Klomber
Klomber (eller parentes) er eit teiknpar som vert nytta i teiknsetjingi i skriftmålet, fyrst og fremst til å skilja ut attåtvisende. Vanleg er rund klomber: ( … )
Me talar um ei klomber for kvart par; fleire klombrer er då fleire slike par.
Målvitskaplegt bruk av klomber
I målvitskapen vert det nytta ulike slag klombrer (og skåstrik) til å merkja av ulike målslege ovringar:
- Hyrneklomber merkjer av skrivemåten: ⟨varde⟩; ⟨heilt⟩
- Skåstrik merkjer av skilljodi: /²varde/, /²vaːɖe/; /heilt/
- Tvifaldt skråstrik (⫽ el. //) merkjer ei mindre grannsam attgjeving med framburd etter ordform: ⫽²varde⫽, ⫽heilt⫽
- Hakeklomber merkjer av den nøgnare uttala: [²ʋɑrdə], [²ʋɑːɖə]; [hɛⁱlt]
- Tvifald hakeklomber (⟦⟧ el. [[]]) merkjer ei grannsamare attgjeving en einfald hakeklomber: ⟦²ʋɑ̈rˠdɪ̞⟧, ⟦²ʋɑ̈ːɖə⟧; ⟦hɛ̞ⁱl̥t⟧
- Bylgjeklomber merkjer av underliggjande måleiningar: {vaːr-de}; {heil-t}