Talord

Frå Mållekken
Versjonen frå 24. november 2009 kl. 20:47 av TH (Ordskifte | tilskot)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Talord er ei klassa av ord som stend for tal. Dei er skifte i tvo gruppor: grunntal som me tel med, og rekkjetal som fortel um rekkjefylgdi.

Grunntal

Grunntali segjer eitkvart um kor mange det er av ei mengd.

0 null (inkje, ingi)        
1 éin – éi – eitt 11 elleve 10 tio, tie, ti
2 tvo (tvei – tvæ – tvau) 12 tolv 20 tjugo, tjuge
3 tri (– trjå – try) 13 trettan 30 tretti
4 fjore, fire 14 fjortan 40 fyrti
5 fem 15 femtan 50 femti
6 seks 16 sekstan 60 seksti
7 sjau, sju 17 sjauttan, sjautjan, syttan 70 sjautti, sytti
8 åtta, åtte 18 attan, atjan 80 åtti
9 nio, nie, ni 19 nittan, nitjan 90 nitti

Tali millom 21 og 99, minder dei heile tietali, vert vanleg ihopsette soleis:

21 éin og tjuge eller éin-og-tjuge
25 fem og tjuge
32 tvo og tretti
99 nie og nitti

Ein kann au setja deim i hop andre vegen: tjuge og éin osb.

For 100 vert namnordet (eit) hundrad nytta:

100 (eitt) hundrad
200 tvo hundrad
… …
900 nie hundrad

For 1000 nyttar me sameleis namnordet (eit, ei) tusund.

1.000 (eitt) tusund
2.000 tvo tusund
… …
10.000 tie tusund
… …
20.000 tjuge tusund
21.000 éin-og-tjuge tusund
100.000 (eitt) hundrad tusund
999.000 nie hundrad og nie-og-nitti tusund


Rekkjetal