Handbok i HTML
Innleiding
Den lettaste måten å læra seg HTML på, er gjenom døme. Her er eit einfelt døme på HTML-uppmerkjing:
<html> <head> <title>Dette er ei ny sida</title> </head> <body> <h1>Dette er ei stor yverskrift</h1> <p>Dette er ein bolk med både <b>feit</b> og <i>kursiv</i> skrift</p> </body> </html>
<html>, <body>, <i> osb., kallar me med eit samlenamn ein merkjing.
Fyrste merkjing er <html>, som merkjer byrjingi på HTML-dokumentet. Siste merkjing er </html>, som merkjer enden på HTML-dokumentet.
Umrådet millom <head> og </head> synest ikkje i netlesaren, men inneheld annan informasjon.
Millom <title> og </title> stend namnet på sida.
Umrådet millom <body> og </body> synest i netlesaren.
<h1> merkjer at teksti er ei yverskrift. Ein kann òg laga underyverskrifter med <h2>, <h3> osb. Mrk.: Ein nyttar ikkje desse til å brigda storleiken på yverskrifti. For HTML-uppmerkjingi skal merkja skipnaden, og ikkje utsjånaden.
<p> merkjer at teksti er ein bolk, <b> at teksti er feit, og <i> at teksti er kursiv.
Mrk.: Ein må hugsa å setja på ende-merkjing. T.d. vil <b> utan </b> gjera all teksti etter feit.