Sunnmøre (Anders Hovden)
Sunnmøre av Anders Hovden
I storm og strid paa hav og land
me liva lyt her vest,
her maa me herda hug og hand
paa berg, i baat og brotsjøbrand
til augo vaare bresst.
Sjaa denne grend – eit syn aa sjaa
med sumar yver bø,
naar hav og fjordar bylgjar paa,
og høgfjell skin i kaapa blaa
med sol paa evig snø!
Og gutar vaks i denne grend,
dei fremste soga saag,
han Gange-Rolv er vide kjend,
og bjart i soga Giske stend,
og hugs Hjørungavaag!
Og enno veks det ungdom upp
med same heilhugsdrag
og opnar seg som blom og knupp
og slær forvitne augo upp
mot ljos av alle slag.
Enn sigler vikingflotar av
no som i gamall tid
ut yver alle heimsens hav
og trassar modigt gru og grav,
og bylgjehesten rid.
Vaar eigen heim, vaar elsk paa jord,
me fagnar deg i dag!
Du gamle, slitne, trugne mor,
hjaa deg, hjaa deg vaart hjarta gror
til siste andedrag!