve namn idag
yver tiders skoddelag!
Lyft det høgt i minneljos:
gamle, staute N i d a r o s!

Byrg var han som deg hev bygt,
trauste kongar budde trygt;
lenge var du Noregs ros,
gamle, staute N i d a r o s!

Hovding var du paa vaar gard.
Verta kann du det du var.
Kast no av den laante ham –
N i d a r o s lat straala fram!

Name med den gamle glans,
fagrast’ namne hertillands,
glorien um Trøndelag,
lyft deg høgt mot sol og dag!

Olavs dom i Nidaros
sender heile lande ljos,
kallar med sin klokkeljom
alle til sin heilagdom!

Lyft ditt gjæve namn idag
yver tiders skoddelag!
Lyft det høgt i minneljos:
gamle, staute N i d a r o s!

Sjå òg

Songar og dikt