Logi hans Verner
Verners lov greider ut um undantak frå Rask-Grimms lov og korleis IE *p, *t, *s, *k i frumgermansk skifte millom klangføre og klanglause ljodar etter gamalt aksentskifte. Når fyrste staving hadde sterkast tyngd, vart desse til klanglause ljodar - *f, *þ, *s, *x -, når endingi hadde sterkast tyngd, vart desse til klangføre ljodar - *b, *d, *z, *g.