Ljod

Frå Mållekken
Versjonen frå 28. juni 2009 kl. 11:02 av TH (Ordskifte | tilskot) (→‎Ljodskrift)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit ljod er namnet på minste byggjeeiningi i tala. Saman med tyngd og tone lagar ljodi ord.

Ljodskrift

Når me skriv ljod, nyttar me teikn som kann skilja seg frå bokstavane me vanleg knyter til ljodi. Me skriv denne ljodskrifti i hyrneklomber.

Døme: uttala av ordet soli skriv me [¹suːli], eller [¹suːɽi] med vanleg austnorsk uttala, der det vesle eitt-talet uppe, [¹], syner at det er einstavingstone, [u] er ljodskrift for det ljodet me vanleg kallar bokstaven o, [ː] syner at sjølvljodet er langt, og [ɽ] er det serlege austnorske ljodet mange kallar tjukk l.

Andre serteikn: bunad [²bʉːˌnaː] der [²] er tvostavingstone, [ˌ] syner ettertyngd; vissa [²vis.sa] der [.] er stavingsgrensa; vit /vɪˑt/ der /ˑ/ syner at det underliggjande ljodet kann berast fram anten langt [vɪːtʰ] eller stutt [vɪtʰ].

Sjå au