Millomnorsk
Millomnorsk er namnet på det målstìget av norsk som ligg millom gamalnorsk og nynorsk i tid. Dette er i mykje ei yvergangstid der mange umskifte kjem upp i målet og breider seg i ulike lùter av landet. Byrjingi vert gjerne sett til kring 1370 då verknaden av mannefallet i svartedauden tér att i skriftmålet. Enden vert gjerne sett til ut på 1500-talet (1550/1600) då dei siste leivdene av den gamalnorske skriftmålstradisjonen ovrar seg.
Dei viktugaste umskifti i målet i millomnorsk er:
- veikjing av sjølvljod i endingar
- n i endingar gjeng upp i sjølvljodet fyre: nye nasesjølvljod
- umleggjing av stavingslengdene: stutte, lange og ovlange stavingar vert avløyste av jamt lange stavingar
- umleggjing av sjølvljodverket: sjølvljodi klovnar i eit trongt og eit ope; lange bakre sjølvljod vert høgde
- þ > t (eller d), ð fell mykje attåt burt