Klomber

Frå Mållekken
Versjonen frå 26. mai 2010 kl. 21:35 av TH (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Klomber (eller parentes) er eit teiknpar som vert nytta i teiknsetjingi i skriftmålet, fyrst og fremst til å skilja ut attåtvisende. Vanleg er rund klomber: ()

Me talar um ei klomber for kvart par; fleire klombrer er då fleire slike par.

Målvitskaplegt bruk av klomber

I målvitskapen vert det nytta ulike slag klombrer (og skåstrik) til å merkja av ulike målslege ovringar:

  • Hyrneklomber merkjer av skrivemåten: <varde>; <heilt>
  • Skåstrik merkjer av skilljodi: /varde/, /vaːɖe/; /heilt/
  • Hakeklomber merkjer av den nøgnare uttala: [ʋardə], [ʋaːɖə]; [hɛⁱlt]
  • Bylgjeklomber merkjer av underliggjande måleiningar: {vaːr-de}; {heil-t}