Naseljod
Eit naseljod er eit medljod som vert laga når munnhola er attlati og lufti slepp ut gjenom nasen. I norsk hev me 3–5 skiljande naseljod: tvilippe-naseljodet [m], tann-naseljodet [n] og tungerot-naseljodet [ŋ], og dessutan gome-naseljodet [ɳ] og tungerygg-naseljodet [ɲ] i sume landslùter.