Norske lånord i norskdansk

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Alt medan danskt mål vart nytta i Noreg, treiv norske skrivarar til sernorske ord innimillom, anten av di dei ikkje visste beter, eller av di dei totte det laut til skulde dei skildra saki noggrant. Etter at Noreg vart lausrive frå Danmark tok sume til å kalla dansken i landet «norsk» og nytta sernorske ord meir medvite, t.d. Henrik Wergeland. Med tidi førde dette til eit norskdanskt mål i Noreg.

Lista yver norske lånord i norskdansk

B

  • bunad – vanleg med uhøyrleg -d i norsk.

E

  • einstøing d.e. no. einstøding, ein som er einstød, jf, no.-da. en.

J

  • jamføre d.e. no. jamføra, jf. no.-da- jevn

S

  • saumfare d.e. no. saumfara, jf. no.-da. søm.
  • stode (stundom ståe) d.e. no. stoda, helst i munnleg norskdansk.
  • stønad
  • søknad til avløysing av ansøkning. Vanleg med uhøyrleg -d i norsk.

T

  • trygd