Diskusjon:Innføring i høgnorsk
Eg er samd i det med henne og honom, men ein torde skriva at henne og honom oftare vert nytta i høgnorsk (til liks med målføri). Ein kann òg nemna at ein i høgnorsk kann nytta a-mål, men det kann me laga ein bolk til sist um. -SAM 17. juli 2007 kl. 01:52 (CEST)
- Ja, slike ting, dryftingar av bruksmåte og avbrigde, høver best sist i ei innføring. TH 17. juli 2007 kl. 12:52 (CEST)
-nn
Kvi hev ein tvo n-ar i kann medan han og den hev ein eismal n? Er ikkje detta eit symmetribrot? Eg sér at i norrøne tekster vert hannkynsordi merkte med tvo n-ar, medan hokynsordi einast hev éin. Ligg svaret her for han? CS 17. desember 2010 kl. 21:04 (CET)
- Det heiter kunna : kann : kunde (norrønt kunni) : (hev) kunne, mao. er nn ein lekk av roti, medan den siste n-en i norrønt hann er kasusending, d.e. hanr > hann (med nr > nn - jf. nom. sg. m. *grœnR > grœnn 'grøn'. Mao. like lite som me lyt skriva grønn og vænn ~ venn lyt me skriva hann SAM 18. desember 2010 kl. 09:40 (CET)
- Kva vert uttala for ord som grøn, då? Syner du åt utviklingi frå frumnordisk med yvergangane nr > nn?
- Dessutan: kvar kjem d-en i kunde frå, um upphavet ikkje er norrønt? CS 19. desember 2010 kl. 00:01 (CET)
- Uttala for grøn bør jamt vera /grø:n/, d.e. med lang vokal, avdi vokalen i norrønt var lang. Uttala /grønn/, d.e. med stutt ø, må vera dansk (kvifor stutt ø i dansk kann ein ikkje svara på, truleg analogisk). grøn fylgjer soleîs t.d. brun /bru:n/ el. /brù:n/ (norr. brúnn), ful /fu:l/ (norr. fúll) osb. Uttala av lek (norr. lekr) derimot, kann anten vera /lè:k/ el. /lèkk/, alt etter målføret, avdi vokalen (og konsonanten etter) var stutt i norrønt. No er det òg soleîs at n-en i han i mitt målføre er palatal, noko me ikkje skulde venta etter skrivemåten -n, berre etter -nn. Stavnaden hann torde vera like greid som han, men no er det heller ikkje mange (um nokre andre enn varaord?) einstava ord som ender på -nn < -nR og der rotvokalen er stutt, so det er vanskeleg å jamføra. Retting: van (norr. vanr) må vita!
- Yvergangen nr (eller rettare nR) > nn kjem fyrst i vikingtidi. Mange runeskrifter viser -nR.
- d-en i kunde er analogisk etter sende, dømde osb. SAM 19. desember 2010 kl. 01:26 (CET)