Uttala
Uttala er den munnlege framburden av skriftmålet.
Høgnorsk uttala
Sjølvljod
I norsk hev med desse sjølvljodi a, e, i, o, u, y, æ, ø, å. Desse er klagføre.
a | [a:] | eng. father |
e | [e:] | tysk sehen |
i | [i:] | eng. see, tysk viel |
o | [o:] | tysk Buch |
u | [ʉ:] | eng. boot (men lengre fram?) |
y | [y:] | som ein runda i |
æ | [æ:] | eng. man |
ø | [ø:] | tysk Löwe |
å | [ɔ:] | eng. law |
Open og trong sjølvljod
e, i, o, u og y (og stundom ø) kann lyda på tvo måtar, trongt og ope. I lange stavingar finn me oftast den tronge ljoden, i stutte oftast den opne. Når ljoden er open, nærmar e seg til æ, i til e, o til å, u til o, y til ø. Sumtid merkjer ein desse når ein skal skilja ord som elles er like i skrift: lutande kile ( ́) yver trong, attkeik kile (`) yver open. Døme: blót (offer), blòt (leggja i ~).
Schwa
I utyngd staving vert e uttala schwa [ә], liksom britisk uttala av engelsk father. Døme: hane [ha:nә].
Tviljod
Der er fem tviljodar: au, ei, øy, jo, ju. Desse hev oftast uttala /øu/, /æi/, /øi/, /jo/, /ju/. Døme: lauk, leik, røyk, brjota, ljuga.
Medljod
Skrivegjerd | Hovudnorm | Onnor normgild uttala frå ymse landslùter |
b | [b] | |
c | Berre i lånord | |
d- framljod | [d] | |
-d- inn-/utljod |
|
Sunnmøre/Nordfjord: [ð] eller [d] |
dd | [d] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [dʲ] |
dj | [ʝ] eller [ɟʝ] | Mange stader: [j] |
dk | [k] ([kʰ] i utljod) | Sum aust- og nordnorsk: [ɾk] ([ɾkʰ] i utljod) |
f | [f] | |
g- framljod |
|
|
-g- innljod |
|
|
-g utljod | [g] | Sume stader etter e, i, y, æ, ø og l, r: [ɣ] eller [j] |
gj | [ʝ] |
|
-gn inn- og utljod | [ŋn] eller [gn] | |
h | [h] | |
hj | [j] | I sume ord mange stader: [ç] (t.d. hjå) |
j | [j] | |
k- framljod |
|
Vestnorsk: [cç] fyre ei, i, y, øy |
-k- innljod |
|
Vestnorsk: [cç] fyre mange endingar på -e-, -i- |
-k utljod | [kʰ] | |
kj | [ç] | Vestnorsk: [cç] |
l | [l] | Austnorsk:
|
ld | [ld] eller [l] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ] |
lg | Sjå -g i utljod | |
lj | [lj] eller [j] | |
ll | [l] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ] |
m |
|
|
mb | [mb] eller [m] | |
n |
|
|
nd | [nd]] eller [n] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ] |
ng | [ŋg] eller [ŋ] | |
nn | [n] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ] |
p fram- og utljod | [pʰ] | |
-p- innljod | [p] | |
q | Berre i lånord | |
r | [r] | |
rd | [r] | Austnorsk: [ɽ] |
rg | Sjå -g i utljod | |
rl | [rl]] | Austnorsk: [ɭ] |
rn | [rn] eller [n] |
|
rs |
|
|
rt | [rt]] ([rtʰ] i utljod) | Austnorsk: [ʈ] ([ʈʰ] i utljod) |
s | [s] | |
sj | [ʃ] eller [sj] | |
sk |
|
|
skj | [ʃ] | |
sl | [sl] eller [ʃɭ] | Trøndsk og andre stader: [ɬ] |
stj | [ʃ] | |
t fram- og utljod | [tʰ] | |
-t- innljod | [t] | |
tj | [ç] eller [cç] | |
tl | [tl] eller [ʃɭ] | Trøndsk og andre stader: [ɬ] |
tt | [t] ([tʰ] i utljod) | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [tʲ] |
v | [ʋ] | |
w, x, z | Berre i lånord |
Tonelag
Til liks med svensk hev norsk tvo tonelag (skilje i tone ved stavingar med hovudtyngd), som skapar minimale par. Døme: liket [¹li:kə], like [²li:kə] (til adj. lik); leiken (subs.) [¹læikən], leiken (adj.) [²læikən]. Mrk.: Grunntonemynsteret for dei tvo skil seg frå målføre til målføre, og gjeld ord ved meir enn ei staving.
Circumfleks
Er tonelag 2 på ord med éi staving. Dette gjeld berre fåe ord. Døme: fôr, vêr, sâl. Ikkje alle ord med circumfleks er vanleg å merkja: mor, far, pl. glør (til glod). Mrk.: Circumfleks femner vidare i sume målføre med apokope (m.a. trøndsk), jf. han er stor mot dei er stôr.