Ō-stomn

Frå Mållekken
Versjonen frå 21. juli 2007 kl. 08:10 av SAM (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ō-stomnar er namnet på hokynsord med endingi -ar i mangtal, og er skipa i reine ō-stomnar, ijō-stomnar, jō-stomnar og wō-stomnar. I norrønt er reine ō-stomnar kalla ar₁-klassa etter endingi ar i akkusativ (og nominativ) mangtal. ijō-stomnar er kalla ar₂-klassa. wō-stomnar er underskipa ar₁-klassa med v-innskot, medan jō-stomnar fell millom dei tvo klassone med j-innskot.

Nemningi kjem seg av at desse ordi ende på i frumnorrønt.

Døme: dronning – dronningi – dronningar – dronningane; elv (frn. */elvo:/ > */elvu/ > /elv/) – elvi – elvar – elvane.